Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

Sjølv om det plagar meg mykje, skal eg starta denne teksten med ei generalisering om kvinner: Som dei fleste andre jenter har eg tenkt på bryllupsdagen min sidan eg var fem år. Eg kledde opp barbiedokkene i brudekjolar, børsta håret deira og var håpefull på deira vegne. Skreiv nye etternamn etter mitt eige i løkkeskrift når eg var forelska. Forsvann inn i draumen om prinsen som skal komma og gjera alt så lett og bra.

Det er ikkje så rart i grunn, de har jo alle sett dei, kommentarane som overflaumer Facebook-veggane til nye foreldre: Gratulerer med prinsen, gratulerer med prinsessa.

Og der startar det, allereie då, før ein eingong er heime frå sjukehuset, forventningane om kva me skal bli og kva plass me har i samfunnet.

Me har krangla oss mot eit likestilt samliv

Heldigvis kom eg på betre tankar og brukte heller mine tidlege tenår på å laga pins, tupera håret, diskutera Israel/Palestina-problematikk og baksnakka folk i Elevorganisasjonen (var det berre meg?).

Eg har alltid vore så stolt av at min framtidige mann er feminist. Han gleid gjennom gangane på Firda VGS med ei t-skjorte det stod NYNORSKFEMINIST på og var så rar og fri og lot meg òg vera det. I ti år har me krangla oss mot eit likestilt samliv, og no er me endeleg nokonlunde der. Det tek tid å nøsta opp i sånt, å gjera om ting me har brukt heile livet på å læra oss.

Han måtte læra seg å vaska klede og eg måtte læra at det ikkje er eg som bestemmer korleis me skal ha det heime.

KJOLE: - Eg kunne røra meg sjølv til tårer ved tanken på at pappa skulle gi meg vekk i min fotside, kritkvite kjole. © FOTO: Mariell Øyre

KJÆRASTEN: - Han var så frekk at han prøvde å minna meg på at eg eigentleg er imot dette køyret. © FOTO: Mariell Øyre

Utklipp til min perfekte dag

Då me vart forlova vaska ho like fullt over meg. Pastellbølga. Omtrent tjue sekund etter at eg hadde svart ja, sprang eg mot Narvesen og kjøpte alle dei utanlandske brudemagasina eg kunne finna. Blanke, glatte, blonde, smilande.

Eg fylte ein stor perm med utklipp til min perfekte dag, sat timesvis og googla slør og takkekort-etikette.

Eg kunne røra meg sjølv til tårer ved tanken på at pappa skulle gi meg vekk i min fotside, kritkvite kjole. Han skulle gi handa mi til Jostein, med eit blikk som sa «pass på jenta mi, da».

I tankane klistra eg ny lapp på postkassa og bestilte businesskort med mitt nye namn på. Eg vart så krenkt kvar gong Jostein forsøkte å komma med innspel eller dra meg tilbake til det verkelege livet, og aller mest om han var så frekk at han prøvde å minna meg på at eg eigentleg er imot dette køyret.

Eg gløymte meg vekk litt

Ho er komfortabel, denne pastellbølga. Det var deileg å krypa inn i ho og bli der ei lita stund, oppfylla alle forventningar, om så berre i fantasien. Men enda deilegare var det å bli kasta på land att, plukka seg sjølv saman og innsjå kor dårleg sikt det var der inne.

Det er nemleg lett å gløyma seg sjølv når ein skal gifta seg. Forsvinna inn i ei form, ei forventning om korleis ei brud ser ut, korleis ei brud skal te seg. Ein kan gløyma at ein faktisk har eit sterkt ønske om å vera lik og at ein bør gjera bryllup som ein gjer livet: ihop ihop ihop. Me skal skriva gjestelista ihop, finna ut kva me ønsker oss ihop og snakka høgt om alt. Synkrondunka hovuda våre i bordet når planlegginga blir frustrerande. Sitta på bussen og brainstorma smakar til bryllupskaka, som me óg skal laga ihop (kryss fingrane!).

Eg gløymte meg vekk litt. Gløymte at det ikkje er MIN dag. At det berre er éin dag i det heile tatt.

Gløymte at det egentlig gjer meg uvel når fedre følger bruda fram, uansett kor glad eg er pappaen min. At det ikkje gir meining å endra namnet sitt og gi ifrå seg bitar av identiteten sin.

Heldigvis hugsar eg det no. Eg ønsker av ekteskapet at det skal romma meir og ikkje mindre.

I slutten av juli blir me endeleg gifte. Tanken er at me går mot alters slik me møter alt anna i livet: hand i hand og heilt utan slør.

Vil du lese flere slike saker? Følg Kvinneguiden på Facebook.

EG GLØYMTE MEG VEKK LITT: - Gløymte at det ikkje er MIN dag. © FOTO: Mariell Øyre

Les hele saken
Les alt om:

Inger-Lise Kvås, redaksjonsjef

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!