Even passa ikkje inn i skulen. No er han sjølv lærar og rektor. Han har ein klar oppmoding om norsk skule

Som 17-åring reiste Even Slette Hansen til Gudbrandsdalen for å lære treskjering. I dag er han både lærar og rektor ved Hjerleid handverksskule – og har funne kjærleiken med kona Nina.

FAMILIE: Det har skjedd mykje i livet til Even sidan han kom til Dovre for 20 år sidan. Sjølve fundamentet er naturleg nok familien. Frå venstra kona Nina, Marielle (11), far sjøl, Emma (3) og Rune Matheo (8).
Publisert

Even var berre 17 år gammal då han tok den lange turen frå Bergen til Gudbrandsdalen for å lære treskjering. Kul var han òg, med saggebukser og ein lang, mørk lugg. Sidan 2016 har han vore lærar i treskjering og møbelsnikring – det òg på Hjerleid.

Inneverande og dei to neste skuleåra vikarierer han dessutan som rektor. Så langt har det gått bra, men han likar ikkje alle møta.

– Dei er dritkjedelege! Men eg er godt i gang med å realisere noko av det eg brenn for: marknadsføring av den flotte skulen vår, yrkesretting av fellesfaga og Ungt Entreprenørskap.

Korkje Even eller mora brukar store ord. Difor gjer dei ikkje noko nummer av at han er rektor og ho er elev.

– Det viktigaste er at Even har det bra. Dessutan er det kjekt at han får prøve seg, seier Margit.

Nysgjerrig og leiken komet

Og det er liten tvil om at Hjerleid no har ein nevenyttig rektor. Ifølgje Boni Wiik, Even sin mentor i treskjering, var Even ein leiken og nysgjerrig komet innan tradisjonshandverk.

– Han var utruleg inspirerande å samarbeide med. Eg hadde kanskje ein vag idé som vi drodla over på ein serviett, og før eg visste ordet av det, hadde Even sett ideen ut i livet. Det er det berre Even som kan! Utsmykkinga av verdas største vikingskip, Draken Harald Hårfagre, føregjekk mykje på det viset. Dessutan har eg alltid sett føre meg Even som lærar på Hjerleid. Han er som skapt for det, sa Wiik for nokre år sidan.

Etter fullført læretid fekk Even ansvaret for å lage ny portal til meisterhuset ved Stoltz' reperbane i Sandviken – ein staseleg villa frå 1808 i Louis-seize-stil. Andre kjende bygningar med same arkitektur er Stiftsgården i Trondheim og Eidsvollbygningen.

Stort ansvar: Det første store arbeidet Even fekk ansvaret for, var å lage ny portal til meisterhuset ved Stoltz' reperbane i Sandviken. Ein staseleg villa frå 1808 i Louis-seize-stil. – Arbeidet med den over fire meter høge portalen var utfordrande, men svært lærerikt. Ekstra stas at det var til heimbyen Bergen, seier Even.

– Utfordrande og svært lærerikt. Ekstra stas at det var til heimbyen Bergen, seier Even.

Dei seinare åra har han òg vore fagansvarleg for skjeringa på to andre større prosjekt. Det eine var portalen til ei staseleg kyrkjedør i Telemark. Men det aller største var likevel å lage ein kopi av portalen til Urnes stavkyrkje.

Ekstra stas for to av Even sine lærlingar, Eskil Fjell og Thom Kelly, som fekk ta del i dette ærefulle oppdraget frå Fortidsminneforeninga. Sistnemnde er nemleg eigar av denne spesielle kyrkja frå 1130-talet. Ekspertar meiner at portalen er enda eldre.

Dessutan synest det som om Even treng å ha fleire jarn i elden. I 2018 starta han og kameraten Njål Andreassen ei bedrift som i hovudsak produserer møblar og innreiingar.

Les også: Sasha gir nytt liv til glemte skatter: – Jeg var redd folk skulle si at jeg ødelegger norsk kulturhistorie

MOR OG SØNN:  Da Even klatra i trea heime i Londalen, såg nok ikkje mor Margit for seg at ho skulle bli elev ved same skulen som sonen er lærar og rektor. I år tek ho tradisjonsmåling. I fjor stod saum og tekstil på timeplanen. 

Arveleg berika

Berre eit steinkast frå kontoret til Even lærer mor Margit tradisjonsmåling. Året før stod saum og tekstil på timeplanen, og interessa for handverk og husflid ligg utan tvil i slekta.

