Mariell Øyre (26)

  • Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.
  • Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.
  • Står bak den populære bloggen hjartesmil.
  • Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.
  • Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

KOMMENTAR:

Ja, kvar skal de ha TV-en? spør ho. Når eg forklarer at me ikkje har TV og dermed ikkje skal ha den nokon stad, fnys ho så det flyg små dropar av spytt ut i rommet: Berre vent til du treng å få vaska klede og passa ein kokande kjele med pasta samtidig som du har ein eittåring som klatrar oppover buksebeinet! Da kjem du til å køyra sporenstreks mot Elkjøp!

Denne typen samtalar har vorte altmeir vanleg etter det vart klart at me venta barn.

Eigne valg

Så mange personar har problem med vala som Jostein og eg har tatt, og dei kan berre ikkje VENTA med å fortelja oss, dela klokskapen i sine eigne val og tankar. Eg har nevnt tøybleier og fått augehimling som svar. Berre vent til du må skifta ti bleier på éin dag.

I ein samtale om å laga babymaten vår sjølv fekk eg høyra det blir vel til førstemann, det, da, berre vent til du har to.

Berre vent til du har ein toåring med sinneutbrot, seier ei og bestiller eit gigaglas med vin på den barnevennlige restauranten, ein tyr dessverre til alkohol. Ein gong snakka eg om korleis me har tenkt å fordela permisjonen då nokon med kloke auge såg på meg og sa du skal nok ombestemma deg berre du får starta, du kjem ikkje til å villa jobba før permisjonstida er over.

Glatte laken

Berre vent til du skal køyra langt og treng å stilna eit trist born, seier ein annan og børstar eit heilt bilsete av kjekssmuler ned på golvet.

Eg uttrykte ei glede over vårt nye landlige liv og skreiv på bloggen at eg hadde lyst til å bli ein person som strauk sengekleda mine. I kommentarfeltet lét det om du ikkje har gjort det før, kjem du aldri til å gjera det no som du får born. Å bli forelder, spesielt i dei tidlige dagane, handlar om å velga kva som er viktig. Glatte laken kjem ikkje til å vera viktig for deg.

Det er ei trist sak, å behøva å kjøpa seg friheita til å seinare kunna konstatere at ein hadde rett ved å trykka ned nokon andre sine ambisjonar og framtidsvisjonar. Enda tristare er det at eg, fordi me aldri har gjort dette før, føler eit behov for å forsvara valga me har tatt, å prøva å få folk til å forstå at me faktisk har reflektert, fundert og konkludert ut ifrå våre eigne liv. Som om å tigga etter vaksenpoeng.

Treng ikkje forsvare

Eg forklarer at men me har jo eit ganske annleis liv, da, me jobbar begge heime og kan jobba litt når som helst, og me har jo mykje hjelp rett rundt hjørnet såklart.

Men no har eg tenkt å slutte med det. For det er verkeleg ingen si sak korleis me vel å kle på/mata ungane våre/stryka sengetøyet/fordela permisjonstida. Å, for ein luksus det hadde vore å få spørja om råd når ein følte at ein trong det, istadenfor å få dei trødd ned i halsen heile tida.

Eg tvilar ikkje på at ein kan læra mykje av andre. Eg vil berre ikkje at folk skal gå ut ifrå at eg ikkje har peiling eller ikkje skal lykkast i ting eg har sett for meg.

Då hadde det heller vore så innmari raust for desse berre vent-menneska å stilla erfaringane sine til disposisjon, ved interesse, istadenfor å spyla dei over andre. For ei vanvittig friheit det hadde gitt meg om nokre berre kunne halde kjeft.

Frykt for å bli dømt

Eg trur eigentleg det handlar mest om at folk har behov for å normalisera sine eigne liv. Det legg dei så i fanget mitt, for å beklaga eller forklara kvifor ting er som dei er i deira kvardag, sjølv om dei aldri hadde trengt å gjera det slik i utgangspunktet. Såleis blir frykta for å bli dømt drivstoff til å dømma andre.

Kva med å berre la folk finna ut av ting sjølv? Livet mitt handlar jo om meg. Eg kjem til å lykkast og feila på heilt mine eigne måtar, det er det einaste eg veit. Men eg føler meg òg sikker på at det kjem til å ordne seg uansett.

Berre vent!

Vil du lese flere slike kommentarer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Les hele saken

Inger-Lise Kvås, redaksjonsjef

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!