Uroa for jenter si treningsiver

Kristin Roset har sjølv hatt eteforstyrringar. Nå sler ho alarm om overdriven trening blant jenter.

Publisert

(FIRDA): Då Kristin Roset frå Sandane starta bloggen sin for fire år sidan hadde ho eteforstyrringar. Ho byrja å skrive for sin eigen del, som terapi, men etter kvart fekk ho mange meldingar frå andre. Dei hadde kjend seg att i det ho skreiv, og hadde fått hjelp til å gjere endringar i liva sine. No blir det bok.

Forlaget Samlaget ville skrive ei bok om jenter, trening og eteforstyrringar, men dei mangla forfattaren. I sommar var Roset på radio for å snakke om treningstrenden som mange jenter har slått seg på, forlaget høyrde på og tok kontakt.

Farleg trend

– Det er bra å trene, men når det bikkar er det ikkje bra lenger. Eg trenar sjølv og elskar det, men det går grenser, seier Roset til Firda.

Ho er uroa over at mange jenter bygger musklar, berre et protein og gjer alt dei kan for å ha så lite feitt på kroppen som mogleg.

– Ein kvinnekropp skal ikkje halde på sånn, det er farleg og kan få konsekvensar seinare. Mange jenter har no same type eteforstyrring som gutar med eteforstyrring ofte har, seier ho.

Roset viser til at blogg på blogg på nettet har oppskrifter på korleis ein får kroppen slik ein vil ha han. Sjølv vil ho vere ei motvekt til dette.

– Det er skummelt, for det er lett å hamne i fella om ein ikkje er heilt nøgd med seg sjølv.

For pårørande

Roset håpar boka kan vere til hjelp for dei som er sjuke, men kanskje like viktig for dei pårørande.

– Pårørande og trenarar veit ofte lite om kva som rører seg i hovuda til dei som er sjuke, det kan dei lese om i boka, seier ho.

Når bodskapen hennar no går frå blogg til bok, håpar ho at mellom andre idrettshøgskular og andre skular med idrettsklassar vil anbefale boka hennar til unge jenter.

– Det er fantastisk om boka kan hjelpe andre, tilbakemeldingane frå dei som las bloggen var også ein stor inspirasjon for meg for å halde fram.

Jenter, trening og eteforstyrring

Boka vil først og fremst handle om korleis Roset opplevde sjukdommen og vegen til å bli frisk, men den vil også handle om andre ting. Roset har sjølv vore aktiv idrettsutøvar som mellomdistanseløpar. Ho jobbar som journalist og held løpekurs og føredrag. På bloggen skriv ho også mykje om mat.

– Eg har allereie begynt på boka. Bloggen er grunnlaget, så no skal eg finne ut kva som skal vere med og kva som må skrivast om, forhåpentleg er boka ute i løpet av neste år, seier Roset.

Bloggen hennar kan du lese her.