Bøf­fel­jakt i Mo­sam­bik

Til tross for all god norsk stor­vilt­jakt er det ein del er­far­ne jegerar som vil ha meir jakt i til­legg. Af­ri­kansk bøf­fel er i ein ei­gen klas­se blant all ver­dens stor­vilt og er sanneleg eit ver­dig jakt­ob­jekt.

Pluss ikon
Sist oppdatert

mBøf­fe­len er stor, tøff, skotsterk og slett ikkje ufarleg om ting går feil. Utal­li­ge er soge­ne om angripande bøf­fel, en­kel­te endar fak­tisk med at je­ger og vilt har bytt rol­le. Kombinera med alt anna jakt i Af­ri­ka med­fø­rer er sum­men ei opp­le­ving utanfor det vanlege!

Ein ka­me­rat av meg, som had­de svært god lyst til å opp­le­ve fasinasjonen av å jak­te af­ri­kansk bøf­fel, men litt mind­re lyst til å be­ta­le pri­sen for bøf­fel­jakt i Tan­za­nia, spurde meg om råd for å finne god, au­ten­tisk og ekte bøf­fel­jakt til meir for­nuf­tig pris. Ed­gar Cor­dei­ro frå Por­tu­gal er ansvarleg for jakta i eit stort om­rå­de bare eit par timars kø­yring frå fly­plas­sen i Ma­pu­to, hovudstaden i Mo­sam­bik, og han kom opp med eit tilbod som var for godt til å av­slå. Ti dagar jakt med løy­ve på ein bøf­fel. Og om bøf­fel­jakta gjekk fort og greitt var det fritt fram for å jak­te vidare på im­pa­la, wildebeest, se­bra el­ler kudu.

Sanningas øyeblikk! Ein del av bøffelflokken stoppa og kom mot oss etter dei første skota, Ragnar ventar spent på om dei skal kome endå nærare eller forsvinne. Kua med kalven ut til høgre i bildet tar valet om å stikke av, og resten av bøflane fyljer straks etter.
Sanningas øyeblikk! Ein del av bøffelflokken stoppa og kom mot oss etter dei første skota, Ragnar ventar spent på om dei skal kome endå nærare eller forsvinne. Kua med kalven ut til høgre i bildet tar valet om å stikke av, og resten av bøflane fyljer straks etter.

Intens og spennande

Alt i alt ei opp­le­ving eg og gjer­ne ville vere med på. Først og fremst på grunn av at Mo­sam­bik var ny og ukjent jakt­mark for meg, men og for å opp­le­ve bøf­fel­jaktas spen­ning på nytt. Bøf­fel­jakt er in­tens og spennande, sjølv for den som går som fjer­de hjul på vog­na, bak sporar, proff­je­ger og je­ger.

Vel fram­me i cam­pen før­s­te kveld var bøf­fel det na­tur­le­ge sam­ta­le­em­net. Og spørsmåla var man­ge: Var det bøflar i jakt­om­rå­det? Man­ge? Sto­re?

Jo då, det bur­de vere ein del bøflar i jakt­om­rå­det, sporarane kun­ne mel­de om ein temmeleg stor flokk som dagleg opp­søk­te to vasshol ikkje langt frå cam­pen. På grunn av lang­va­rig tørke var det ikkje vatn å finne på mils om­krets, og dei fles­te dyr søk­te til des­se vasshola. Det­te gjer på ein måte jakta at­skil­lig enklare i det å finne vilt, men og vanskelegare då man­ge augo, øy­rer og na­ser er på vakt.

Tettare kratt

Ragnars Bla­ser R8 Kilombero 375 H&H.
Ragnars Bla­ser R8 Kilombero 375 H&H.

Nes­te morgon var me oppe i mørkret, og ute i før­s­te lys. Et­ter ein li­ten køyretur i land­cruise­ren var det slutt på stil­le­sit­ting. Sporaren såg morgonferske bøf­fel­spor, så Rag­nar lada opp sin nye Bla­ser Kilombero med 375 H&H Nor­ma Solids i ma­ga­si­net og ei 300 grs Swift A-Frame i kam­me­ret. Eg fyl­te ma­ga­si­net med fa­brikk­ladd Fed­er­al Sa­fa­ri 300 grs Woodleigh Hy­dro­stat­ic So­lid og heimeladd 250 grs Barnes TTSX i kam­me­ret. For be­skje­den frå Rag­nar var klar: om den ut­kå­ra bøf­fe­len stod nær el­ler inne i tett kratt skul­le eg hjelpe til så snart han had­de skote før­s­te skot.

