KOMMENTAR:

Eg er den første i vennegjengen. Den første som gifta seg og no den første som får barn. Det har vist seg å vera både veldig, veldig fint og veldig, veldig vanskelig.

Det er fint fordi det opnar opp så mange rare og store samtalar, ofte katalysert av ute-av-det-blå-spørsmål som:

«Har du mjølk no?» eller «Korleis har ein sex når ein er gravid?»

Mykje av samtalane handlar om å bli forelder, om det naturlege neste steget i livet, om våre eigne foreldre og våre eigne barndommar.

Skjulte sider ved graviditet

Nesten like mykje handlar om det reint kroppslege, dei meir skjulte sidene av graviditet, som er minst like interessant men ganske utleverande. Eg er endeleg den vennen med dei intime detaljane som folk halvt held seg framfor augene for, men likevel vil vita alt av. Dei tek på magen og ventar på spark, spør i timesvis om navn og lurer like mykje som meg på kven det er som er der inne.

Ein, både dei og eg, får moglegheit og anledning til å stilla spørsmål me ikkje elles ville ha stilt kvarandre, eg er takksam for at denne tida har latt meg føla meg nærare vennene mine på ein så grunnleggande måte. Og takksam på vegne av dette barnet som får vera det første og som dermed kjem til å få så mykje tid og kjærleik frå alle kantar.

Eg har sett dei alle byssa vinflasker og spybøtter, men snart skal dei gå rundt i stova her og byssa ungen min i søvn medan eg kokkelerer på kjøkenet. Snart skal dei bli ungen min sine forbilder, og ein kunne ikkje ha bedt om ei bedre hånd.

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men er på flyttefot heim til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

Panikk i aguene

Av og til ser eg glimt av panikk på mine vegne i augene deira, som mest er eit uttrykk for at dei sjølve ikkje er klare for dette enda, men det minnar meg berre på kor utrulig klar eg er for dette livet av amming og høgtlesing.

Det er så herleg kor nyfødte dei er på denne type informasjon, at dei trur 3,5 kilo er ei vanvittig høg fødselsvekt og at å sprekka under fødsel er like ille som å mista ein arm i krigen, mens eg er den verdensvante som har runda Google omlag femten gonger sidan den positive graviditetstesten og har svara klare.

Cravings

I kvardagen, dog, er det meir komplisert, og i mine mange humør og mange livsendringar i år har eg dagar der eg blir sittande og venta på at nokon skal spørja meg korleis eg har det berre så eg kan få fortella kor vanskeleg dette av og til er.

Og når nokon spør og eg eksploderer i å fortella og deler altfor mykje altfor fort og chatten på Facebook svømmer over av hormonell krampegråt, nye ukjente puppar og umettelige sitruscravings, så skjønnar eg såklart kvifor dei ikkje spør.

«Berre tenk på at det snart er over», seier dei da. Og da gret eg enda litt meir, og ventar på at neste person skal spørja, så eg kan få fortella om kor vanskeleg det er at folk berre seier at det snart er over.

Edru fylleangst

Alle dei mindre nære vennene eg har som har vore gravide og fått ungar har fått lida med mine mange spørsmål, og eg spør om bekkenløsning og permisjonstid og jordmødre og om NAV til alle som ikkje kan forsvara seg, eg føler meg så slitsom som treng så mykje og har så mykje å dela med meg av og får edru fylleangst så snart eg har sendt ifrå meg enda ei liste med spørsmål eg lett kunne ha googla meg fram til.

Eg gler meg til nokon av desse andre blir gravide og eg skal vera den med snille kloke auge som alltid spør korleis dei har det og aldri fortel dei at det snart er over men lider med dei heilt fram til to veker på overtid, eg skal vera den perfekte gravidvennen berre på trass, også føler eg meg dårlig som tenkjer det fordi me igrunn alle gjer vårt beste i denne nye rare situasjonen.

Livredd

Ein liten del av meg er livredd for den tiden som skal komma no, og ser på den neste månaden som den siste tiden på veldig lenge der eg kan vera ein dedikert og interessert venn. Eg les alle artiklar eg kjem over om korleis å bevara vennskapet etter nokon har fått ein bebis, ser for meg månader med komplisert kommunikasjon der eg først får svart på ei enkel melding dagar etter den vart sendt og aldri føler meg tilstades.

At ting kjem til å skje, store ting som at nokon slår opp eller episke fylledrama eller nokon som får ein fantastisk jobb utan at eg kjem til å eingong merka det, at eg får vita om det i forbifarten fordi folk går utifrå at eg får med meg alt. Tenk om eg blir sittande her, i eit stort hus midt i ingenmannsland, med puppen ute og scrolla instagram og ønska at eg var alle andre stader?

Men eg tenkjer at me er i dette ilag no, eg og mine nære. At eg kjem til å ha panikk og dei kjem til å ha panikk og at me alle innstiller oss på at det blir slitsomt men at det går bra til slutt. Og igrunn er det jo eit luksusproblem å vera omgitt av folk som ikkje har peiling på babyar og ikkje har den minste aning om alt av feil eg snart skal gjera.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Les hele saken

Susanne Kaluza, redaktør

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!