Patroner til hjortejakt

Dette er de beste patronene til hjor­te­jakta

Viltekspert Jørund Liens beste tips: Dette avgjør hvilke patroner du bør velge.

Pluss ikon
<b>Tok største hjort i New Zealand:</b> Jørun Lien med 7 mm Remington Magnum, Federal 160 grs Trophy Bonded, og en stor hjort i New Zealand. Her er han beste tips til hvilke patroner du burde bruke.
Tok største hjort i New Zealand: Jørun Lien med 7 mm Remington Magnum, Federal 160 grs Trophy Bonded, og en stor hjort i New Zealand. Her er han beste tips til hvilke patroner du burde bruke.
Sist oppdatert

Min før­s­te hjort vart felt midt på åttitalet un­der temmeleg tra­di­sjo­nell vest­lands­jakt. Rett dyr kom – ein åttetaggers bukk – og gjekk rett ned i smel­len for ei Nosler frå 6,5-06.

Hjort num­mer to fall nes­te dag for ei 200 grs Sier­ra GameKing med den gam­le 30-338 snauflaterifla i bratt vest­lands­ter­reng.

Si­dan har eg fått opp­le­ve hjor­te­jakt i man­ge for­skjel­li­ge for­mer i man­ge for­skjel­li­ge land. Alt frå Sve­ri­ge, Skott­land og vidare ned­over i Eu­ro­pa til Spa­nia og Portugal.

Og ikkje minst på and­re sida av jord­klo­den i New Zea­land.

Der min stør­ste hjort fall for ei 160 grs Tro­phy Bonded i 7 mm Re­ming­ton Mag­num et­ter fleire dagar med vand­ring i ter­reng som ikkje står til­ba­ke for det mes­te av vest­lan­dets bak­kar.

Har felt flere hjort i utlandet enn i Norge

I mot­set­ning til våre and­re tre hjor­te­vilt har eg fak­tisk felt fleire hjort i det sto­re ut­land enn på nors­ke jakt­mar­ker. Heilt klart flest i Por­tu­gal, både un­der Monteria og på smyg­jakt.

Av pat­ro­ner og ka­li­ber er det så at eg ikkje har jakta hjort med like man­ge for­skjel­li­ge som på elg­jakt. Men spen­net er li­ke­vel så­pass stort som frå 243 Win­ches­ter til 9,3x62.

For å star­te med den mins­te, var det to skots­ke hjortar som fall for 243–en. Heilt greitt det, i Skott­land er 243 Winchester rekna som "pro­per" hjorte­pat­ron.

I mot­set­ning til lo­ver og reglar her i lan­det, og ein del and­re eu­ro­pe­is­ke land, der ein stort sett må opp i ka­li­ber til 6,5 mm med stør­re kule­vekt enn 100 grs/6,5 gram for å opp­fyl­le jaktlovas min­ste­krav.

Det er og heilt greitt, for marginane er unekteleg at­skil­lig mind­re med 100 grs 6 mm kule enn med 140 grs 6,5 mm.

6,5 mm med 9 grams kule passer bra i Norge

Sjølv om 243 Win og and­re 6 mm pat­ro­ner fullt og heilt er i stand til å fel­le hjort med vel­retta, kontrollera skot mot stilleståande vilt i meir el­ler mind­re ope land­skap, er nok 6,5 mm med 9 g kule meir for­nuf­tig på norsk hjor­te­jakt.

At­skil­lig my­kje grøv­re 9,3x62 har eg bare jakta hjort med ei einaste gong. Det var på ei in­vi­ta­sjons­jakt i Por­tu­gal der kvar je­ger kun­ne fel­le ein bukk og to­talt fem hjort.

Fem hjortar fall for 9,3-en i lø­pet av Monteriaen, alle kom i meir el­ler mind­re god fart. Tre la seg i smel­len, og to forsvann et­ter skot. Den eine kom om­trent 20 me­ter, og den and­re nærare 50 med treff rett bak bog.

Om 9,3x62 med 18,8g kule gjev be­tre skoteffekt på hjort enn 30-06 og 308 Win­ches­ter? Tja, sei det du!
Om 9,3x62 med 18,8g kule gjev be­tre skoteffekt på hjort enn 30-06 og 308 Win­ches­ter? Tja, sei det du!