Der­med bar det i veg inn i halvtett skog med to sporarar først, så Ed­gar, Rag­nar og meg. Et­ter eit par timars vand­ring snud­de spora mot tettare kratt. Stoppa og kik­kert­bru­ken vart fleire og sporarane meir og meir nøye. In­gen bøf­fel var å finne i dei før­s­te tet­te tornekratta, men brått fall den eine sporaren ned på kne og peka be­stemt mot tetta. Opp med handkikkerten, og der var det noko endå mørkare enn den mør­ke skug­gen. Bøf­fel.

<b>TREFF:</b> Et­ter treff i bo­gen stoppa 250 grs Barnes TTSX mot skin­net fram­for bog på and­re sida.
TREFF: Et­ter treff i bo­gen stoppa 250 grs Barnes TTSX mot skin­net fram­for bog på and­re sida.

Traske etter sporarane

Vå­pen og ut­styr på bøf­fel­jakt

Rag­nar

- Bla­ser R8 Kilombero 375 H&H med Zeiss V8 1,1-8 og Aimpoint Micro H-2 som re­ser­ve­sik­te

- Fa­brikk­ladd Swift A-Frame 300 grs som førsteskot og 300 grs Nor­ma Solids i ma­ga­si­net

- Lei­ca 10x42 handkikkert

- Pri­mos Triggerstick tribeina sky­te­stik­ke

- Ber­gans jakt­dress og sko

Jør­und

- Bla­ser R93 375 H&H med Swa­rov­ski Z8 1,7-13,3

- Heimeladd 250 grs TTSX og fa­brikk­ladd Fed­er­al 300 grs Woodleigh
Hy­dro­stat­ic So­lid

- Swa­rov­ski EL Ran­ge 10x42

- BOG-POD tribeina sky­te­stik­ke

- Härkila PH Ran­ge jakt­dress og støvlar.

Slag­pla­nen vart lagt i for­hold til vind og skjul, med håp om å kome seg inn på passande bøf­fel­av­stand. Som hel­ler er un­der fem­ti me­ter enn over. Pla­nen vir­ka – alle fem kom usett fram til eit tor­ne­kratt med passande av­stand til tetta bøf­fe­len had­de visa seg i. Det skul­le snart vise seg at det var at­skil­lig meir enn ein. Fleire had­de lagt seg, nokre bei­ta litt, men det var vanskeleg å vur­de­re stør­rel­se, og like vanskeleg å sjå om det var fleire dyr bak dei me såg. Uråd å sky­te med and­re ord.

Et­ter ein stilleståande time med sola i rygg og nak­ke måt­te and­re al­ter­na­tiv prøvast. Der­med starta ein omgåande be­ve­gel­se, som slutta med eit vind­kast i ryg­gen og all­menn opp­stan­del­se i krat­tet. Bøf­fel­flok­ken drog i veg så støv­føy­ka sto, det var bare å ta rifla på ryg­gen og tras­ke i veg et­ter sporarane.

Flok­ken fann me et­ter ein ny halv­ti­me. Ein del hodyr stod nærast og re­la­tivt opent med god ut­sikt til bakspora. Som vanleg tar eld­re hoer an­svar. Flit­tig kik­kert­bruk avsløra stør­re dyr med gro­ve horn leng­re inne i bus­ka­set, der­med var ab­so­lutt ro einaste utveg. Hå­pet var sjølvsagt at ein av dei sto­re kun­ne finne på å vand­re vår veg, rea­li­te­ten vart ku­snøf­ting, tramp i bak­ken og full fart vekk. Et­ter at same stra­te­gi vart prøva ein gong til med same re­sul­tat, vart ny plan å ta ein stør­re omveg for å kome fram­for og avskjere flok­ken. Som tenkt, så gjort, og et­ter ein leng­re tur var me fram­me i om­rå­det der hå­pet var å møte bøf­fel­flok­ken. Pla­nen fungera til ein viss grad den, me møt­te bøf­fel­flok­ken inne i halvtett kratt. Pro­ble­met var at dei set­te far­ten opp i same stund, og dund­ra for­bi oss i tett for­ma­sjon så støvskya hang i lufta fleire mi­nutt et­ter­på. Utan fri sikt til nokon av dei sto­re, og utan at skot vart løyst.

