Åpenhertlige Liv Signe Navarsete

– Det var så forferdeleg vondt at det framleis er vanskeleg å setje ord på. Det blei heilt svart

Dei sterke orda kjem frå tidlegare statsråd Liv Signe Navarsete. Ho har hatt motbakkar i livet, noko ho meinar gjer ho sterkare, fortel ho i portrettintervjuet med Hjemmet.

Pluss ikon
<b>Engasjert og blid:</b> Liv Signe Navarsete kom som eit friskt pust frå bygda og inn i regjeringskontora. – Ho smiler heile tida, seier ektemannen Lars Petter Nesse.
Engasjert og blid: Liv Signe Navarsete kom som eit friskt pust frå bygda og inn i regjeringskontora. – Ho smiler heile tida, seier ektemannen Lars Petter Nesse. Foto: Gunn Gravdal Elton
Publisert

Lærdal: Smilet, energien og engasjementet er kjenneteikna folk flest nemner når dei skal omtala Liv Signe Navarsete.

Kanskje dei seier temperament og.

Det kan verka som om denne kvinna takler alt, og at ho har levd eit liv i evig solskinn som ho sprer vidare til dei kring seg.

Men den tidlegare senterparti-leiaren og statsråden har ikkje berre hatt det lett.

Ho er eit kjenslevart menneske, noko ho har fått kjenne på meir enn ein gong.

Liv Signe Navarsete har måtte læra seg å leve med dei slaga livet gjev, og dei har ikkje ramma ho noko mindre enn andre.

Noko ho er glad for i dag.

– Eg er jo sjølvsagt ikkje glad for det vonde som har hendt i livet mitt, eller for dei eg har mista. Men eg er glad for det som kom etterpå. Den lærdomen eg fekk og den styrka det gav meg å kome meg gjennom det.

– Om du først må heilt i kjellaren, så stig du gjerne opp nokre ekstra trinn etterpå. Men det er klart det har vore vanskeleg, seier ho.

Les også: (+) Sandra Lyng om den store forvandlingen: – Jeg tenkte: «Hæ? Er det mulig?»

<b>BONDEJENTE:</b> Liv Signe vaks opp på Hundere i Sogndal. Som lita visste ho ikkje at ho ein dag skulle grua seg til å gå på skulen fordi ho blei mobba. Her er hun hos fotografen for første gang i 1959 og dokka Jane er sjølvsagt med..
BONDEJENTE: Liv Signe vaks opp på Hundere i Sogndal. Som lita visste ho ikkje at ho ein dag skulle grua seg til å gå på skulen fordi ho blei mobba. Her er hun hos fotografen for første gang i 1959 og dokka Jane er sjølvsagt med.. Foto: Privat.

Ville gjere det slutt

Liv Signe Navarsete er så vidt heimom på garden i Lærdal før ho skal vidare til Oslo, Bergen og Washington. Det er framleis travelt, må vite.

Media vil gjerne høyre historia om Liv Signe, og ho er framleis medlem av Forsvars­kommisjonen. Dessutan ble ho i haust utnevnt til statsforvaltar i Vestland fylke, ei stor ære og ei kraftig vitaminpille for ei som ein kort augneblink trudde ho snart skulle gå inn i ei tilvære som pensjonist.

– Det var jo difor eg sa ja til å gje ut denne boka, fordi eg no ville få betre tid, ler ho.

Boka ho snakkar om, er boka Eg veit ka eg snakkar om, som handler om ho sjølv og livet, om sorg, mobbing, politikk, og om det å miste den du elskar. Men ho fortel og om korleis det var å kome seg vidare med dei to døtrene. Familien er i dag det kjæraste ho har.

– Det gjekk fint å få Margunn, den fyrste dotter mi. Men då Wenche blei fødd, blei alt vanskeleg. Eg fekk fødselsdepresjon og gjekk inn i ei fødselspsykose. Eg trudde det beste var om eg tok mitt eige liv, seier Liv Signe ærleg.

Ho var så langt nede etter å ha født dotter nummer to, at ho ville gjere slutt på alt – ho måtte berre finne ein måte å gjere det på.

– Eg visste jo at eg skulle døy, så eg ville ikkje knyte meg for sterkt til ungane mine. Sjølv då eldstedotter Margunn sto foran meg og skreik, ensa eg ho ikkje, seier Liv Signe, som til slutt måtte leggjast inn til behandling.

Langfredag 4. april 1980 kom ei svært nedbrutt Liv Signe Navarsete til Sandviken psykiatriskesjukehus i Bergen. Her fekk ho sterke medisiner og tok fatt på den bratte vegen opp att mot livet slik ho kjende det og slik det skulle være.

– Heldigvis gjekk det raskt oppover igjen. Etter to månader fekk eg dra heim på besøk. Då hadde eg alt trappa ned på medisinene, noko som var ein trigger i riktig retning. Då eg sto på snøggbåten frå Bergen og nærma meg Sogndal, kjende eg at eg var over kneika.

