Juletradisjonar i Herborgs barndomsheim

Herborg Kråkevik gjenoppliva nasjonal juletradisjon: – Forsto ikkje den gongen kva for ein skatt eg hadde i hendene

Herborg Kråkevik har mange gode juleminne frå den lille bygda ho veks opp i.
Når kyrkjeklokkene ringer på julafta, kjem den heilt spesielle julekjensla.
Det gjer den òg når ho og broren opnar den 200 år gamle kista etter bestemor.

<b>LEVER VIDARE:</b> Herborg forsto at tradisjonen med julehefta var dyrebar, og at den ikkje måtte forsvinne. 70 år etter at det aller siste «Juleroser» kom ut i 1944, gjenopptok ho tradisjonen.
LEVER VIDARE: Herborg forsto at tradisjonen med julehefta var dyrebar, og at den ikkje måtte forsvinne. 70 år etter at det aller siste «Juleroser» kom ut i 1944, gjenopptok ho tradisjonen. Foto: Gunn Gravdal Elton
Sist oppdatert

Snøen har allereie vore innom og reist igjen.

Det nærmar seg jul, og det
lille småbruket Drebrekke ligg godt skjult for omverda, omkransa av høge grantre og bratte fjell. Ein gong kunne du sjå husa på garden frå vegen, men no er trea blitt for høge.

Når du køyrer grusvegen som går opp til garden, opnar landskapet seg, og du kan sjå ei lita klynge med bygningar som dannar eit idyllisk tun av gamle hus. I mørket skin varme ljos frå vindauga og vekker til liv tankar og minner frå barndommen.

– Dette er stova som Bestå budde i. Ho døydde i 1991, men stova er nesten slik som då ho var her, seier Herborg Kråkevik og opnar døra til ei god og varm stund i ei bitte lita stove.

Lita, men likevel stor nok til å romme heile verda. For Bestå var oppteken av geografi og kunne navnet på alle byane langs Donau, og sjølv om ho aldri reiste mykje sjølv, var atlaset ofte framme.

<b>SPENNANDE</b>: Herborg har opna kista til bestemor og viser dei gamle julehefta til tanteborna Johannes og Ingeborg.
SPENNANDE: Herborg har opna kista til bestemor og viser dei gamle julehefta til tanteborna Johannes og Ingeborg. Foto: Gunn G. Elton

Ho leste mykje, og ho skreiv songar. Og i det eine hjørnet i stova, der sto den gamle kista som romma ei verd av eventyr og draumar. Den som ingen fekk opna før til jul.

– Her inne fekk me krumkaker med moltekrem på julafta, seier Herborg.

– Bestå var religiøs og gamaldags kristen. Eg lærte at 1. juledag er den største av alle helligdagane våre. Framleis kjenner eg at eg blir irritert om det kjem besøk den dagen. Då skal vi ha julefred eller gå i kyrkja. Me gjekk fast i kyrkja 1. juledag, aldri på julafta. Fyrste gongen eg var i kyrkja på julafta, var faktisk etter at eg hadde flytta til Danmark, seier Herborg, som bur i Danmark med mann og to born.

Les også: Wenche Myhre avslører familiens «geniale» pakketradisjon: – Jeg vil anbefale andre å adoptere den

TV utan bilete

Herborg er oppteken av å ta vare på tradisjonar, men ein tradisjon har ho gitt slipp på. Medan dei åt lutefisk på julafta i Jondal, er det no pinnekjøt på menyen i Danmark.

Ho håpar ho lukkast med å bringa vidare den gode kjensla av jul som ho sjølv vaks opp med.

– Me vakna alltid til lukta av mjølkekaker. Etter at me fekk fjernsyn, såg me alltid «Tre nøtter til Askepott». Men det tok lang tid før me fekk fjernsyn. Det fyrste året var då «Skomakergata» vart sendt på NRK. Kanskje det var derfor mor og far kjøpte fjernsyn? undrar Herborg og hugsar kor dårleg dekning det var i dalen.

