Herborg Kråkevik

Ingenting er som den totale kjærleiken

Ei lidenskapeleg Herborg Kråkevik elskar kjærleiken, men synest det er vanskelig å være glad i seg sjølv. Og etter at ho fekk dei to døtrene sine, er det ikkje lenger nokon grenser for kor høgt ein kan elska.

Å VERA ELSKA: –Eg har så mange rundt meg som viser at dei elskar meg. Eg treng ikkje leita etter kjensla av å vera elska.
Å VERA ELSKA: –Eg har så mange rundt meg som viser at dei elskar meg. Eg treng ikkje leita etter kjensla av å vera elska. Foto: Foto: Eli Lund
Sist oppdatert
Foto: Hjemmet

Om venskap

Eg knyter meg tett til folk eg får tillit til i arbeidet mitt, men ofte er det over korte periodar. Det er ikkje så lett å halda kontakten etter at ein produksjon eller prøveperiode er over. Heldigvis er me mange som har det slik

i bransjen min, så me forstår kvarandre godt. Og så er det jo desse velsigna venene som ein kan ha minimalt med kontakt med. Men vips - når me møtest - så er samtalen tilbake på sporet. Det er så godt.

Om arbeid

Eg er glad i arbeidet mitt.

I periodar arbeider eg altfor mykje. Eg kan av og til forakta alt eg held på med og berre ha lyst til å stikka av, men så kjem det ei magisk stund på scenen der alt klaffar, eller eg klarer å formulera noko eg vil ha fram til publikum, og så vert eg så glad att.

Dette året er eg med i to svært gode ensemble. Eg er med i «Spelemann på taket» på Det Norske Teatret i Oslo, og i «Hellemyrsfolket» på Den Nationale Scene i Bergen. Eg arbeider med to regissørar som eg har stor respekt for: Erik Ulfsby og Johan Osuldsen. Det er svært utviklande.

Etter mange år med solo-produksjonar og mykje musikk og komikk, kjende eg lengsla etter «skikkeleg» teater, og eg er takksam for at eg får lov til å fordjupa meg i dei to rollene. Golde og Petra er to sterke, dominerande damer der den eine fell ned på den gode sida og den andre på den vonde. Dei kan begge verka omsyns-lause, men der Golde er driven av kjærleik og omsorg, vert Petra etter kvart driven av vondskap.

Om motgang

Når eg møter motgang i arbeidet mitt, har eg alltid lyst til å vera feig og gje meg. Men heldigvis har eg ein familie som støttar meg, og ein kompanjong - Astrid Disen - som driv meg framover. Likevel er det av og til ikkje vits i å stanga hovudet i veggen for lenge. Nokre prosjekt er det rett og slett ikkje mogleg å realisera.

Om politikk

Det politiske livet fascinerer og skremmer meg. Eg ser jo kor vanskeleg det er å nå fram med fornuftige meldingar til oss velgjarar. Alt vert så populistisk og forvrengt av mange medier. Eg har stor respekt for dei som velgjer å arbeida som politikar, og eg kjenner stor takksemd for at dei held ut. Samstundes er det jobben min å tulla med dei, og det å laga politisk satire er noko av det kjekkaste eg veit.

Om lykke

På dagar der eg leitar etter lykke, eller der eg berre er grå og synest synd på meg sjølv, pleier eg å seia dette diktet, «Livet» av Hans Børli, for meg sjølv:

- Mitt liv er så fattig, sier du

en fortrolig stund hos en venn

- Mitt liv er så vanskelig.

Mitt liv er ditt,

mitt liv er datt

Men sannelig jeg sier deg:

Du burde falle på kne

i ordløs takk

fordi du i det hele tatt kan si

Mitt liv.

Det er ikkje alltid dette hjelper, og då bannar eg eller knuser noko. Om eg er heldig, er det sundag, og då kan eg gå til kyrkje.

Om kjærleik

KNUSER NOKO: –Det hender eg bannar eller knuser noko når eg har dårlege dagar og leiter etter lukka.
KNUSER NOKO: –Det hender eg bannar eller knuser noko når eg har dårlege dagar og leiter etter lukka. Foto: Foto: Eli Lund

For ei velsigning! Kjærleiken, altså.

Eg har alltid vore lidenskap-eleg og latt meg styre av dei store kjenslene. Etter at eg vart mor, vart barometeret for kjærleik sprengt, så det er liksom inga kjensle som kjem opp mot den totale kjærleiken eg kjenner for døtrene mine. Men eg har vore så heldig, eg treng ikkje ut og leita etter kjensla av å vera elska. Eg har så mange rundt meg som viser det kvar dag, ikkje minst mannen min, som er eit prakteksemplar av arten.

Likevel er det ofte vanskeleg å vera glad i seg sjølv.

Om tilgiving

Noko av det viktigaste eg har lært meg her i livet, er å tilgje meg sjølv. Det er utruleg vanskeleg, men det må til. Og viss ein ikkje får det til, får ein gjera slik kompanjongen min Astrid seier: Skyld på nokon andre!

Om kropp

Det er så pinleg at me lever i ei tid der dette temaet tek så utruleg stor plass, og at korleis kroppen vår ser ut, skal avgjera så mykje når me set folk i båsar. Eg er så lei av det.

Om barndommen

Dette må du snakka med terapeuten min om.

Om framtida

Når eg har ferie og har hovudet mitt pitte litt over den forbanna kanten, så byrjar eg alltid å drøyma om framtida - og det er vel eit godt teikn. Eg håpar eg kan finna litt meir balanse mellom arbeidsliv og familieliv i åra som kjem. Og så håpar eg at eg kan utvikla meg vidare som mor, frue og artist - for det er dei viktigaste rollene mine framover.

Liker du Hjemmet? Klikk "Like" på vår Facebook-side, da vel! facebook.com/HjemmetNO
Liker du Hjemmet? Klikk "Like" på vår Facebook-side, da vel! facebook.com/HjemmetNO

Denne saken ble første gang publisert 08/09 2014, og sist oppdatert 02/05 2017.

Les også