70 år med Hornady

Jubileum for verdens største leverandør av ladeutstyr

Etter andre verdskrig var det rikeleg med militærpatroner, men dårleg utval i jaktpatroner. Da starta Joyce Hornady å produsere eigne kuler.

Pluss ikon
Sist oppdatert

Dei før­s­te åra et­ter and­re verdskrig had­de ame­ri­kans­ke jegerar og skytterar rikeleg til­gang på mi­li­tær­pat­ro­ner frå overskotslagre, men des­to dårlegare utval i jakt­pat­ro­ner. Sam­an med et­ter­krigs­ti­das grad­vis be­tre øko­no­mi, auka og interessa for jakt og sky­ting.

Joyce Hornady viss­te at tu­sen­vis av ame­ri­kans­ke jegerar og skytterar ville ha det same som han ville ha: ei pre­sis, dødeleg og påliteleg kule. Der­for starta han opp med å pro­du­se­re sine eigne ku­ler i 1949, og der­for vart «Accura­te, dead­ly, dependable» Hornadys va­re­mer­ke. Den før­s­te kula var 30 ka­li­ber 150 grs SP, ein bestseljar blant Hornadys jakt­ku­ler i alle år et­ter­på. Nes­te år, med fire personar i pro­duk­sjons­sta­ben, var salstala tre­dob­la, og tidleg i sekstiåra had­de Hornady før­ti personar i ar­beid. I 1979 vart lade­ut­styr eit nytt sat­sings­om­rå­de med opp­kjø­pet av Pacific Tool Company.

Eit varemerke

Om «InterLock», som kom i 1977, ikkje var det før­s­te ste­get i Hornadys ut­vik­ling av jakt­ku­ler, var nok li­ke­vel inn­fø­rin­ga av InterLock i bly­spiss­ku­ler eitt av dei viktigaste på den tid. Den inn­ven­di­ge rin­gen som skal hal­de blykjerna på plass inne i man­te­len un­der eks­pan­sjon, er ennå eit va­re­mer­ke for Hornady bly­spiss­ku­ler.

Hornady Lock-N-Load Classic er enkel, praktisk og solid presse for lading av riflepatroner.
Hornady Lock-N-Load Classic er enkel, praktisk og solid presse for lading av riflepatroner.

I seinare år har Hornadys sor­ti­men­t av jakt­ku­ler, match­ku­ler, hyl­ser og lade­ut­styr støtt og sta­dig blitt ut­vi­da. Så mykje at Hornady nå er størst av alle. Bare for å ta eit eks­em­pel had­de Hornady heile 26 for­skjel­li­ge ekspanderande jakt­ku­ler i 30 ka­li­ber siste gong eg gadd å tel­je. Bort­sett frå krut og tenn­het­ter er Hornady nå den al­ler stør­ste to­tal­le­ve­ran­dør av alt heimeladaren måt­te ha be­hov for.

I til­legg til ladekomponentar og lade­ut­styr må og Hornadys pat­ron­pro­duk­sjon nemnast. For den er stor. I dag er Hornadys utval i rif­le­pat­ro­ner at­skil­lig stør­re og be­tre enn det gam­le storheiter som Re­ming­ton og Win­ches­ter kan vise fram. Alle hornadypatroner er sjølvsagt ladd med Hornady-ku­ler.

Hornady har eit STORT utval i riflepatroner frå til 17 kaliber til 500 NE. For eksempel er Hornady ein av få som har 30-06 ladd med 168 grs matchkule, eller godt over 20 forskjellige 308 Winchester patroner!
Hornady har eit STORT utval i riflepatroner frå til 17 kaliber til 500 NE. For eksempel er Hornady ein av få som har 30-06 ladd med 168 grs matchkule, eller godt over 20 forskjellige 308 Winchester patroner!