Edgar og Ragnar vel framme ved den falne bøffelen. Det er tid for oppsummering av det siste, intense minuttet.
Edgar og Ragnar vel framme ved den falne bøffelen. Det er tid for oppsummering av det siste, intense minuttet.

Gamal, stor bøffelstut

Klok­ka var nå godt ut på et­ter­mid­da­gen, vassflaskene tome og Ed­gar meinte det var på tide å gje seg for da­gen. Mest for å ikkje presse flok­ken for my­kje, av frykt for at dei kun­ne flyk­te frå om­rå­det.

Nes­te morgon kun­ne sporarane for­kyn­ne at man­ge bøflar få ti­mar si­dan had­de pas­sert cam­pen i gang­av­stand. På tide å av­slut­te fro­kos­ten og finne ut­sty­ret!

Det tok ikkje lang tid å finne bøf­fel­flok­ken som beita roleg mot vin­den. Nå var det bare å finne ein ga­mal, stor bøf­fel­stut blant alle kyr, ung­dyr, tre og tor­ne­kratt. For å få over­sikt måt­te me kome oss fram i for­kant av flok­ken, og så prø­ve å kome til skot om el­ler når den sto­re duk­ka opp. Enklare sagt enn gjort.

Sjølv om bøflar i roleg morgonbeiting ser bedagelege ut, går det li­ke­vel jamt fram­over. Det er hel­ler ikkje en­kelt å finne den ret­te i ein beitande, stor flokk spreidd over ut over ter­ren­get. Man­ge dyr spreidd ut­over aukar og ri­si­ko­en for å bli opp­da­ga. Uan­sett måt­te me fram­over. Når for­trop­pen godt og vel var pas­se­ra, stoppa me på før­s­te stad med skjul, dek­ning og rimeleg god over­sikt. Så kom ti-fem­ten spennande mi­nutt med ut­sikt til beitande bøflar. Ville ein av dei sto­re komme innanfor syns­vidde?

Flit­tig kik­kert­bruk avsløra at det i alle fall var to sto­re i den­ne flok­ken, men når dei heldt seg midt i flok­ken var det uråd å kome til skot. Når alle godt og vel had­de pas­sert var det bare å få rifla på ryg­gen, ta bei­na fatt og prø­ve å kome seg i po­si­sjon fram­for flok­ken på nytt.

Målbevisst

På jakt etter perlehøner til lunsj med skytestikker og 250 grs TTSX i 375 H&amp;H.
På jakt etter perlehøner til lunsj med skytestikker og 250 grs TTSX i 375 H&H.

Tida gjekk, sola steig høgare og høgare og det nær­ma seg tida for bøf­fel­pau­se i tetta. Som be­stilt var me møtt av bøflar i ei av dei siste glen­ner mot tettkrattet, sporaren fekk sky­te­stik­ka kjapt på plass, og med Edgars «wait, wait» på sida av seg var Rag­nar klar med tom­men på oppspennaren. Bøf­fel­flok­ken kom tett – for tett til å sky­te sik­re skot utan and­re dyr bak. Men brått stoppar heile rekka opp og ut av rekka kjem ein av dei sto­re. «Shoot!»

Ei fa­brikk­ladd 300 grs Swift A-Frame smell, bøf­fe­len tverr­ven­der, ny smell frå Blaseren til Rag­nar og eg rekk ak­ku­rat eitt skot før bøf­fe­len er vekk i krat­tet.

Men det er ikkje tida for gra­tu­la­sjon el­ler å puste ut et­ter spen­nin­ga, ein del av bøflane kjem mål­be­visst ut av krat­tet med ret­ning mot oss. Hel­dig­vis stoppar dei 25–30 me­ter fram­for oss, og et­ter nokre mi­nutt med snøf­ting og bu­ring tar dei kur­sen til­ba­ke inn i tetta.

«Nå ventar me fem­ten mi­nutt», sei­er Ed­gar et­ter at bøflane har for­duf­ta og rif­le­ne er hengt på skuld­ra. Det er ikkje lurt å for­has­te seg når ein har med påskoten bøf­fel å gjere.

Med to sporarar i front, Ed­gar med 500 Jef­fe­ry og Rag­nar med 375 H&H side om side, og eg bak og litt til sida, går me fram til skotstaden, for så å star­te spo­rin­ga inn blant tornebuskane.