Nå er sjølvsagt ikkje fel­ling av fem hjort nok til å på­stå noko som helst om skoteffekt, pat­ron og kule. Men mitt inn­trykk frå den­ne jakta var li­ke­vel at 9,3x62 med 18,8 g kule ikkje var påtakeleg my­kje meir ef­fek­tiv enn for eks­em­pel 30–06. Som og er patrona eg har flest hjort med utanlands.

Eg har og felt fem hjort med 156 grs Oryx i 7 mm Bla­ser Mag­num. Og fem med 7 mm Re­ming­ton Magnum 170 grs Nor­ma PP. Alle med god skoteffekt, men korleis re­sul­ta­tet såg ut et­ter skotet veit ikkje eg.

Det er viltoppkjøparane og ikkje jegerane som gjer opp vil­tet et­ter ein stor Monteria.

Les også (+): Kri­ti­se­rer NJFF og Skyt­ter­for­bun­det: – Si­tua­sjo­nen er helt uhold­bar

Tok største hjort i New Zealand med Fed­er­al 160 grs Tro­phy Bonded

Min stør­ste hjort fall kon­tant for 7 mm Re­ming­ton Mag­num, den­ne et­ter eit skot med Fed­er­al 160 grs Tro­phy Bonded tvers over ein dal i New Zea­land.

Skothaldet var, om ikkje spek­ta­ku­lært langt, langt nok. Men til tross for at 160 grs Tro­phy Bonded er i klas­sen for temmeleg har­de ku­ler, gav den li­ke­vel nok skoteffekt til at hjor­ten fall meir el­ler mind­re i smel­len.

Så og min nest stør­ste hjort som kom i god fart på om­trent fem­ti me­ter. Den gjekk ned i smel­len for ei av dei før­s­te Nor­ma EcoStrike 150 grs 308 Win­ches­ter.

Den­ne hjor­ten fall i smel­len for før­s­te skot med ei av dei før­s­te Nor­ma EcoStrike i Re­ming­ton Se­ven 308 Win­.
Den­ne hjor­ten fall i smel­len for før­s­te skot med ei av dei før­s­te Nor­ma EcoStrike i Re­ming­ton Se­ven 308 Win­.

På nytt god ef­fekt frå hard kule, men mest truleg meir på grunn av skotplassering.

At har­de, ho­mo­ge­ne koparkuler kan gje umid­del­bar skoteffekt på hjort visa 35 Whelen ladd med gam­le 180 grs Barnes X i nær 900 m/s utgangshastigheit ein haust på vest­lan­det. Men det er ein fak­tisk forskjell på 9 mm kule i høg hastigheit, og 30 ka­li­ber ho­mo­gen frå 308 Win­ches­ter.

Ein for­skjell som aukar med minkande løps­leng­de.

Ho­mo­gen bly­frie bør velge let­te ku­ler for ka­li­ber

Har­de, ho­mo­ge­ne ku­ler bør ha nær sagt så høg anslagshastigheit som råd for å gje rask og ef­fek­tiv ekspan­sjon i halv­stort hjor­te­vilt.

Nå kan ein sjølvsagt inn­ven­de at ein stor hjorte­bukk er at­skil­lig stør­re enn elg­kalv, en­kel­te og stør­re enn ein halv­an­na års elg. Li­ke­vel er gjen­nom­snittsvekt og -stør­rel­se mind­re for hjort enn elg. Der­for bør den som vil jak­te med ho­mo­gen bly­fri velje let­te ku­ler for ka­li­ber.

Ho­mo­gen kule, re­la­tivt lett lodda kule, mo­der­ne jakt­kule med plast­tupp og høg bc, el­ler god, tung storviltkule til hjor­te­jakt?
Ho­mo­gen kule, re­la­tivt lett lodda kule, mo­der­ne jakt­kule med plast­tupp og høg bc, el­ler god, tung storviltkule til hjor­te­jakt?

Med gjeldande krav om 9 gram som mins­te vekt for stor­vilt­ku­ler er 6,5 mm og ho­mo­ge­ne eit pro­blem. I 7 mm pat­ro­ner med tilstrekkeleg høg utgangshastigheit er ho­mo­ge­ne 139 grs GMX, 140 grs Barnes TSX/TTSX og Nor­ma EcoStrike greie nok.

