Mislykka på Tinder

Eg - ein Tinder-tapar

«Heldigvis er eg jo godt gift, men kanskje hadde eg ikkje vore det om internett var født ti år før?»

Foto: FOTO: Privat

Publisert Oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

Ein venn av meg hadde vore singel i omtrent 27 timar då han fortalte meg at han hadde lasta ned Tinder. Hjartet mitt sokk i bringa. Tinder, Tinder, Tinder. Kryptonitt mot romantikk.

For meg er Tinder oppfyllinga av dystopiske framtidsvisjonar me hadde før millenniet, og det er noko creepy over heile greia, kor umiddelbart og spesifikt det er, den blanke, halvkåte stirringa inn i det blå lyset.

«Eg vil gjerne ha ein grafisk designer med sideskill, eit par år eldre enn meg, helst interessert i french new wave og syklar», liksom.

Kjærast frå mobilen

Men status er, i 2017, at fleire av vennene mine faktisk har kjærestar frå mobilen, dei fann lukka i det blå lyset. Mange middagsbord og festar har vortne midlertidig utrivelege av diskusjonar om dette, om Tinder er noko sabla drit som er med på å øydelegge all sjel i verda eller det mest fantastiske nokonsinne.

Eg seier: «Men kva med karisma, kva med å gå bort til nokon fordi dei har ein herleg latter, ein fin hatt, eit innbydande smil?» Så svarar dei med: «Men kvar skal ein møta nokon da?!» 

Suksess på nett

Eg har jo eigentleg ingenting eg skulle ha sagt, inga truverd på dette emnet. Eg møtte jo òg mannen min gjennom internett. Kanskje var det i 2004, på MSN Messenger, på den tida me aV oG TiL sKrEiV sEtNiNgAr sLiK, men likevel var det på internett. Kanskje var me berre 14 år, men me elska kvarandre før me eingong hadde treftest, elska kvarandre i pikslete representasjonar.

Eg hadde inga aning om kor godt han lukta i nakken då me kviskra, midt på natta, at no var det oss og lova kvarandre evig truskap. Me er ein suksesshistorie for nettdating, «dei møttes over ADSL og no er dei gifte».

Hjarte til salgs

Men eg kan verkeleg ikkje fordra Tinder, til og med navnet irriterer meg. Det klør i fingrane etter å slå telefonen ut av hendene på folk av og til, eg hånler av all swipinga. Det er så himla norsk å trenga brannmurar mellom folk for å oppretta kontakt.

Internett i 2004, då eg sjølv var på markedet, var på mange måtar det motsette av det det er i dag. Alle på Internett i 2004 var garderte, forsiktige med informasjon, internett var nytt og ganske skummelt. Internett i 2004 handla om å bygga myter om seg sjølv.

2004 skulle bli sjokkert over å vita at titusenvis av menneske finn kjærleiken via ein app i telefonen som fortel deg at du er i geografisk nærleik av nokon med dei samme interessene, nokon som óg likar Scarlett Johansson og Trygdekontoret.

På internett i 2017, i verda i 2017, er alt så mykje skumlare, så mykje tettare på galskap og panikk, men likevel er me så uforsiktige, likevel legg me hjartet ut for salg.

Artikkelen held fram under biletet.

GIFT: Jostein og Mariell er ei suksesshistorie i nettdating. Men kva om Tinder hadde eksistert den gongen? Ville han swipa forbi? undrar Mariell.

GIFT: Jostein og Mariell er ei suksesshistorie i nettdating. Men kva om Tinder hadde eksistert den gongen? Ville han swipa forbi? undrar Mariell. Foto: FOTO: Privat

Årsaka til hatet

Men det handlar jo ikkje om noko av det. Om internettrefleksjonar eller personvern, brannmurar eller blå distraherande lys, ingenting av det, ikkje egentlig. Så irritert blir ein jo berre av dei mest ømfintlege grunnane, når nåla stikk i ei åre ein ikkje hadde førebudd, smerte ein ikkje var klar for.

Eg trur dette Tinder-hatet handlar om viten om at, sjølv om eg veit at vennene mine syns eg er herleg, sjølv om dei ler av vitsane mine, og sjølv om eg lagar dei beste drinkane, så hadde dei alle swipa rett forbi meg og gløymt meg på eitt sekund, om ikkje eitt sekund var altfor generøst.

Ingen hadde sett bildet mitt og fantasert om filmkveldar og Frogner-leiligheiter. Eg hadde forblitt eit kvadrat på ein skjerm som dei hugsa heilt til dei såg det neste kvadratet, så var det som eg aldri fantest.

Det som er sårt

Det handlar om å vita at eg ikkje er ein easy sell. Ikkje konvensjonelt vakker, for komplisert, for rar. Utan ein sjangs i det overfladiske. «Frilanser utan økonomisk sans med hypermobile ledd og til tider kraftig, hemmande, krøplande angst. Dog flink å baka.»

Swipefingeren går ikkje akkurat varm. Tinder-taparen. Og det som irriterer meg, er at eg har ofra det ein tanke, at det gjer litt vondt.

Heldigvis er eg jo godt gift, men kanskje hadde eg ikkje vore det om internett var født ti år før?

Kanskje hadde han ikkje eingong ofra meg ein tanke.

Nyttige tjenester

FORUM

Underholdning