– Me hadde TV med an­tenne, og me fekk ikkje klare bilete. Lyden var derimot god. Og fornemmelsen av at det inni der var ei historie, det var utruleg stort.

At dei lenge ikkje hadde TV, gjorde radioen desto meir verdifull. Ei eiga sending på NRK lot kyrkjeklokker over heile landet kime i beste ­sendetid. Dei høyrde Terje Vigen og dikt av Wergeland.

Og Bård, bror til Herborg, ville halda på kjensla av jul så lenge som mogeleg, så han spilte radioprogramma inn på kassett og høyrte dei om att og om att.

– Ei av dei finaste gåvene var då eg fekk kassettspelar. Eller då eg fekk trøbil. Og slalåmski. Det var ingen andre her som hadde slalåmski. Eg trakka opp bakkane, minnast Bård Kråkevik. Herborg hugsar best rattkjelkane dei fekk begge to.

<b>DYREBART:</b> Då roen senka seg i stova til bestemor, las mor eller far frå hefta.
DYREBART: Då roen senka seg i stova til bestemor, las mor eller far frå hefta.

– Eg fekk svart, du fekk blå. 1. juledag var me ute og sklei. Me rann ned bakken mot vegen og ville vise alle kor fort me kunne skli. Det var nok ikkje heilt trygt, humrar Herborg.

Les også: «Kjære julenisse. I år ønsker jeg at det ikke er jul»

Ei mystisk verd

– Det beste då me var små, var at bestemor òg bodde her, og at me fekk ta del i godene frå alle generasjonar, seier Bård. Det er han som har teke over garden på Drebrekke.

I lag med foreldra har han restaurert husa og gjort det godt å bu her inne for seg, kone og dei to borna Ingeborg og Johannes.

– Det å høyre dei gamle fortelje, var som å kome inn i ei mystisk verd. Eg ville helst høyre historiane fleire gonger slik at eg ikkje skulle gløyme dei, seier Bård, som såg på dei gamle som ein del av naturen inne i Krossdalen i Jondalen.

<b>BESTÅ:</b> Dei var eldre før. På så mange måtar. Bestå var gamaldags både i utsjånad og i meiningar.
BESTÅ: Dei var eldre før. På så mange måtar. Bestå var gamaldags både i utsjånad og i meiningar. Foto: Gunn Gravdal Elton

Kvar julafta medan han var ­liten gut, gjekk han ut om ­ettermiddagen. Då vandra han oppover dalen i ein time med litt moltesyltetøy eller mjølkekaker for å besøke nokon av dei eldste i dalen. Det var ­magisk å kome på besøk ­akkurat medan dei pynta juletreet på sjølve dagen.

– Dei gamle var kanskje ikkje så gamle i alder, men ei bestemor den gongen var mykje «eldre» enn ei bestemor er i dag. Bestå var frå ei heilt anna tid. Far er født i 1931 og Bestå i 1903. Ho var gamaldags både i utsjånad og i ­meiningar. Me fekk til dømes ikkje lov å le og hildra oss på langfredag, seier Herborg, som lurte seg til å le litt likevel.

– Me gjekk jo på ski i påske­ferien på langfredag òg. Der var ikkje bestemor, og me kunne både le og hildra oss.

Rein luksus

<b>1944:</b> Det aller siste av dei gamle «Juleroser» kom i 1944 – etter 63 år som årleg julehefte.  
1944: Det aller siste av dei gamle «Juleroser» kom i 1944 – etter 63 år som årleg julehefte.   Foto: Gunn Gravdal Elton

Herborg og Bård vaks opp på Drebrekke. Her hadde dei det godt, sjølv om det ikkje var den luksus som mange lever med i dag.

Og dei visste litt om dei trange kåra besteforeldra hadde opplevd. Bestemora var som mange andre jenter på denne tida, taus på ein annan gard i Kråkevik på den andre sida av fjella. Der møtte ho mannen sin, og dei fyrste åra budde dei på eitt rom og kjøken.