Så og ho­mo­ge­ne 150 grs i 30–06 og stør­re 30 ka­li­ber patroner.

Til 308 Win­ches­ter ville lettare vere be­tre, særleg når manglande løps­leng­de gjer sitt til å be­gren­se utgangshastigheita.

Les også (+): Den erfarne jegeren hadde aldri gjort noe galt – så gjorde han en skjebnesvanger tabbe

Om du vil jakte blyfritt

Om vekt­kra­vet ikkje var 9 gram, kun­ne 130 grs Barnes TTSX vere passande ho­mo­gen kule i 308 Winches­ter til hjor­te­jakt. I dag kan 140 grs Hornady MonoFlex vere verdt å prø­ve for den som vil jak­te bly­fritt.

Jakt­ku­ler med man­tel og tinn­kjer­ne er eit anna bly­fritt al­ter­na­tiv, der RWS EVO Green er eitt eks­em­pel. Min er­fa­ring med EVO Green er topp pre­si­sjon, rask eks­pan­sjon og god skoteffekt.

Utan at eg slett ikkje har skote like man­ge EVO Green på jakt som på papp­ski­ve, er li­ke­vel mitt inn­trykk er at fragmenterande ku­ler kan set­te betydelege spor et­ter seg i vil­tet.

Mest vanleg jakt­kule på hjor­te­jakt er ennå bly­spiss­ku­ler i ein el­ler annan form, som bly­spis­sen og er til all annan stor­vilt­jakt. Men bly­spiss er eit tema med man­ge variasjonar.

Enkle og avanserte kuler

Ein kan få kjøpt pat­ro­ner ladd med alt frå enk­le, ukomplisera ku­ler med bly­kjer­ne i meir el­ler mind­re eks­pan­sjons­vil­lig tambakmantel. Til avansera su­per­ku­ler med blykjerna fast­lodda til man­te­len, med mel­lom­vegg el­ler ku­ler med bly­kjer­ne fremst og ho­mo­gen bak­part.

Dei fles­te jegerar som har meir enn litt er­fa­ring og in­ter­es­se for jakt­ku­ler, veit at for­skjel­len på korleis for­skjel­li­ge bly­spiss­ku­ler opp­fø­rer seg un­der eks­pan­sjon er stor.

Og sjølv dei minst in­ter­es­ser­te kjen­ner godt til for­skjel­len i pat­ron­pris.

Beste kule kommer an på egen jakt og ønske om skuddeffekt

Kva er så den beste pat­ron og kule til hjor­te­jakt? Sva­ret på det­te må til ein viss grad vurderast ut frå eigen jakt og eigne ynskje om skoteffekt.

For man­ge av dei som jaktar hjort i bratt og ulendt ter­reng kan god skoteffekt vere mest vik­tig. Så og til jakt på inn­mark i dårleg lys – natt­lege et­ter­søk er ikkje det ein helst vil ha.

Sjølv om skotplassering all­tid er mest vik­tig for god og umid­del­bar skoteffekt, kan li­ke­vel val av kule gjere ein for­skjell. Lodda bly­spiss­ku­ler i passa vekt som eks­pan­de­rer kjapt til stor dia­me­ter gjev god skoteffekt med stor sår­ka­nal.

Sjølv om trua er dela på kor vik­tig det er at kula går gjen­nom vil­tet, mei­ner eg at det nær sagt all­tid er ein for­del. At så je­ge­ren som ikkje har justera sik­te­punk­tet fram­over frå skot bak bog kan velje å jak­te med lettekspanderande ku­ler i håp om endå be­tre skoteffekt, er ein annan dis­ku­sjon.

Les også (+): Kenneth skyter 40 000 skudd i året – her er hans beste hagletips

30 kaliber er øverst på lista

Hjort kan jaktast med man­ge pat­ro­ner og ku­ler, men om eg skal an­be­fa­le ei pat­ron spe­si­elt til hjor­te­jakt er 30 ka­li­ber først på lista.

Og då helst ladd med re­la­tivt lett, men god lodda kule som kjapt eks­pan­de­rer til stor dia­me­ter. Gode eksem­pel på slike i to av våre mest po­pu­læ­re jakt­pat­ro­ner kan vere 165 grs Nor­ma Oryx, Swift Sci­roc­co og Fusion i 308 Win­ches­ter og 30–06.

