Hvite uker

Alkohol på jobben

Me drikk stadig meir i gråsona mellom jobb og fritid. Det verker inn på jobbprestasjonen og fører til høgt sjukefråvær.

PÅ JOBBEN: Me drikk stadig meir i gråsona mellom jobb og fritid. Det verker inn på jobbprestasjonen og fører til høgt sjukefråvær.
PÅ JOBBEN: Me drikk stadig meir i gråsona mellom jobb og fritid. Det verker inn på jobbprestasjonen og fører til høgt sjukefråvær. Foto: FOTO: Colourbox
Sist oppdatert

Pleier du gå ut med kollegaer og ta eit glas etter ein lang dag med overtid, eller feirar de jobbresultat med boblar? Det er du ikkje åleine om. Forsking tyder at auka i alkoholforbruk blant dei vaksne dei siste åra langt på veg er knytt til gråsoner kring arbeidslivet.

Helsedirektoratet ynskjer å skape eit klima som gjer det mogleg å reflektere over eigne alkoholvanar på lik linje med korleis ein allereie snakkar om slanking, røyking og fysisk aktivitet. Ynsket er å gjere temaet til ein snakkis over lunsjborda

Drikk for å bli betre kjent

Vaksne som jobbar overtid drikk alkohol oftare enn dei med normal arbeidstid, viser ei undersøking Ipsos MMI har gjort for Helsedirektoratet.

Vidare ser me ein tendens til at leiarar og mellomleiarar drikk meir alkohol enn andre tilsette. Det er grunn til å tru at dette har ein samanheng med at skilja mellom arbeidsliv og fritid stadig vart meir flytande.

60 prosent av mennene og 50 av kvinnene i undersøkinga seier at alkohol gjer det lettare å bli kjent med kollegaer. Dei drikk også oftare med kollegaer og feirar eigen innsats med alkohol. 53 prosent av dei spurde mennene i undersøkinga drikk 1-2 gongar i veka eller meir, mens 46 prosent av kvinnene svarer det same.

Vil du sjekke alkoholforbruket ditt og utfordre kollegaer til å gjere det same? Last ned Hvite uker-appen!

Snakk om alkohol på jobben

Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk (AKAN) oppmodar arbeidsplassar til å våge å snakke om sin eigen alkoholkultur. Vidare oppmodar dei om å ha ein rusmiddelpolitikk som er spesifikk på arbeidsrelaterte situasjonar der alkohol er akseptert, og kva som vert oppfatta som problematisk bruk.

Å skapa ein konstruktiv alkoholkultur der både positive og negative sider ved alkoholbruk vert diskutert, kan vere eit viktig og helsefremmande bidrag til arbeidsmiljøet.

Les meir på helsenorge.no/hviteuker.

Moderat forbruk kostar samfunnet meir

Befolkningsundersøkinga til Helsedirektoratet frå 2012 viser at 15 prosent av dei mellom 20 og 29 år seier at dei av og til har problem med å utføre arbeidsoppgåver dagen etter at dei har vore rusa på alkohol.

Tilsette med moderat forbruk kostar samfunnet vesentleg meir enn tilsette med eit rusmiddelproblem, ganske enkelt fordi denne gruppa er størst. Dette kjem til syne med blant anna eindagsfråvær, svekka arbeidskapasitet og mangel på konsentrasjon.

Følg kampanjen "Hvite uker" på Facebook.

Denne saken ble første gang publisert 10/04 2012, og sist oppdatert 03/05 2017.

Les også