Til dømes dreiv bestefaren til Even (Margit sin far) entreprenørfirmaet Malvin Nævdal og Sønner. Margit gløymer aldri at ho og dei seks syskena hennar fekk vera med faren på byggjeplassar.

– Utstyrt med verktøy, spikar og plankar, saga og hamra vi laus i ung alder! Dessutan bygde vi hytter både i hagen, i skogen og på fjellet, sommar som vinter. Mora mi, som òg var flink til å måle, lærte meg å sy.

Men det er fleire hendige folk i Even si slekt. Forutan bestefaren Malvin, er faren, Tor Magne Hansen, og fire onklar snikkarar. Den eine broren til Even er grafisk trykkar, medan den andre er industri- og automatiseringsmekanikar. Om ikkje det var nok, så er syskenbarnet Trond Oalann restaureringshandverkar.

2025: Even Slette Hansen sammen med Elias, elev ved skolen.

For mykje teori i skulen

Utan dette miljøet er det lite truleg at Even hadde kome dit han er i dag.

Ein teoritung grunnskule passa nemleg ikkje ein ung gut med dysleksi. Sjølv om lærarane og rådgjevaren ved Garnes ungdomsskule gjorde sitt for å hjelpe Even, vart ikkje karakterane i matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag dei beste.

Gym og sløyd, derimot, likte han særs godt, og han skulle gjerne hatt fleire timar i desse faga.

– Då hadde motivasjonen vore ein heilt annan. Men uavhengig av dysleksi og andre vanskar bør handverk bli ein viktig del av grunnskulen. Å kunne skape noko er viktig for alle – òg dei teoretisk flinke. Éin viktig grunn til at mange droppar ut av vidaregåande, er ein altfor teoretisk barne- og ungdomsskule. Ti keisame år gjer noko med eit ungt sinn. Dersom forholda i heimen heller ikkje er bra, er det ikkje lett å vera ung, meiner Even.

Mor Margit meiner òg at dagens grunnskule er for teoretisk.

– Ja, utan tvil. Det er trist at det er slik. Vi har barnebarn som heilt klart hadde trivest betre i ein meir praktisk skule. Statusen til kunst og handverk treng difor eit kraftig lyft, seier ho.

Mykje har skjedd i livet til Even sidan han kom til Dovre for 20 år sidan. Sjølve fundamentet er familien.

Les også: (+) Ett år er gått siden du flyttet inn hos elskerinnen din. Nå angrer du og vil ha meg tilbake

Heimlengsel

Men det var på håret at livet og karrieren til Even tok ei anna lei. Etter at han kom til Dovre hausten 2005, likte han treskjeringa med det same, men det sosiale gjekk ikkje så bra.

– Eg mistreivst, og utpå hausten pakka eg kofferten – klar til å reise heim att. Men plutseleg ein dag ringde ein jamnaldrande dovring og lurte på om eg ville vera med i alpinbakken. Då var det gjort. Eg fekk gode kameratar innan snøbrettmiljøet på Dombås.

Vikingtiden: Dekor som Even laga til vikingskipet Draken Harald Hårfagre. - Tradisjonen tru skulle skipet ha utsmykking, og vi laga både hovud og hale i Jellingestil. Det same gjaldt svineryggen. Ein stilart som var mykje brukt av vikingane på 900-talet, fortel Even.

– Ei nyttig erfaring for meg som rektor og lærar, for det ser ut til at stadig fleire unge slit med den psykiske helsa i våre dagar.

– Kva har betydd mest for deg desse 20 åra på Dovre?

– Eg har ein familie som eg er svært glad i, og eg har fått høve til å utvikle meg fagleg. Dessutan har vi ei bedrift som viser at skule og næringsliv kan dra vekslar på kvarandre. Difor prisar eg meg lykkeleg over at eg vart verande på Dovre, seier Even.

Året var 2010 då Even stakk innom den lokale puben ved foten av Dovrefjell. Der dukka det opp ei blid og venleg jente som heitte Nina Kari Slette, og det tok ikkje lang tid før ho og Even fann tonen over ein halvliter. Dans vart det også.

I dag har Even og Nina tre barn, og dei har kjøpt seg hus på Dombås med panoramautsikt til nabokommunen Lesja. I sommarferien pleier dei å reise vestover for å besøkje Even sin familie i Bergen. Slik også denne sommaren.