ANGST FOR Å REISE

«Eg lukkar døra etter meg med vissheit om at det heilt sikkert er den siste gongen eg ser han»

Mariell får dødsangst av å reise.

ANGST: Før Mariell skal ut og reise, vil ho grave seg ned under dyna.
ANGST: Før Mariell skal ut og reise, vil ho grave seg ned under dyna. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

For nokre veker sidan skulle eg reisa åleine frå London til Norge for å fotografera eit bryllup. Ein jobb som eg elskar og alltid lengtar imot. Det kriblar til i håndledda av tanken på mitt neste oppdrag, og eg kan sakna vekta av kameraet i hendene.

Når eg takkar ja til ein jobb eg veit eg må reisa på åleine, så klarar eg å ignorera, undertrykka, midlertidig gløyma, korleis det føles når eg lukkar døra etter meg og etterlet han der, med vissheit om at det helt sikkert er den siste gongen eg ser han. 

Angsten lurer sjølv dei mest rasjonelle av oss, triksar det til på uforståelege vis. Det er ikkje før det siste året at eg har skjønt at min ekstreme angst for å reise ikkje handlar om å vera åleine, det handlar om gong på gong å ta farvel med den eg elskar for siste gongen.

Dødsangst

Som ein ubedt husgjest flyttar dødsangsten med jamne mellomrom inn og tek over både kroppen min, forholdet mitt og leiligheten, og anten eg kjempar imot eller lar det skje, så gjer den at eg føler meg gal. 

Enda verre, fordi eg forstår dødsangsten og møter den på eit logisk plan, føler eg meg så jævla dum. Dei siste ti åra har eg på sett og vis lært meg å leva med denne konstante trusselen hengande over meg, og det gjer meg litt trist å seie at mannen eg har gifta meg med kjenner den nesten like godt som meg.

Det er trygt og godt å vita at løftet om å halda ihop «i gode og onde dagar» vart nedlagt lenge før ringen var på fingeren. Og på dårlege dagar der eg føler at verda smuldrar opp under føttene på meg, kjenner eg meg óg så innmari heldig som har nokon å halda meg fast i og som veit kva eg treng. Det gjer det mørke enklare å håndtera og lettare å trå ut av. 

Akkurat no skulle eg derimot ønska at angsten óg opererte med kveitebrødsdagar og kunne ta seg ein bolle. Nokre veker inn i ekteskapet er det nemlig ganske kjipt å føla seg som eit ikkje-fungerande produkt med utgått garanti. 

Dagen før avreise

Dagen før avreisa starta det som eg veit at kan skje, men aldri er klar for:

Den plutselege falske innsikta om at eg snart skal dø. Og plutseleg blir alt så merkeleg viktig. Kva har eg på meg, korleis ser leiligheten ut, kva skal me eta til middag? Det er noko makabert, men merkeleg motiverande i det, som fekk meg til å pynta meg. Krølla håret, ta på den finaste kjolen og ekstra eyeliner. 

Eg bygde ei grotte av doble dobbeltdyner, tilrettela rommet for det som var på veg, det stabile sideleiet og krampegråten. Og for kvar gong eg såg på klokka, såg dagen renna ut, bølga angsten i brystkassa, eyelineren borra seg ned gjennom ansiktet og inn i det kvite lakenet. At det er eit helvete å vaska ut att blir jo nokon andre sitt problem.

Ingen silkehanskar

Heldigvis har eg denne mannen, da. Som behandlar angsten ikkje med silkehanskar, men meir som ein sur unge; eg kan høyra på deg, anerkjenna at ting frå din ståstad ser ut på ein viss måte og snakka til deg med mjuk stemme, men du får ikkje lov til å få viljen din. Du bestemmer ikkje her. 

Istadenfor å la meg skifta om til pysj og sova vekk resten av dagen, som med bankande hovud og knallraude kinn er det einaste eg ønsker meg då, legg han fram ein plan som inneheld alt det beste eg veit. Først skal me eta gelato, han ramsar opp kva smakar dei har, også skal me gå i bokhandel. Etter det skal me gå til Whole Foods, kjøpa alt me har lyst på og akkurat rekka tuben heim før rushtid. Han skisserer ein fin siste dag i livet. 

Litt etter litt får han meg lenger og lenger ut på sengekanten, føttene tilbake på jorda. Både han og eg veit at me har minst ein halvtime med grining og hyperventilering igjen før eg eingong kan tenka på å våga meg ut. Møta verda. Med opphovna auge og mørbanka hjarte.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 28/11 2015, og sist oppdatert 28/04 2017.

Les også