Ane Barmen (30)

Ane Barmen kjem frå Vågsøy i Nordfjord (Sogn og Fjordane), men er busett i Oslo.

Ho er utdanna skodespelar og musikkvitar, og jobbar som frilans-skodespelar og skribent.

Du kan følgje ho på Instagram.

KOMMENTAR:

Som feminist blir ein ofte oppteken av systerskapet kvinner imellom. At vi skal heie kvarandre fram, hjelpast åt. Og eg er den fyrste til å melde at nokre av dei sterkaste feministiske augneblinkane eg har hatt i mitt liv handlar om situasjonar der eg har hatt grepa kvinnfolk i ryggen, der jentene har stått saman og støtta kvarandre. Det er så mange bra damer der ute.

Men kva med gutane?

Menn som er feministar

Vi har kome langt her til lands. Absolutt. Og vi har framleis ein veg å gå. Men i dag vil eg snakke om gutane. Alle dei fine gutane.

For på same måte som eg har opplevd eit sterkt samhald med ulike kule, bra jenter eg har møtt, har eg også hatt så mange opplevingar med kule og bra gutar.

Eg veit ikkje om de har tenkt over dette, jenter, men Noreg er eit land fylt til randen av dritbra menn. Menn som gjer det lettare å vere kvinne. Menn som, om dei veit det eller ei, er feministar, eller oppfører seg mistenkeleg likt som det.

Denne teksten er ein hyllest til dei.

Til far min

Denne teksten er til far min, som var ein av dei fyrste fedrene i heimbygda mi som hang ut klede på tørkesnora og fylgde ungane sine til legekontrollar.

Denne teksten er til Kenneth, ein ven av storebror min, som fylgde meg over marka og heim då eg var seks år fordi eg var redd torevêret ute.

Denne teksten er til Geithusen, norsklæraren min på vidaregåande, som sat taus og høyrde på klassa vår ein gong vi diskuterte feminisme, og det heile enda med at ei klassevenninne sukka: “Ane, du kjem til å vere vanskeleg å vere gift med.” Eg gjorde det med andre ord ikkje veldig skarpt i denne diskusjonen.

Dagen etter fann eg ei utskrift av eit feministisk dikt på pulten min, og Geithusen nikka berre kort og sa: “Stå på.”

Ta plass

Denne teksten er til onkel Erling, som i så mange samanhengar har drege meg fram på golv og scener for å be meg lese dikt, synge, fortelje, ta plass.

Denne teksten er til Kjelle, kameraten min, som eg gjekk saman med heim frå byen ein gong og som insisterte på å følge meg heilt til døra sjølv om det var ein omveg for han. Han hadde nemlig lese så mange mediesaker om overfallsvaldtekter og ville forsikre seg om at eg kom meg trygt heim. Og han stod ute og venta til han såg at eg var innanfor døra og hadde låst før han gjekk.

Denne teksten er til Pål, kompisen min, som står langt frå meg politisk, men som i alle diskusjonar lyttar interessert til det eg seier og aldri har brukt ein einaste hersketeknikk for å fremje sitt syn.

Denne teksten er til han eg er gift med, som legg opp gardiner og stryk sine eigne skjorter.

Desse mennene, og så mange andre, har gjeve meg plass. Vore greie. Gjort meg trygg. Høyrd meg. Sett meg.

Å sleppe damer til

Denne teksten er til alle mennene der ute som tek pappaperm. Til dei som heiar fram venninnene sine. Den er til alle gutar som ser jenter inn i augene og ikkje ned i kløfta. Den er til alle ektemennene som er stolte av konene sine når dei gjer det bra på jobben. Den er til alle karane som slepp damene til.

Den er til alle menn som snakkar til kvinner som likeverdige. Som ikkje brukar hersketeknikkar og som ikkje kjenner seg truga av ei kvinne med ei høgare stilling eller betre løn enn dei sjølve. Som ikkje utnyttar dei evetuelt høgare stillingane sine. Som tek sin del av husarbeidet. Som tek eit nei for eit nei.

Ein kan spørje seg kvifor ein eigentleg skal lage noko vesen av dette – alt eg listar opp er trass alt berre høfleg og normal, hyggeleg oppførsel. Nokre vil kanskje seie at det skulle berre mangle. Og ja, det skulle det.

Ikkje kvardagskost

Men for svært mange kvinner er ikkje slike opplevingar med menn alltid vanlege. Mange stader i verda er det meir eit unntak enn ein regel å møte slike menn, som behandlar kvinner med respekt og omtanke, med ei sjølvsagt innstilling om at vi er like viktige, like mykje verde. For meg er det kvardagskost. For mange andre kvinner er det ikkje det. Og eg er av den oppfatning at ein skal takke så mykje ein kan i dette livet; også for det sjølvsagte.

Feminisme for meg handlar ikkje berre om å sjå sin eigen situasjon. Det handlar om å sjå utover, og å forstå at ikkje alle er like heldige. Det handlar om å ha to tankar i hovudet samstundes: eg ser eit forbetringspotensiale på mange felt her til lands, og eg er også svært, svært takksam for det vi alt har oppnådd.

Eg er takksam for alt som er bra og for alt som faktisk funkar. For alt vi har fått til. For at eg det meste av tida kjenner meg trygg og respektert. For alle dei kjekke jentene.

Og, ikkje minst: Eg er så takksam for alle dei fine gutane.

Vil du lese flere kommentarer av bra damer? Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Les hele saken

Inger-Lise Kvås, redaksjonsjef

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!