Trampoline gis bort mot henting

Slik fant Terje Sørbø tramponlinen sin etter uværet.

Trampoline gis bort mot henting skrev Terje Sørbø på Facebook etter å ha tatt dette bildet.
Publisert

Firda: 150 meter frå hagen den stod trygt forankra i kvelden i førevegen.

– Eg oppdaga det då eg stod opp i dag tidleg. Då hadde tramponlina vorte flytta 150 meter, over ein bø, og ut i Movatnet, seier Sørbø til Firda.

Merka lite til vinden

Han fortel at då han kom heim i natt, var det lite vind å merke i området.

– Eg har snakka med nokre naboar, dei fortel at det bles opp litt meir i seks-tida i dag tidleg. Så det er vel då den har blitt teken av vinden, seier han.

La den ut til sals

For å sjå humoren i det heile, la Sørbø tramponlina ut for sal på Facebook. Han annonserte at den vart given vekk gratis – mot henting, sjølvsagt.

– Det var ikkje så mange som var interessert i å ta «kjøpe» den. Eg trur dei fleste forstod at det var ein spøk. Men når den første skulle reise avgarde med vinden, er eg glad den landa på sjøen og ikkje trefte noko som kunne bli øydelagt, seier Sørbø til Firda, og legg til at tramponlina er i særs dårleg fatning no.

Båt og traktor

Så lite tru på at nokon ville ta over den sjøsette tramponlina hadde han, at han like godt gjorde jobben med å få den i land så fort det let seg gjere.

Men å få tak i den var ikkje berre enkelt.

– Vi måtte til med både båt og traktor for å få den i land. Eg var ute i båt, medan ein annan stod på land med traktor. Så fekk vi festa stropper i trampolina og drege den på land, seier Sørbø.

Les flere saker hos Firda.