For hjor­te­je­ge­ren med rif­le kamra for 30 ka­li­ber mag­num passar same ku­ler med 180 grs vekt be­tre.

Med vanleg bly­spiss­ku­le i 308 Win­ches­ter og 30–06 ville eg hel­ler valt 180 grs enn lettare kule­vekt. For den som så hel­dig å ha både elg og hjort i ter­ren­get er val­et så en­kelt som å jak­te med pat­ron og kule god nok til elg.

Av 165 grs ku­ler i 308 Win og 30–06 er både re­la­tivt nye Tro­phy Bonded Tip og ikkje fullt så nye 165 grs Swift A-Fra­me gode val, så og 160 grs i 7 mm pat­ro­ner frå 7x64/280 Re­ming­ton og opp­over i hylsevolum.

Skoteffekt er ein ting, re­sul­ta­tet av skotet når felt vilt skal gjerast om til mat ein annan. Der er meir enn ein fak­tor avgjerande for kor my­kje som må skjerast vekk.

Kulekvalitet og anslagshastighet det som betyr mest

Om ein ser bort frå treff i har­de bein, treff i bog el­ler bak bog og flukt­strek­ning er nok kule­kva­li­tet og anslagshastigheit det som be­tyr mest.

Sjølv om re­sul­ta­tet av meir el­ler mind­re like treff med same pat­ron og kule kan og vil va­ri­e­re. Så er regelen at det ser styggare ut et­ter treff med lettekspanderande kule i høg anslagshastigheit. Enn et­ter same treff med seigare kule utan splint­ring i meir mo­de­rat anslagshastigheit.

Der­for ser det som re­gel finare ut et­ter treff av ei god, tung lodda kule med utgangshastigheit un­der 800 m/s. Enn et­ter treff med plasttuppa, lettekspanderande kule som går ut av mun­nin­gen i at­skil­lig høgare hastigheit.

Der­med kan 13 gram ku­ler i 30-06, 12,7 g i 8x57 og 18,5 g i 9,3x62 vere vel verdt å prø­ve for hjortejegeren som vil skjere vekk minst mogeleg blod­slått kjøt un­der slak­tin­ga. Så og 10,1g kule i 6,5 mm og 11 gram i 7 mm.

Vanskelig å finne kule med god skuddeffekt og lite kjøttødeleggelse

Dei fles­te jegerar har sin meining om kva som er mest vik­tig av skoteffekt og kjøtøydelegging, des­se to er ikkje enk­le å få på same tid med same pat­ron og kule.

I alle fall ikkje om ein vil ha mest mogeleg av den før­s­te og minst mogeleg av den and­re.

Sjølv om bogskot med god, tung kule i mo­de­rat anslagshastigheit kan gje knall & fall med rein sår­ka­nal utan særleg my­kje blod­slått kjøt rundt skotholet.

Val­et av pat­ron, kule og rif­le til hjor­te­jakt er uan­sett ditt. Mitt er rif­le som passar både meg og jaktterren­get, om patrona rifla er kamra for er 30–06, 308 Win­ches­ter, 30 ka­li­ber mag­num, 8x57, 9,3. El­ler ei egna 7 mm pat­ron er mind­re vik­tig.

Meir vik­tig er det at patrona er ladd med god, lodda kule som held godt sam­an, men eks­pan­de­rer kjapt til stor dia­me­ter.

Les også (+): En jakt­dress som le­ve­rer på alle punk­ter er vik­tig når du skal jakte i det noe lunefulle norske høst- og vinterværet

Det­te er pat­ro­ner eg har felt hjort med:

243 Win­ches­ter, 6,5x55, 6,5-06, 7mm-08, 280 Re­ming­ton, 7 mm Bla­ser Mag­num, 7 mm Re­ming­ton Mag­num, 308 Win­ches­ter, 30-06, 30-338, 300 Win­ches­ter Mag­num, 338 Fed­er­al, 8,5x55 Bla­ser, 35 Whelen og 9,3x62.

Denne saken ble første gang publisert 07/10 2020, og sist oppdatert 07/10 2020.

Les også