Bu TETT I TETT:

- Ein gong iblant ligg dei med kvarandre med vindauget ope

Mariell bur i leiligheit med papirtynne veggar.

TETT I TETT: Mariell bur i leilegheit i eit gammalt hus i London der veggene er tynne og ein veit det meste om naboane.
TETT I TETT: Mariell bur i leilegheit i eit gammalt hus i London der veggene er tynne og ein veit det meste om naboane. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

Eg har alltid vore ein over gjennomsnittet nysgjerrig person. Den leiligheten me bur i no i London er den første eg har budd i med ordentlege moglegheiter for spionasje på folk rundt meg. Etter år med moderne bygg med godt isolerte veggar bur me endeleg i eit gamalt engelsk hus med porøse murstein, berre tynne treveggar mellom oss og dei.

Hitchcock fekk det til å sjå så spennande ut i Rear Window. Å sitta framfor vindauget og stirra inn i andre sine liv. Nokre triste, nokre med glede, nokre makabre. Her i Fordham Park skjer det derimot ingenting.

Eg hadde drøymt om naboar som sat i vinduskarmen og drakk raudvin, dansa cha-cha-cha med høge hælar og fekk store pakkar frå Tiffany's i posten. I møtet med det verkelege livet fekk fantasiane seg ein på trynet, men eg skjønte snart at det ikkje var noko å gråta for. For her, på denne planeten, skjer det minst like spennande greier: heilt vanlege liv, opne for innsyn og utan pretensjon. Som Facebook, om folk faktisk var ærlige.

Eit rom med utsikt

Frå vårt store soveromsvindauge ser me ned i hagen til ein organisasjon som jobbar med å forebygga sjølvmord. Dei har samlingar og samtalar i den velstelte hagen. Iblant er det ei gamal dame med fløyelsband i håret som går rundt og steller med blomane, av og til et dei kake og drikk øl frå flaske.

Naboen over oss er faktisk dansar, men ho driv med den typen moderne dans som høyrest ut som om ho blir kasta i golvet fleire gonger for dagen.

Dei me deler kjøkkenvegg med har lange middagsselskap, me høyrer dei ta imot gjester i gangen med doble kinnkyss og mykje entusiasme. Og utover kvelden kan me høyra latterbølger og skålar rundt bordet.

Eim av marihuana

Taylor er vår mest merkbare nabo. Eimen av marihuana transporterast frå hans vindauge til vårt, som i ein teikneserie smyg den søtlege lukta seg gjennom den opne sprekken i lange dropeforma røykskyer. Han spelar høg, innpåsliten, intens musikk og snakkar enda høgare i telefonen. Når han har dametrøbbel, er det alt han gjer, kranglar fram og tilbake om kven sin feil det var. Når han ikkje har dametrøbbel, så kan ein óg høyra han heile dagen, men i så høglydte parti at vindauget blir lukka uansett kor varmt sola steiker der utanfor.

Om eg møter han på gata latar eg som ingenting, snakkar heller om Norge, om forsøplinga i parken og det humørsjuke været.

Intimt fellesskap

Paret som bur i leilighet E er dei me høyrer mest frå. Frå skrivebordet mitt kan eg såvidt sjå inn på badet deira. Om dei stikk hovuda berre nett ut av soveromsvindauget sitt ser dei rett inn på senga vår. Eg veit at ho fjernar sminke med produkt frå Clinique, at ho fuktar leggane med innhaldet i den grøne Biotherm-flaska, at dei dusjar kvar einaste dag.

Ein flik av dopapir flagrar ut gjennom det opne vindauget og kjennest merkeleg intimt.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

HOL I GJERDET: Gjennom holet i gjerdet kan Mariell sjå inn til naboens hage.
HOL I GJERDET: Gjennom holet i gjerdet kan Mariell sjå inn til naboens hage. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Tynne veggar

Ein gong i veka klypper han tåneglene sine. Eg kan høyra klypparen kutta gjennom det tjukke cellelaget, neglene som landar på badegolvet, ein kald og kvass lyd, pausen som oppstår når han prøver å få eit godt grep. Ein gong iblant ligg dei med kvarandre med vindauget ope, alltid seint på kvelden. Ein høyrer alltid berre ho.

Hitchcock fekk det til å sjå så spennande ut å sitta framfor vindauget og stirra inn i andre sine liv.
Hitchcock fekk det til å sjå så spennande ut å sitta framfor vindauget og stirra inn i andre sine liv. Foto: FOTO: Mariell Øyre

Hovudrolla

Eg har inga aning korleis dei ser ut, men det irriterer meg at dei ofte er heime på dagtid, for det er så lett å gløyma at ein sjølv óg er under oppsyn. Det var aldri ein del av fantasien. Der følgde eg berre med frå kontrollrommet. Vissheita om at dei faktisk kan sjå meg sittande ved skrivebordet gjer at eg føler meg som stjerna i mitt eige TV-program som heiter "Kvar dag kler du på deg" eller "Dei kan sjå at du lar det gå tre dagar før du tek kleda av tørkestativet".

Det er forsåvidt rettferdig, eg skjønnar jo det. Og sjølv om det ikkje var heilt som eg såg for meg, er det kanskje ein god ting. Å vita at ein når som helst kan bli observert bukselaus på jobb får ein jo til å ta seg litt sammen. Vinduskarmen er alltid nokonlunde rydda og senga som oftast reidd opp.

Men no, etter eit par år med desse store, fantastiske vindauga, lengtar eg no mot eit innsynslaust liv. Der eg kan jobba naken om eg vil,- og sleppa å høyra andre folk som har seg.

Vil du lese flere kommentarer av bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook

Denne saken ble første gang publisert 19/10 2015, og sist oppdatert 28/04 2017.

Les også