God litteratur

- Eg har halde meg unna Knausgård fordi eg ønska å vera ein god feminist

Men han har gitt Mariell noko som ingen annan forfattar har gitt ho før.

BARNDOM: Karl-Ove Knausgård har gitt Mariell nøklar til barndomsminne ho trudde var tapt for alltid.
BARNDOM: Karl-Ove Knausgård har gitt Mariell nøklar til barndomsminne ho trudde var tapt for alltid.
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

På veg tilbake til London etter ein tur i Noreg stod eg på Ark på Gardermoen og leitte etter noko å lesa. Orkar ikkje å lesa enda ein debutroman om ein forfattar som slit med å skriva. Orkar ikkje å lesa nokon sterk historie om ein forferdeleg barndom. Orkar ikkje nokon historisk roman eller gripande historie.

I ein haug på eit bord låg det to nye bøker som eg ikkje har høyrt eit pip om, nemlig dei to første binda i Knausgård sin nye encyklopedi til sitt ufødte barn. Eg starta å lesa i den første, Om Høsten, og vart ståande.

Politikk

Eg har halde meg unna Knausgård, halvparten fordi eg har vore så overvelda av verka hans og ikkje visst kvar eg skulle starta, og halvparten fordi eg har vore forvirra og ønska å vera ein god feminist. Men litteratur og politikk er ikkje alltid ein god kombinasjon, og om ein held seg unna for påtekne noble grunnar, som i mitt tilfelle, går ein glipp av så mykje.

Hamsun var ein landssvikar, men Pan er ein av dei beste og mest formande bøkene eg nokonsinne har lest. Hitchcock var ein kontrollfrik av ein mannssjåvinist, men eg kjem aldri til å slutta å sjå og la meg inspirera av filmane hans, estetikken hans.

Eg elskar Knausgård på same måte som ein elskar ein venn som aldri har gjort ein sjølv noko, men som ein veit at har vore ein drittsekk mot andre som ein kjenner.

Veg til barndommen

Men, han har gitt meg noko som ingen annan forfattar, mann, kvinne eller barn har gitt meg før nokon gong: Ein veg tilbake inn i barndommen.

Ein av mine store sorger i livet, som eg har brukt timar, veker og månader på å fundera over og analysera, er kor lite eg hugsar av mine tidlige år.

Minne

Eg har kunna hugsa ei generell kjensle, folk i nabolaget og deira eksakte kroppspråk. Kva bilar naboane våre hadde og kven som opna døra eller ikkje når ein skulle selga lodd.

Eg kan til og med gå gjennom barndomsheimen min, rom for rom, og sjå tapetet som for lengst er måla over, kvar støvsugaruttaka var, holet i veggen bak pipa i andre etasje der eg ein gong mista ein hamster som aldri fann vegen ut att. Men det slår meg kvar gong nokon fortel ei historie frå barndommen, om den gongen dei var åtte år, kor få av mine eigne historiar som finst der.

Kun lange periodar og bittesmå glimt, vanar og personar, har vorte verande hos meg. Somrane med trehusbygging og stallbesøk, det konstante stresset om å rekka skulebussen, ekkoet i idrettshallen på håndballtrening, lukta av Prince Mild på kjøkkenet og kor forsiktig ein fekk gå over golvet når pappa spelte vinylplater.

Då eg var 12 år og gjekk meg vill på fjellet og måtte bli henta med helikopter morgonen etterpå.

Kunstens magi

Men for kvar side eg les meg innover i Om Høsten så strøymer det på med minner, konkrete kjensler frå barndommen og bilder, scener som eg ikkje har sett på femten, tjue år. Det er den overveldande magien som kan oppstå i møte med kunst, magisk fordi kunstnaren aldri kan planlegga, bestemma eller forutsjå det.

Det gløymde

I møtet mellom meg og Knausgård kom det som ein flaum. Akvariet eg hadde i garasjen fullt av froskeegg og kjensla av å stikka handa nedi blant dei augeeplelignande skapningane. Og dei påkøyrte froskane, ved bekken der me henta egga, som alltid låg langstrakte som i anatomiske tegningar.

Den gongen me kom fram til Oslo i ein horribel storm og pappa skifta på meg støvlar før me gjekk inn så eg skulle vera trygg for lynet. Dei som eigde campingplassen som gav oss bringebærdrops om me reiste derifrå. Lyden av mamma sine sandalar og moppen over golvet, metallet som gnissar mot kvarandre ved kvar minste rørsle, ho har tunga ut i konsentrasjon.

Føttene ut av vindauget i 200 km/t på ein tysk motorveg, kjensla av å vera så innmari rik på tyske bensinstasjonar med lomma full av framand valuta. Banana split på ei ungarsk strand.

Den gongen pappa køyrde på eit dyr ein svartmørk haustkveld, å sjå han i lyset frå frontlyktene på bilen der han drog den livlause kroppen til grøfta, det triste draget over fjeset hans då han kom tilbake inn i bilen og konstaterte at det var ein villkatt.

Takk, Knausen

Eg skylder deg ein takk, Knausen. For at du tok fram ein spade og hjalp meg å grava meg bakover. Og for den historia om då du pissa i soveposen din.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer? Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 23/03 2016, og sist oppdatert 28/04 2017.

Les også