Eg er i skikkeleg babyrus. Akkurat no er permisjonen som ein ferie.

EIN SKIKKELIG RUS: - Eg er i skikkeleg babyrus. Akkurat no er permisjonen som ein ferie. Frimann søv godt, og amminga går fint. Eg er så stolt, eg likar å få besøk og vise han fram, seier Nina (32). © FOTO: Anne Elisabeth Næss

- Den første tida med ein baby kan samanliknast med ei altoppslukande forelsking som stel all tid og merksemd. Verda vil aldri bli den same igjen, stadfestar jordmor Marry-Anne Hellan ved Akershus universitetssjukehus i Oslo.

- Nokre mødre gret uhemma av letnad og glede når fødselen er over. Fedre er gjerne meir rasjonelle, men dette er ei stund der heller ikkje far klarar å kontrollere kjenslene.

Den første kontakten

På barselavdelinga legg dei stor vekt på at spedbarnet skal få tid saman med foreldra like etter fødselen. For babyen er det ein ekstrem overgang å kome til verda og bli lagt i ei seng heilt aleine. Men får babyen liggje inntil foreldra sine kroppar, blir ikkje omveltinga så stor, ifølgje jordmora.

- Dei første 90 minutta etter fødselen er barnet ofte svært vakent og interessert i det som kjem nær munnen. Det har jo mors lukt i nasa frå før, og kjenner hjarteslaga og stemma hennar. Difor vil det å ha noko av mamma i munnen, nemleg brystet, kjennast veldig trygt, forklarar Hellan.

- Når barnet får kome på brystet til mor, eller får liggje saman med ho i senga, ser vi at det blir rolegare og skrik mindre. I dei tilfella der kvinna er svært sliten etter fødselen, hender det at vi ber pappaen kle av seg på overkroppen. Han blir gjerne litt forfjamsa då, men gjer som vi seier, og får barnet lagt tett inntil seg. Denne første hudkontakta gjer barnet veldig godt.

Gjensidig kjærleik

Babyen er heilt avhengig av at dei vaksne stiller opp og sett mange av sine eigne behov til sides. Som søvn.

- Før trudde ein det var hormonendringane til mor som gjorde at ho var så sensitiv for behova til barnet i barseltida, men undersøkingar viser at mannen har mange av dei same kjenslene og reaksjonane. Også nybakte fedre søv dårlegare, og er oppe om natta med ein spegel foran munnen på barnet for å sjekke at det pustar, fortel Marry-Anne Hellan.

Medfødd interesse

- Stemmene til mor og far, og rørslene og rytmen til mor, er velkjende for barnet i magen. Spedbarnet har altså ei medfødd, sosial interesse for foreldra sine, fortel Marit Bergum Hansen, leiar av Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse.

- Den kjenslemessige tilknytinga og kjærleiken til barnet utviklar seg gjennom svangerskapet, og er ein del av naturen til menneska. Kjensla av at ditt barn er noko heilt spesielt, og trongen om å verne om det, kjem intuitivt når barnet er fødd.

Les mer:

Slik får du ullbodyen ren

Her er de vanligste bleietabbene

Ti foreldretabber du lett kan unngå

Har du iPhone? Sjekk ut vår Uke til uke-app i App Store

Les hele saken