Denne fine impalaen fall rett ned i smellen for ei 250 grs TTSX på eit par hundre meters skyteavstand.
Denne fine impalaen fall rett ned i smellen for ei 250 grs TTSX på eit par hundre meters skyteavstand.

Oppsummering og beundring

Der var det noko endå mørkare enn den mør­ke skug­gen. Bøf­fel.

Et­ter få mi­nutt duk­kar først sto­re horn opp av graset, og brått er heile den sto­re, mør­ke bøf­fe­len på bei­na. Den har kurs rett frå oss. Ed­gar får med seg Rag­nar fram­over for å få fritt skot og eg svingar ut til sida for å kome for­bi tor­ne­krat­tet. I det krat­tet er pas­sert ser eg Rag­nar lyfte Blaseren og sky­te to skot bakfrå mot bøf­fe­len, som stoppar bak ein tor­ne­busk. Eg skyt ein 300 grs Woodleigh HS mot bo­gen og bøf­fe­len fell rett ned.

At den klara å rei­se seg et­ter to skot med ekspanderande og ein So­lid frå 375 H&H, og først blir liggande for godt et­ter tre nye skot, er bare endå eit be­vis på kor my­kje sto­re bøflar toler. Av des­se seks skota had­de fire inn­gang i bo­gen, dei to siste frå Rag­nar gjekk inn rett fram­for lår og i lår. Den eine av des­se to 300 grs Nor­ma Solids stoppa mot skin­net fram­me i hal­sen. Mitt før­s­te skudd skrått inn i bog med 250 grs TTSX sto og mot skin­net i over­gang bog/hals, dei and­re var gjennomskot.

Bøf­fel­jakta var over, det var tid for opp­sum­me­ring, fo­to­gra­fe­ring og ikkje minst be­und­ring av ein mas­siv bøf­fel med imponerande horn. Alle var fornøgde, ikkje minst res­ten av per­so­na­let som et­ter kvart kom med trak­tor for å få kjærkome kjøt til­ba­ke til cam­pen.

Stor bøf­fel be­tyr my­kje kjøt for alle!

Når bøf­fel­jakta vel var over var spørs­må­let kva me ville nå. Rag­nar var så fornøgd og fylt med inn­trykk at han ikkje ville jak­te meir stor­vilt. Må­let med tu­ren var nådd.

Eg ville gjer­ne prø­ve å få eit par unge im­pa­la til kjøk­ke­net og gjer­ne ein stor bukk el­ler to om sjan­sen baud seg. El­ler nokre per­le­hø­ner. Man må jo ha mat, og fersk, lo­kal mat er best!

Ut­styr

Rett og funk­sjo­nelt ut­styr er vik­tig, særleg ute i bus­hen der det ein har med må fun­ge­re.

● Når 375 H&H med ret­te ku­ler både er forsvarleg mi­ni­mum på bøf­fel­jakt, men og mak­si­mum av det man­ge kan sky­te pre­sist med, gjer det sitt til at 375 H&H bolt­rif­ler er mest bruka på bøf­fel­jakt. På bil­det over: 375 H&H Nor­ma 300 grs Solids og Fed­er­al Pre­mi­um Sa­fa­ri 300 grs Woodleigh Hydro So­lid.

● Handkikkert er vik­tig. Om den er 8 el­ler 10x, med 32 el­ler 42 mm ob­jek­tiv er mind­re vik­tig, bare op­tik­ken er god nok til å sjå mør­ke bøflar i skuggar og mot­lys. Av­stands­må­ler er kjekt å ha, mest kjekt er handkikkert med av­stands­må­ler.

● Sky­te­stik­ke er ob­li­ga­to­risk på grunn av ståande sky­ting over busk og kratt. Sjølv om alle proffjegerar er ut­styrt med sky­te­stik­ker er det ein for­del å vere kjent med og innskoten med ei­gen sky­te­stik­ke, og tre bein er støare enn to.

● God og funk­sjo­nell be­kled­ning er minst like vik­tig som anna ut­styr, særleg vik­tig er fot­tøy­et. Gnag­sår kan øydelegge god jakt.

● For mør­ke kle­de skil seg meir ut i bus­hen, mør­ke kle­de er varmare når sola står på, og ikkje minst er det vanskelegare å opp­da­ge krav­lande utøy på mørk bak­grunn.

Artikkelen ble opprinnelig publisert i Jakt nr 06 2019

Denne saken ble første gang publisert 20/07 2019, og sist oppdatert 16/07 2019.

Les også