– Minstemann Einar måtte sove i ei kommodeskuffe. Kjøkenet delte dei med ein ­annan familie.

Men då Herborg og Bård sin oldefar vart sjuk, ville ikkje sonen overta garden. Han ville heller bli lærar og overlot odelen til systera.

– Då dei kom hit, sprang ungane lukkelege rundt i huset og fann soverom til alle. Det var rein luksus. Huset som i dag vert rekna som lite, var stort for dei den gongen, seier Herborg. Både ho og Bård synes det var fantastisk å vakse opp på Drebrekke.

– Eg sakna berre ein einaste ting då eg vaks opp, og det var å kunna gå til venene mine. Me fekk lov til å halde på med alt mogeleg rart. Og så hadde me jo dyr. Bård hadde «mildesnilden» – ein sau han passa ekstra godt på. Han kjende det på seg når dei kom for å henta sauen til slakting. Tre gonger redda han «mildesnilden» ut av slaktebilen, seier Herborg.

<b>I STOVA:</b> Bestå døydde i 1991, 88 år gamal. Stova ho budde i, står framleis som då ho levde.
I STOVA: Bestå døydde i 1991, 88 år gamal. Stova ho budde i, står framleis som då ho levde. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Den var så snill, føyer Bård til.

«Mildesnilden» blei aldri slakta. Då den døydde, var det på fjellet før hausten kom. Då var tida komen.

Les også: (+) Søsteren min foreslår at vi skal slutte å gi julegaver til hverandre, men jeg elsker jo gaver

Samla på julehefter

<b>JULEFRED I STOVA: </b>– Her inne fekk me krumkaker med moltekrem på julafta, seier Herborg.
JULEFRED I STOVA: – Her inne fekk me krumkaker med moltekrem på julafta, seier Herborg. Foto: Gunn Gravdal Elton

Lenge før Herborg og Bård vart fødde, begynte mor Olaug og far Tryggve å samle på gamle julehefter.

Dei fekk tak i heftene via antikvariater, og kjøpte kanskje eitt eller to ­hefter kvart år. Dei kosta nok ein god del, og då borna vaks opp, fekk dei aldri lese i heftene før dei hadde vaska henda.

Dei kunne heller ikkje berre halde hefta korleis dei ville. Mor var nøye på at ein måtte halde bladet høgt og med ­begge hender slik at omslaget ikkje gjekk i oppløysing.

– Fyrst på julafta, då middagen var ferdig og pakkane opna og me hadde falt litt til ro, då leste mor eller far frå hefta. Ei forteljing eller eit dikt. Eg hugsar koss far lo då han leste om familien på Gilje, seier Herborg og smiler av minna som kjem over ho.

Sjølv var ho mest oppteken av bileta i hefta.

– Det var stas å bla i hefta og sjå på dei flotte bileta. Eg forsto ikkje den gongen kva for ein skatt eg hadde i hendene. Men eg visste at det måtte vera noko dyrebart, seier Herborg, som mange år seinare skulle ta opp att tradisjonen med julehefta «Juleroser».

«Juleroser» var det fyrste «ordentlege» juleheftet i Norden, og det kom ut fyrste gong i 1881 i København.

Forleggjar Ernst Bojesen fekk bidrag frå kunstnarar i alle nordiske land. Frå Norge bidrog mellom anna Jonas Lie, Knut Hamsun, Henrik Ibsen og Sigrid Undset med tekstar i heftene.

Det var òg kunstvedlegg som folk kunne henga på veggen, påkosta trykk av kunstnarar som Theodor Kittelsen, Erik Werenskiold og Nikolai Astrup.

