jakttips

7 steg for betre treff med jaktrifla

Er det vanskeleg å planlegge god og effektiv trening for å bli ein betre skytter med jaktrifla? Her er eit enkelt opplegg!

Pluss ikon
OPNE AUGO: Med opne augo – før skotet smell, under og etter rekyl. Lettare sagt enn gjort? Trening, trening og atter trening!
OPNE AUGO: Med opne augo – før skotet smell, under og etter rekyl. Lettare sagt enn gjort? Trening, trening og atter trening! Foto: Jørund Lien
Publisert

1. Avtrekk

Godt, kontrollert og gjennomført avtrekk er først, sist og viktigast av alt for gode treff!

Ingenting anna er på langt nær like avgjerande for treffpunktet som avtrekket – ikkje rifle, ikkje sikte, ikkje skjefte, ikkje patron, kule eller kva som helst anna.

Godt treff er eine og aleine avhengig av, og resultat av, skyttarens evne til å gjennomføre avtrekket.

I praksis så enkelt som at skytter med god avtrekksteknikk kan skyte gode treff frå høg skytestilling, men og så vanskeleg at hardhendt gjennomføring av avtrekk kan føre til treff temmeleg langt frå siktepunkt, sjølv frå liggande skytestilling.

Noko som diverre viser seg klart og tydeleg år etter år under haustens store happening på skytebanen når jegerar skal prestere å få sine fem treff inne i reinsskivas 30 cm sirkel på hundre meter.

Kanskje utan å ha tatt eit einaste avtrekk dei siste ti-elleve månader før første treningskveld. Når ingen ennå har funne farbar snarveg for å lære god avtrekksteknikk utan å trekke av, er trening einaste regel for den som vil skyte betre treff. Og gode treff er vel det viktigaste målet for alle avtrekk frå alle jegerar på jakt?

Den einaste praktiske metoden for å lære brukbar avtrekksteknikk er å ta rifla ut av våpenskåpets mørker og gjennomføre avtrekk i skytestilling med rifla i skuldra.

Men ikkje bare det, prøv å sitte stille med rifla i fanget og forsiktig auke presset på avtrekkaren for kjenne på trykket som må til for å få tennstempelet til å sleppe taket i avtrekkshaken. Med andre ord; tørrtrening! I god tid før skyteprøva.

Tørrtrening er første, beste og billigaste treningsmetode for betre treff!

Les også: (+) Test av store jaktsekker: En av sekkene får toppscore

2. Skytestilling

For jegeren som ikkje løyser fleire skot enn strengt nødvendig er tørrtrening på skytestilling omtrent like viktig som trening på avtrekk.

Både for å oppnå rimeleg grad av stabilitet i jegermessig skytestilling, men og som ei realitetsorientering i eigen ferdigheit i å få rifla opp, og kolben inn i skulder med rett rekylopptak.

Ei enkel øving i fred og ro heime: Sitt eller stå med overkropp i omtrent 45 grader på skyteretning, fokuser på målet, lukk augo og før rifla opp i anleggsstilling i skuldra. Opne augo og du skal sjå rett gjennom siktet utan å flytte på hovudet.

Må du vri eller bøye hovudet ned til sida, høgre eller venstre er ikkje anlegget optimalt.

Passa vinkel på skyteretning og kolbekappe godt plassert langt inne på skuldra minskar behovet for justerbar kolbekam, reduserer faren for hakk i panna av kikkertsiktet og vil med tilstrekkeleg trening føre til mindre treffpunktforskjell frå ei skytestilling til ei anna.

Diverre er det eit vanleg syn på skytebanen at jegeren har rifla i anlegg med kolbekappa i overgang skulder/arm, eller endå verre; heilt ute på overarmen. Av all skyteteknikk er avtrekk og kolbeplassering dei to som vert dårlegast utført i den norske jegerstand.

Slakk halding av grovkaliber jaktrifle er på ein dårleg tredjeplass. Og like godt sist som først: Skyting i skytebenk er innskyting, ikkje trening. Kom deg bort frå skytebenken!

Les også: (+) Test av jaktdresser: Dette er den beste dressen for å bevege seg lydløst i skogen

3. Opne augo

Opne augo – og hald dei oppe! Ei av dei viktigaste punkt i min første skyteopplæring i DFS var: Du skal sjå kula heilt til den treffer blinken!

Ikkje så at ein fysisk kan sjå kuler frå sentertente riflepatroner slå inn i blinken på 100 meter, meininga var og er at ein skal halde sikteauga oppe under avtrekk, smell og rekyl.

Blunk eller å knip att sikteauga, rykk og napp kan alle vere skuldige i dårlege treff – grunnen til slik ufrivillig kroppsleg aktivitet er smell og rekyl.

Lyddemper hjelper litt, men den einaste og endelege løysinga er klikkpatroner. Å få ein kamerat til å fylle magasinet med ukjent blanding av skarpe og klikkpatroner gjev sjølvinnsikt i eigen evne til å gjennomføre presise skot!

4. Skyt i alle stillingar

Bruk tid på å skyte i alle relevante skytestillingar. Når jaktrifla er innskoten og presisjonen testa, er all skyting av kostbare patroner frå skytebenken meir eller mindre bortkasta for dei aller fleste jegerar.

