Gravid som blogger

«Kva om nokon seier noko stygt om namnet me vel?»

Mariell har blanda kjensler til å vera gravid på nettet.

KOMMENTARAR: Mariell har fått åtvaringar om den salte lakrisen ho et og skrekkbilete av kva skadar han gir.
KOMMENTARAR: Mariell har fått åtvaringar om den salte lakrisen ho et og skrekkbilete av kva skadar han gir. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

FØR: Når eg skriv dette er det to dagar til internett veit at eg er gravid. For folk med vanlige jobbar høyrest det kanskje ikkje så drastisk ut. Men for meg er det litt ekstra skummelt, sidan det å fortelja om livet mitt til titusenvis av menneske ein viktig del av jobben.

Dei siste vekene har eg med pinsett og forstørringsglas lese alle kommentarar hjå dei av bloggkollegaene mine som òg er gravide. Mest av alt er det gratulasjonar og heiarop, og den herlege kjensla av at dei har eigne, små landsbyar der det alltid er nokon som kan hjelpa og komma med gode råd, kvinner som vil dela og vera involverte i kvarandre sine liv.

Ikkje berre heiarop

Imellom heiaropa finst dei, likevel, dei «konstruktive» kommentarane, med utropsteikn og skrikande bokstavar. Utan nokon intensjon om å hjelpa, berre å få den gravide til å føla seg som ei dårleg mor, eingong før ungen er født. Fordi ho held i eit vinglas på eit bilete, fordi ho jobbar etter veke 38, fordi ho drikk ein søndagscappuccino eller brukar neglelakk.

Trygt liv

Desse ti vekene har me fått ha det for oss sjølve, researcha vognposar og vogger, spurt folk me stolar på om råd og fått klare svar. Fått fortelja alle me kjenner i vårt eige, sakte tempo.

Ingen på internett har visst at me kvar kveld ligg i senga og ser på magen. At me eig tre bittesmå plagg og eit vottepar som ser ut som om dei er laga til ei dokke. Det er så innmari trygt i det verkelige livet, utan kommentarfelt og framande.

Ein kan jo ikkje nekta folk å meina ting, og sjølv om ein føler seg så sikker i si sak, er ein likevel redd. Kva om nokon seier noko dumt om korleis me deler fødselspermisjonen, kva om nokon seier noko stygt om namnet me vel?

Baby on board

Og likevel, trass i alt det, kan eg nesten ikkje venta til det er sagt, til det er ute, allemannseige. Sidan me kom heim til London etter jul, har eg gjort som alle gravide i kollektivtrafikken, gått med teiknet ein ikkje kan ta feil av, så tydeleg at ein like godt kunne ha skrive "BEFRUKTA" i panna: "Baby on board"-buttonen på kåpa.

Og det har vore rart, etter å ha halde det skjult med eit jerngrep i så lang tid, å bera det på brystkassa, men det har òg fått meg til å forstå at dei aller, aller fleste synst det er så innmari koseleg med gravide. Det milde blikket frå gamle damer, det lure smilet frå medgravide, usannsynlige personar som gir meg setet sitt på tuben.

Sjølv om det skremmer meg å sleppa kontrollen, så gler eg meg til min eigen landsby skal vita om det. Så eg endeleg kan snakka om sånne ting som at mamma held på å strikka seg ihel allereie, at Jostein er så forelska i magen, dela merkelege graviditetssymptom og stilla spørsmål til folk som allereie har vore gjennom dette.

Fortelje om graviditeten

ETTER: Så, korleis gjekk det? Det gjekk fint. Såklart. Eg fekk hundrevis av kommentarar med gratulasjonar og virtuelle klemmar. Eg kjøpte blomar og feira med ein smoltring, og i ettertid har eg fått råd om både vitaminer, yogaposisjonar for vondt i hofta og bøker eg bør lesa.

Men eg har òg dei som vil at eg skal kasta meg inn i debatten om fosterdiagnostikk, åtvaringar om den salte lakrisen eg et og skrekkbilete av kva skadar han gir, samt ein haug med spørsmål som er heilt rimelege, men som eg likevel ikkje har rukke å tenka på: Kjem me til å visa bilder av ungane våre? Kva type fødsel vil eg ha? Kva type mamma vil eg bli?

Varmen frå internett

Ein får vel ta det eine med det andre. Det har vore så fint å få kjenna på det sjølv, varmen som internett kan gi. Kjenna engasjementet som folk har for livet mitt, eg er bortskjemt på fine folk.

Samtidig er det med ein bismak som eg ikkje heilt kan setta fingeren på; nettopp fordi engasjementet var så enormt, gjorde det meg nervøs. Ei kjensle kanskje av å innsjå at eg er på veg inn i ei verd der folk meiner mykje og sterkt og alle veit best, ei verd eg absolutt ikkje er klar for. Eg føler meg dessutan litt naiv som trudde det var ein big deal å vera gravid på internett. Å vera gravid er ein piece of cake.

Ungen skal jo ut, og det er da sirkuset byrjar.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Denne saken ble første gang publisert 24/02 2016, og sist oppdatert 28/04 2017.

Les også