Å ha paranoide tankar

«Det er dei tankane som eg ikkje deler, iallefall aldri utan ein påtatt sjølvironi»

«Det finst ei håndfull tankar som går på repeat i hjerna.»

TANKAR: - Dei tankane som eg ikkje trur at andre deler eller eingong forstår, dei deler eg ikkje med vennene mine.
TANKAR: - Dei tankane som eg ikkje trur at andre deler eller eingong forstår, dei deler eg ikkje med vennene mine. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

I min omgangskrets legg me lite imellom det kvardagslege og det djupe. Ved middagsbordet er det plass til alt; eksistensielle kriser, sjuke foreldre, kjærestekrangling, framtidsangst og kan du senda potetene? Det er ingenting som heiter too much information, og eg er heilt overbevist om at ein av dei viktigaste funksjonane ein har for kvarandre i vennskap er å sei sånn har eg det óg av og til, og på magisk vis få kvarandre til å føla seg mindre åleine.

Mange bekymringar blir mindre om ein deler dei, og i midten av tjueåra er det mykje som går igjen hos dei fleste eg kjenner. Kvar er eg om fem år, kvifor har eg alltid vondt i hovudet, kvifor ringer han ikkje, søv eg for mykje, drikk eg for mykje alkohol?

Einsamme tankar

Derimot finst det ei håndfull tankar som eg aldri luftar, men som går på repeat i hjerna. Som i nokre periodar ligg gravlagt under jobb og klesvask og gin&tonic, men som kjem fram når eg minst ventar det, som ein irriterande slektning ein ikkje vil ha på besøk men på merkeleg vis ikkje klarar å sei nei til, som føles kjent nok til å få bli verande ei lita stund. Det er dei tankane som eg ikkje deler, iallefall aldri utan ein påtatt sjølvironi som svir etterpå fordi det på ingen måte er morsomt for meg.

Dei tankane som eg ikkje trur at andre deler eller eingong forstår. Tankar som ville få mine intelligente og omtenksomme venner til å på forsiktig vis dansa rundt grauten, om grauten var umiddelbar terapi, ein graut mange av oss allereie kjenner. Men nokre mørke er for metta å gå inn i med publikum.

Eit minne

I dynamikken mellom ein familie i kø på ein kafé kan eg finna ein av desse tankane, eller faktisk eit minne, som på uforklarlig vis sit fast i hjerna. For kvar gong eg hugsar det blir det heldigvis mindre og mindre klart for meg, både kva som skjedde og korleis det føltes.

Eg står på ein busstopp i London, i 2012, med heile familien min som er på besøk. Me skal ta bussen mot Covent Garden, eg har ei gigantisk svart sløyfe i håret. Søstra mi lener seg mot ansiktet mitt og peiker på augekroken min, du har noko der, noko kvitt. Eg seier at det er eyeliner, det skal vera sånn, og ho må snu seg vekk når ho ler mot pappa, dei deler eit blikk, ei bølge av kvalme kjem over meg.

Når eg spør meg sjølv kvifor det gjorde så innmari vondt gir eg meg sjølv raskt lov til å tenka på noko anna.

Party trick

Også er det kraniet mitt. Det har blitt som eit party trick for meg, etter promilla har lagt seg over meg som ei mjuk dyne tek eg det fram. Eg har ikkje tal på kor mange personar eg har skremt ved å tvinga dei til å dra hånda langs med baksida av hovudet mitt. Der hovudet møter halsen finst det noko som kun kan skildrast som ein bulk. Som ein skibakke av bein.

Dei dreg hånda forskrekka til seg og ler, og eg ler, også sit det fast som ein influensa i vekene etterpå, tanken om at noko er feil med kraniet mitt. At når eg minst ventar det skal det implodera. Og før eg står opp om morgonen kan eg ligga eit kvarter og kjenna på kvar minste lille bulk og motstå fristelsen det er å spørja mannen min om han óg kan kjenna. 

Så går kranietankane i dvale, og blir erstatta av tankane om at kvar mann som går bak meg har ein kniv og skal drepa meg, og så er livet enklare igjen, ei lita stund.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 26/12 2015, og sist oppdatert 29/04 2017.

Les også