<b>TIDLEG GIFT:</b> Då Liv Signe møtte Odd, var ho ikkje i tvil. Han var mannen ho ville dele livet med og i 1977 giftet de seg. Men hans liv vart så mykje kortare enn hennar.
TIDLEG GIFT: Då Liv Signe møtte Odd, var ho ikkje i tvil. Han var mannen ho ville dele livet med og i 1977 giftet de seg. Men hans liv vart så mykje kortare enn hennar. Foto: Privat

Å mista den ho elska

Liv Signe Hundere budde i Sogndal då ho gifta seg fyrste gongen, då med bonden og rekneskapsføraren Odd Navarsete. Ho var berre 17 år då dei møttest, han var 31.

Og ho hadde ikkje ein gong fylt 19 då ho sto brur 1. oktober 1977. Då var allereie Margunn på veg.

– Han hadde så lun humor og godt humør, og han var så lett å være i lag med, seier Liv Signe.

Ho hadde møtt ein mann som brann for levande bygder, slik ho gjorde, og som elska å gå i fjellet – slik som ho gjorde.

Dei hadde det godt saman, dei to, men for Liv Signe og dei to jentene skulle denne lukka ikkje vare lenge.

– Eg merka det på han. At noko ikkje stemte, seier Liv Signe.

Det er lenge sidan no. Tida har gjort ho godt. Smilet er der stort sett heile tida, men det kan kvile litt når ho tenkjer attende på den svarte dagen i 1992.

Odd var ikkje slik han pleide. Ho sende han til legen, men undersøkingar avslørte ikkje kor alvorleg sjuk han faktisk var.

Då Arnor, bror til Odd, ein dag fann han livlaus i siloen, hadde hjarta hans gjort sitt. Tida hans var komen.

– Det var så forferdeleg vondt at det framleis er vanskeleg å setje ord på. Det blei heilt svart, seier Liv Signe Navarsete.

Ho var berre 33 år, men allereie enkje. To tenåringsjenter hadde mista far sin. Begge trengte mora si omsorg, men dei takla sorgen på forskjellig måte.

– Vi hadde ein fantastisk prest som kom heim til oss. Han løfta opp det positive og ga oss lov til å le og glede oss over livet sjølv om Odd var død.

– Naboar og familie hjalp oss, og eg følte eg hadde eit sikkerhetsnett som holdt oss oppe. Men det var jo ikkje til å unngå at vi måtte i kjellaren innimellom. Det var mykje smerte, seier Liv Signe, som aldri var bitter.

– Det er ikkje noko hjelp i å vere bitter. Kva godt gjer det? Du får uansett aldri tilbake den du har mista. Vi hadde meir enn nok med å komme gjennom kvardagen.

– Heldigvis hadde eg mange å snakka med, det er så viktig å kunna prate og å ha nokon som vil lytte. Sorg er hardt arbeid.

Les også: (+) – Haddy Njie: Trond slo på lyset i livet mitt

<b>HEIME PÅ GARDEN:</b> I dag har dottera Margunn teke over garden i Sogndal. Sjølv bur Liv Signe på Lars Petter sin gard i Lærdal.
HEIME PÅ GARDEN: I dag har dottera Margunn teke over garden i Sogndal. Sjølv bur Liv Signe på Lars Petter sin gard i Lærdal. Foto: Gunn Gravdal Elton

Fann kjærleiken på nytt

Den gongen var det fjernt å tenke at Liv Signe skulle finne seg ein ny mann. Men allereie året etter fekk ho blomar frå ein beundrar.

Det kjentes heilt feil å skulle innleia noko. Det tok fleire år før ho tok i mot kjærleiken på nytt.

Liv Signe stryk ektemannen Lars Petter Nesse på armen. Han som nokre år seinare fekk hjarta hennar til å banka litt ekstra igjen. Dei var begge politisk aktive og høyrde til same parti.

Dei var vaksne då dei møtte kvarandre, begge med bagasje og born frå tidlegare ekteskap. At dei har elska før gjer ikkje noko. Dei lev godt med det.

– Dei fleste har elska før, har dei ikkje det? Det er jo berre fint. Det er mange i dag som har vore gift fleire gonger. Det er fint å møte folk som har budd saman i 50 år og, og som har det godt saman, men eg liker å ha det slik som oss og, med hans born, mine born, barnebarn på begge sider.

– Det er den største gåva i livet, at vi er mange som kan samlast og ha det så kjekt saman som vi har, seier Liv Signe, som fridde til Lars Petter på skotårsdagen i 2008.

Fire år før prøvde ei niese å få Liv Signe til å fri, men då var ho ikkje klar for det. No hadde tanken fått modna seg.

Ho og Lars Petter hadde flytta saman på garden hans i Lærdal, og dei visste at dei ville halda i hop resten av livet.

– Det kom likevel litt bardust på meg, men eg sa no ja, så klart, seier Lars Petter lunt og innrømmer at smilet til Liv Signe var det som sjarmerte han fyrst.

– Ho smiler jo heile tida, seier han.