Se mer

Les også: – Jeg er vokst opp med at juletreet ble tatt inn i stuen og pyntet like før julaften

Juleroser gjenoppsto

<b>GAMALT:</b> Allereie i 1881 kom det første heftet «Juleroser» ut. Heime hos Bård Kråkevik er kista full av gamle hefter foreldra har samla på.
GAMALT: Allereie i 1881 kom det første heftet «Juleroser» ut. Heime hos Bård Kråkevik er kista full av gamle hefter foreldra har samla på. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Det siste av dei gamle hefta med navnet «Juleroser» kom ut i 1944. Då eg oppdaga at dette var ein tradisjon som var forbi, tenkte eg at desse hefta måtte finnast og ikkje bli borte. Og då kom tanken om å gjenoppta tradisjonen med julehefta.

Då Samlaget inviterte Herborg til eit møte og spurte om ho hadde nokre gode bok-idear, fortalde ho i forbifarten om draumen ho hadde om å føre vidare tradisjonen med julehefta. I 2015 vart draumen ein realitet.

– Eg trur at om det er ei meining at ting skal skje, då skjer det. Og slik har det vore med «Juleroser».

Dei fyrste Herborg spurte om å skrive i heftet, var Herborg Wassmo og Ørnulf Opdahl. Herborg Wassmo sa at ho hadde sjølv vakse opp med julehefter på loftet der dei låg side om side med «forbudte» Hamsun-bøker.

<b>KUNST:</b> Då Bård og Herborg Kråkevik vaks opp, var julehefta ein del av julepynten. Å lesa i hefta, var ikkje lov før dei hadde vaska henda og lært seg korleis halde heftet riktig.
KUNST: Då Bård og Herborg Kråkevik vaks opp, var julehefta ein del av julepynten. Å lesa i hefta, var ikkje lov før dei hadde vaska henda og lært seg korleis halde heftet riktig. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Eg var redd for å foreslå noko for ho – men då eg nemnde julesorg for ho, kom berre orda fossande ut av Herbjørg Wassmo om skilsmisser, skilsmissebarn og sorg i julehøgtida. Det blei ei fin forteljing. Og då eg kontakta kunstnaren Ørnulf Opdahl, viste det seg at han òg hadde vakse opp med dei gamle ­hefta.

Sidan har mange av dei største norske forfattarane fortalt historiar eller skrevet dikt i bladet. Artistar som Aurora og Karoline Krüger har bidratt med nyskrevne julesongar. I tillegg ligg det flotte kunsttrykk frå norske biletkunstnarar som du kan ta ut og ramme inn om du vil.

«Juleroser» er eit blad somhar hausta store ord frå anmeldarar over heile Norge.

Lyden av klokker

Herborg Kråkevik og Samlaget relanserte «Juleroser» i 2015.

I år er det bidrag frå mellom andre Linn Ullmann, Sissel Kyrkjebø, Kjartan Fløgstad, Einar Økland og Marianne Heske.

Musikar Daniel Kvammen bidreg med ein heilt ny julesong.

Du kan òg sjå den unike decoupagekunsten som H.M. Dronning Margrethe II av Danmark har laga til «Snedronningen» avH.C. Andersen.

Årets framside er spesiallaga av Christer Karlstad.

Se mer

No sender Herborg Kråkevik ut tonnevis av nylaga julekunst og nostalgi kvar jul. Men klarer ho å finne fram til den gode kjensla heime hos seg sjølv?

– Eg høyrer alltid «Kimer i klokker» på NRK medan eg lagar middag. Eg er ikkje så glad i mobilbruk i jula, men sidan eg som regel er i Danmark på julafta, er den god å ha for å få inn norsk radio. Og så høyrer eg A-moll­konserten på nyttårsafta, seier ho og fortel at det beste er å vera saman med dei næraste i jula.

– Eg trur born har noko av den same kjensla av forventning som den me sjøl kjende på då me var små. Om 20 år sit dei kanskje og snakkar om sine juleminner på same måten som me gjer no.

Både Herborg og Bård trekk fram ein ting som vekker noko heilt spesielt i dei:

– Uansett om du er religiøs eller ikkje, er klangen av kyrkjeklokkene noko som gjev oss ei heilt spesiell kjensle.

Denne saken ble første gang publisert 28/12 2023, og sist oppdatert 28/12 2023.

Les også