SKYTING I BENK: Skyting i benk      er innskyting, ikkje trening.
SKYTING I BENK: Skyting i benk er innskyting, ikkje trening. Foto: Jørund Lien

Bruk heller patroner på å finne ut av jegerens evne til å treffe i skytestillingar som passar jakta, og skyt fleire skot i høg skytestilling enn låg. Logisk nok har jaktrifle kamra for dei mest vanlege storviltpatroner med størst utval i rimelege treningspatroner ein klar fordel her!

5. Tomhylser? Skyt meir!

Same kva jegeren er utstyrt med av rifle, skjefte, siktemiddel og kva som helst anna, gjeld ennå den same regel: Haugen med tomhylser gjennom året viser kor treffsikker jegeren er. Med andre ord – skyt meir! Kor mange skot er nok?

Det enkle svar er at det kan i grunnen aldri skytast mange nok skot, alle kan bli betre med å skyte meir. Dei tørre fakta er at 100 treningsskot er mykje betre enn dei obligatoriske 30, og at tusen skot i løpet av året er endå betre.

Her kjem effekten av rekyl og patronpris inn for fullt. Alle som vil jakte og skyte på vilt som før skot er levande og friske, bør ta seg råd til å skyte minst 100 skot med jaktrifla før jakta. Men ikkje alle har lyst til å bruke pengar på hundrevis av skot for å bli rimeleg treffsikker i alle jegermessige skytestillingar.

TOMHYLSER: Er tomhylsehaugen din stor nok til å ta rifla med jakt utan litt dårleg samvet?
TOMHYLSER: Er tomhylsehaugen din stor nok til å ta rifla med jakt utan litt dårleg samvet? Foto: Jørund Lien

For den som vil bli betre skytter er det for dei fleste bare tre alternativ å velje mellom: 6,5x55 og rimelege matchpatroner, heimelading eller 22 LR. Av desse har uansett eigaren av ei presis salongrifle med egna siktemiddel enklast tilgang til billig og god skytetrening.

Mest på grunn av at prisen på ein murstein med 500 22 LR-patroner er omtrent lik det ei pakke med 50 6,5x55-patroner kostar. Dermed er rekninga enkel. Med god salongrifle får du ti gonger så mykje skytetrening for same pris. Ikkje dumt det for den som vil skyte nok til å bli betre skytter!

Les også: (+) 25 tips som sikrer suksessfull smygjakt

6. Fast grep

Hald jaktrifla i fast grep med begge hender. Rifleskjeftet er ikkje enten sprøtt eller sårt, avtrekket vert ikkje betre av slakk halding i pistolgrepet, praktisk presisjon frå jegermessig skytestilling blir ikkje betre av å så vidt ta tak i forskjeftet.

FAST GREP: Det beste er å holde jaktrifla med begge hender.
FAST GREP: Det beste er å holde jaktrifla med begge hender. Foto: Jørund Lien

Snarare tvert i mot, og i stigande grad så med aukande rekyl. Med snille patroner frå 222 Remington opp til 6,5 i tung rifle kan ein skyte gode treff i liggande skytestilling med støttehanda under kolben og forskjeftet frittliggande på anlegg, men slikt passar ikkje enten rekylfriske patroner, lette jaktrifler eller jegermessig skytestilling.

Godt grep om forskjefte og pistolgrep og kolben fast mot skuldra minskar følt rekyl, og held rifla på plass i skuldra under ladegrepet.

Jamt, godt press rundt pistolgrepet med alle fingrar minskar tendensen til rykk og napp og gjer det enklare å gjennomføre eit kontrollert avtrekk med avtrekksvekt på ein til halvannan kilo, enn med slakk halding meir eller mindre på utsida av pistolgrepet.

Slikt passar betre for tunge konkurranserifler med lett avtrekk enn til praktisk jaktskyting med jaktrifleavtrekk i lett jaktrifle.

7. Rett patron

Kva er rett patron for storviltjegeren? For jegeren som vil jakte alt med ei og same rifle er ei av våre tre mest populære storviltpatroner best.

For å vere kresen og pirkete kan ein godt påstå at 6,5x55 er topp for jakt på rådyr, rein og hjort, men ikkje like god elgpatron som 308 Win og 30–06. Rett nok, men når gode treff alltid trumfar kaliber, kule og hastigheit er jegerens evne til å treffe godt mest viktig.

RETT PATRON: Uansett patron og kaliber er det like viktig å vere godt innskoten og komfortabel i skyting med jaktrifla.
RETT PATRON: Uansett patron og kaliber er det like viktig å vere godt innskoten og komfortabel i skyting med jaktrifla. Foto: Jørund Lien

Jegeren med fleire rifler kan godt ha ei presis 6,5x55 til trening og jakt på rådyr og rein, og rifle kamra for grøvre patroner som 8 mm, 9,3 eller 375 H&H til større storvilt. Smak og behag – alt etter interesse og tru.

Uansett patron og kaliber er det like viktig å vere godt innskoten og komfortabel i skyting med jaktrifla. Overfrisk rekyl er slett ikkje vegen til gode treff – ikkje på skytebanen, heller ikkje på jakt.

Denne saken ble første gang publisert 06/10 2023.

Les også