FANT KJÆRLIGHETEN: Liv Signe fant kjærligheten på nytt i Lars Petter.
FANT KJÆRLIGHETEN: Liv Signe fant kjærligheten på nytt i Lars Petter. Foto: Privat

Frykten for å miste nokon

Ute på låveveggen heng eit stort hjarte som dei to har laga saman. Når kveldane vert mørkare, tenn dei ljosa og let det store hjarta være ein retningsvisar for livet deira framover.

– Vi er så gode vener, det er dette vennskapet som ligg i botnen. Om eg er ute og reiser, ringer eg Lars Petter kvar morgon og kvar kveld. Det første eg gjer når eg vaknar, og det siste eg gjer før eg legg meg, seier Liv Signe, som fekk seg ein støkk ein gong Lars Petter ikkje svara på telefonen.

– Eg har jo ein gong opplevd å mista nokon eg er glad i, men er overraska over kor sterkt eg reagerte då han ikkje svarte. Eg hadde hjarta i halsen og måtte ringe ein nabo for å få ho til å sjekke om noko var skjedd, seier Liv Signe.

Det viste seg at Lars Petter berre hadde gløymt mobilen då han dro på jobb. Han gløymer den ikkje fleire gonger.

Då Liv Signe var born, var det hos farmor på loftet ho hadde dei beste stundene.

For Liv Signe var Oline Hundere heilt eineståande. Kjærleg og myndig.

– Ho lærte meg å strikka og brodera, eller vi høyrte på Barnetimen for dei minste på NRK saman. Eg kan framleis hugse den fyrste klokkestrengen vi sydde i lag. Den var litt ujamn heilt nederst, men farmor ville ikkje ta det opp att.

– Det er eg glad for i dag. Klokke-strengen var det einaste eg ba om å få etter farmor då ho døydde, seier Liv Signe, som framleis har klokkestrengen hengande på veggen i hytta på Filefjell.

– Farmor hadde alltid tid. Vi hadde eit heilt fantastisk forhold.

Mobbinga har satt preg

Kanskje var det hos farmor lille Liv Signe søkte trøyst då ho i barndommen blei mobba på skulen. For ho fortalte aldri heime at dei større skuleborna var slemme med ho.

<b>DEN KJÆRASTE:</b> Farmor Oline på loftet var den Liv Signe alltid søkte til. Farmor hadde alltid tid. Her med Liv Signe (til høgre) og syskenbarnet Tove.
DEN KJÆRASTE: Farmor Oline på loftet var den Liv Signe alltid søkte til. Farmor hadde alltid tid. Her med Liv Signe (til høgre) og syskenbarnet Tove. Foto: Privat

Dei erta og stengte ho inne på do, eller dei sperra vegen for ho på veg heim frå skulen. Ofte fekk ho ikkje bli med å leike, og ho blei alltid vald sist når det var lagspel i gymtimen.

– Eg grudde meg av og til slik til å gå på skulen at eg kasta opp. Eg har mange gonger lurt på kvifor eg aldri sa noko heime, men eg skamma meg og trudde det var meg det var noko galt med.

Mobbinga har satt sitt preg på 64-åringen.

Sjølv i dag kan ho kjenne på kjensla av ikkje å være god nok. Tru at ho ikkje er velkomen og føle seg utanfor.

– Som berre Liv Signe kan eg framleis gå inn i eit rom og kjenne meg usikker på om folk vil eg skal være der. Men om eg har ei rolle, som politikar, styremedlem eller statsforvaltar – då kjenner eg meg trygg.

Les også: (+) Øystein vet at samtalen med kona kan være hans siste. Da han legger på, ringer telefonen igjen

Trua er viktig

Liv Signe Navarsete var statsråd i åtte år under Jens Stoltenberg.

Ho sit enno i Forsvarskommisjonen, og sist sommar takka ho ja til å være statsforvaltar – det som tid­legare heitte fylkesmann – i Vestland fylke. Som politikar og partileiar har ho vorte utskjelt, omstridt og mobba, men og høgt elska.

Ei sak som grensa til mobbing, var då ho mottok ei grov melding frå ein eller fleire partikolleger etter ein fest. Ingen veit kven som sendte meldinga, saka vart henlagt, og Liv Signe valgte å gå vidare.

Ho har lagt saka bak seg, men er oppteken av at slikt bør ordnast opp i. Det er ein ukultur på arbeidsplassar og i partiet som ikkje er greit.

– Men eg kastar ikkje bort tida med å være bitter. seier Liv Signe, som er vokst opp i ein kristen heim. Trua har ho teke med seg gjennom livet, og ho trur fullt og fast at kristentrua har gjort ho til ein meir omsorgsfull politikar.

– Trua mi har vore avgjerande i mange saker der eg har sett menneske foran politikken. Det vi avgjer i storting og regjering får følger for folk, og kan bety mykje for einskildmennesker. Det må vi aldri gløyme.

Denne saken ble første gang publisert 10/03 2023.

Les også