Slik får pappa sonen til å sovne når mamma ikkje er heime

Dagens søtaste.

Publisert

(FIRDA): Han er glad i å spele ukulele og gitar. Då festar han Lucas (snart sju månadar) på magen for å kunne spele samtidig. Og det likar Lucas.

– Han er fascinert av både ukulele og gitarspel og sovnar når eg spelar, seier Steven Desilets til Firda.

Det resulterte i at Steven spelte inn videoen der han spelar «Somewhere over the rainbow» der Lucas blir byssa i søvn.

Når mor er på yoga, syng far

Mor Gunhild Desilets driv Florø Yoga & Velvære studio. Det betyr at ho jobbar ein del på kveldstid. Då spelar Steven for sonen.

- Han held handa mi medan eg spelar, og så sovnar han omtrent alltid, seier Steven.

Kva melodi han spelar er ikkje så nøye.

  - Eg spelar ulike songar. Eller så lagar eg mine eigne songar. På ukulele høyrest det ganske fint ut nesten uansett kva du spelar. Det er ikkje alltid eg brukar vokal, seier Steven.

Held babyen tett med song og dans

Då dottera Millie Rose (4) var lita las foreldra boka «Happiest baby on the block».

- Der lærte vi å halde babyen nærme. Det har vi gjort sidan, seier Steven.

Den gong spelte ikkje Steven, men dansa med dottera til musikk. No er ukulelen blitt suksess.

 - Når begge foreldra jobbar må ein gjere det ein kan. Vi brukar Babybjørn til det meste; når vi går i byen eller når vi skal gjere noko i huset.

For når Lucas er nær likar han seg godt.

 - Han grin aldri når han heng der. Han ser seg rundt eller viss eg gir han noko å leike med gjer han det. Då kan ein få gjort andre ting, seier pappaen.

Etter å ha publisert videoen på Facebook har han fått mange tilbakemeldingar.

- Ei venninne prøvde det på dottera si, ho sovna også, seier pappaen.