Planlegge fremtiden

- Å fantasera om den fine pensjonisten eg skal bli, lar meg vita kvar vegen må gå

Mariell (25) fantaserar om kva slags liv ho har om 50 år.

MARIELL ØYRE: Planlegg alderdomen no.
MARIELL ØYRE: Planlegg alderdomen no. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

- Eg trur ikkje eg kjenner ein einaste person på min alder som har eit klart svar på kva dei skal gjera med livet sitt.

Ingen veit kvar dei skal bu, kva dei skal tena til livet av eller korleis det er meininga ein skal finna ut av det. Ikkje eg heller, igrunn.

Det er ingen situasjon som får meg til å krympa meg så mykje som når nokon spør kva eg jobbar med.

Ut ifrå konteksten svarar eg i varierande grad vagt at eg er fotograf, bloggar, forfattar, at eg jobbar litt med webdesign og dessutan óg skriv oppskrifter for ei nettside om økologisk mat.

Det er litt av ein munnfull, så det er kanskje ikkje så rart at eg gruar meg til akkurat desse situasjonane, sannsynligvis har folk slutta å høyra etter etter tre stavingar.

Livet er enklare for dei som er kortare: ø-ko-nom, læ-rar, le-ge, red-ak-tør, eller kanskje er det ikkje det i det heile. Men i mitt lange svar så har eg nok lengta litt mot ein enklare tittel. Ei venninne som har ein jobb som veldig lignar min/mine har eit genialt businesskort der det berre står "Creative Content Producer".

Tanken er at om tittelen ikkje finst, så får ein vel finna den på.

Kven eg vil vera?

Eg har enorm lidenskap for livet mitt og elskar at eg jobbar med så mykje forskjellig (sjølv om det tek lang tid å seia).

MARIELLS BESTMOR: - Ho er mitt bestemorforbilde som alltid lagar kaffe, pyntar seg og steller til i kjøkenet.
MARIELLS BESTMOR: - Ho er mitt bestemorforbilde som alltid lagar kaffe, pyntar seg og steller til i kjøkenet. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Så problemet er nok ikkje at eg ikkje vil snakka om kva eg jobbar med, men at det opnar for ei gransking av meg sjølv.

Og no, i midten av dei berømte tjueåra, er det naturlig for meg å sjå meir innover. Omvurdera, restrukturera, gi meg sjølv lov til å tenka nytt og vera ærlig  om kva eg vil og korleis eg skal komma meg dit.

Og når eg spør meg sjølv kven eg vil vera istadenfor kva eg vil vera stiller det seg noko annleis.

Korleis er livet mitt som 75? Korleis har eg det da, korleis ser eg ut? Korleis fyller eg dagane?

Alt eg har lært

Heldigvis har eg ein livlig fantasi:

Som 75-åring har eg nokonlunde den same garderoben; prikkete skjørt og blomstrete kjolar, silkebånd i håret og gull på augeloka.

Eg har bokhyller fulle av bøker eg og folk rundt meg har skrive, og eg har framleis ingen tv som tek opp veggplass, for den treng eg til å henga opp bilder av ungar og barnebarn og dyr.

Som på ein italiensk restaurant heng det óg ein full vegg med bilder av dei fantastiske menneska eg har fotografert. Eg får ingen nyhetsbrev eg ikkje vil ha, Frøy og eg har framleis bokklubb, og eg har lært meg å sy meg eit skjørt med usynlig glidelås.

Helst vil eg kunna stappa femhundrelappar i hendene på barnebarna mine, som mine bestemødre alltid har gjort, og ta dei med på impulsive helgeturar utan å tenka så mykje på kroner og øre.

Eg har lært meg å trekka om møblar, eg skriv brev på fransk og har historiar om alle reisene eg har vore på og folk som eg har møtt.

Fotoalbuma ligg alltid på bordet, ikkje kun for å mimra om svunne tider men óg for at eg alltid har nye bilder å putta i dei, nye ting å sjå fram imot å mimra til.

Ein robot, podcast og Josteins frukost

 På soverommet har eg ei sånn seng som ein kan heva ryggen på så eg kan jobba frå senga så mykje eg vil. Frå senga har eg ein fjernkontroll til ein robot som hentar vatn og justerer temperaturen i rommet, eg tenkjer det er fint om Jostein får fri frå denne oppgåva frå cirka år 2045.

Sara og eg spelar framleis inn podcast annakvar veke og er to veldig teknologiske bestemødre som ikkje treng hjelp for å få på Skype.

SETT DET FØR? Typisk bestemor-interiør.
SETT DET FØR? Typisk bestemor-interiør. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Jostein og eg har walkie-talkie (eller iallfall år 2065-versjonen av ein walkie-talkie) på oss så me kan prata med kvarandre frå kontor til kontor og spørja om råd og planlegga kva me skal ha til middag.

Han lagar frukost til meg kvar dag (for det gjer han no óg), men har då ingen sokkar med hol i.

Gir meg klarheit

Å fantasera om den der fine kroka pensjonisten eg skal bli lar meg vita kvar vegen må gå, kva som må til for at eg skal komma meg dit og vera stolt og fornøgd med valga eg tok då eg var  25.

Det gir meg ro fordi det gir meg klarheit i nokre veldig viktige punkt for dei nærmaste åra.

Nokre ting er bittesmå, som at eg må avtala den neste boka eg og Frøy skal lesa så ikkje bokklubben berre renn ut i sanden, eg må kjøpa nye sokkar til Jostein og eg må få bestilt fotobøker.

Nokre ting er mykje større, som at eg må reisa meir, skriva dei der bøkene og holda forholdet til meg og Jostein stødig, sterkt og ungt.

Eg veit at eg treng å tjena nok pengar til å ha råd til ei fancy seng, til å reisa og oppleva verda.

Til å kunna jobba så fleksibelt at livet ikkje berre renn vekk, og så eg har nok femhundrelappar å stappa i hendene på avkommet mitt.

Det verkar litt overveldande når eg zoomar ut og ser på livet sånn, men heldigvis veit eg kvar eg skal.

Så er det berre å setta i gang og gjera.

Gjera nye byar til mine, dytta meg sjølv opp og fram laga planar med fine venner, og vera god for den gamle eg skal bli.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 24/09 2015, og sist oppdatert 24/06 2017.

Les også