Både på jobb og i fritida er det lett å kome i situasjonar kor ein føler seg pressa til å drikke alkohol, og det kan vere vanskelig å be om eit alkoholfritt alternativ.

Særleg gravide kvinner kan oppleve drikkepress som ubehageleg. Dei vil ikkje seie at dei er gravide, men veit at spørsmålet kjem når vinglaset står tomt. Det fins ingen sikker nedre grense for alkoholinntak i løpet av graviditeten. Anbefalinga frå helsemyndigheitene er å ikkje drikke alkohol under svangerskapet.

Tips for å unngå drikkepress

Helsedirektoratet har utarbeida gode råd for å unngå drikkepress:

  • Gå foran som eit godt eksempel ved å akseptere utan spørsmål at nokon seier nei takk
  • Viss du sjølv takkar nei, be samtidig om noko anna: «Nei takk, men eg tar gjerne ein Farris». På den måten avviser du ikkje vertskapet.
  • Bestill ein alkoholfri drink. Fleire av dei ser ut som vanlege drinkar, og dermed slepp du spørsmål. Mozell liknar på musserande vin og druejuice ser ut som raudvin.
  • Ta del i aktivitetar som ikkje inneber alkohol
  • Ta imot vinglaset, men ikkje drikk av det

Drikkepress i arbeidslivet

Ei arbeidslivsundersøking frå 2012 på bestilling frå Helsedirektoratet viser at 67 prosent av dei spurte drakk alkohol saman med kollegaer ved sosiale høve nokon gonger i året. Ofte er det arbeidsgivar som spanderer alkoholen.

Hvite uker-appen er eit gratis, morsomt og sosialt innretta verktøy som kan hjelpe deg når du vil unngå drikkepress. Du kan og utfordre sjefen og kollegar. Kven klarar flest kvite veker?

Les meir om alkohol og helse på helsenorge.no/hviteuker eller følg kampanjen "Hvite uker" på Facebook.

Les hele saken

Hvite uker

Kalorier og alkohol

Alkohol er, på linje med sukker, såkalte «tomme kalorier». Det har både flere kalorier enn annen drikke og gir oss heller ingen næringsstoffer.