Fremst i utvikling av jaktkuler

Utvalet i Hornady rif­le­ku­ler er som sagt størst. Hornady er alt frå tra­di­sjo­nell bly­spiss i spiss, flat og rundnasa form, til mo­der­ne lodda og ho­mo­ge­ne jakt­ku­ler. Så må det vel og seiast at sjølv om Hornady InterLock man­ge år har vore best i klas­sen til å ta opp nye trendar og pro­du­se­re ku­ler med sin ei­gen stil, har li­ke­vel ikkje Hornady stått først og fremst i ut­vik­ling av jakt­ku­ler. Hornady InterLock, som kom i 1977, var i grun­nen meir el­ler mind­re ein va­ri­ant av Remingtons omtrent førti år eldre CoreLokt. Hornady InterBond var hel­ler ikkje først blant jakt­ku­ler med samanlodda man­tel og bly­kjer­ne. GMX er så nær kopi av suk­ses­sen Barnes X/TSX/TTSX som ein kan kome utan å bli sak­søkt i USA. Den stør­ste for­skjel­len er ho­mo­gen tambak av om­trent same kva­li­tet som man­te­len i and­re Hornady ku­ler i GMX – TTSX er ho­mo­gen koparkule.

Størst utval

Man­ge av Hornadys jakt­ku­ler har plast­spiss og høg bc, men hel­ler ikkje her var Hornady først. Den før­s­te jakt­kula med plast­tupp, boattail og høg bc som vart ein stor kom­mer­si­ell suk­sess var Nosler Bal­lis­tic Tip. Der­imot var Hornady først ute med spis­se plasttuppkuler for bøy­le­rif­ler og rør­ma­ga­sin med FTX og MonoFlex.

Men uan­sett om Hornady har tatt et­ter and­re, er fak­tum at Hornady har størst utval i rif­le­ku­ler i dag. Det einaste Hornady manglar på jakt­ku­ler er de­le­vegg for heilt ef­fek­tiv eks­pan­sjons­stopp som Nosler Par­ti­ti­on og Swift A-Frame, men med det sto­re utvalet i jakt­ku­ler Hornady alt har er vel de­le­vegg strengt tatt ikkje nød­ven­dig.

Hornady InterLock er ei tra­di­sjo­nell, rimeleg og pre­sis bly­spiss­ku­le.
Hornady InterLock er ei tra­di­sjo­nell, rimeleg og pre­sis bly­spiss­ku­le.

Hornady InterLock

Det­te er ei tra­di­sjo­nell bly­spiss­ku­le med en­kel lå­sing av man­tel og bly­kjer­ne. Som med dei fles­te and­re enk­le bly­spiss­ku­ler av kva­li­tet, er god pre­si­sjon stan­dard for Hornady InterLock. Og om rifla er så vanskeleg og kre­sen at spiss SP ikkje gjev god nok pre­si­sjon er det verdt å prø­ve rundnasa RN om den finst i passande vekt. Butt kule med lang bereflate kan vere ve­gen til ak­sep­ta­bel pre­si­sjon frå dårlege løp. Uan­sett er Hornady InterLock like god i dag som nokon gong. I alle fall når den er ladd i pat­ro­ner med utgangshastigheit som passar enk­le bly­spiss­ku­ler.

Hornady SST

Sjølv om SST står for Su­per Shock Tip, er det i rea­li­te­ten ikkje særleg stør­re for­skjell på InterLock og SST enn at SST har plast­spiss og høgare bc. Og at SST, som dei fles­te and­re plasttuppkuler, eks­pan­de­rer raskare og meir bru­talt enn bly­spiss av same vekt, kon­struk­sjon og hastigheit. Så er det opp til deg om Hornady InterLock er be­tre egna kule til norsk stor­vilt­jakt enn SST.

Hornady InterBond

InterBond er lodda stor­vilt­kule frå Hornady.  
InterBond er lodda stor­vilt­kule frå Hornady.  

InterBond er Hornadys jakt­kule med samanlodda man­tel og bly­kjer­ne i mod­erne de­sign med plast­tupp og høg bc. Fakta er at Hornady InterBond har like høg bc som SST i same vekt, der­med passar nok og lodda InterBond betre i for­hold til nors­ke jegerars meining om eks­pan­sjon, rest­vekt, inn­tren­ging og blod­slått kjøt. Hornady InterBond vert levera i man­ge ka­li­ber og kule­vek­ter, men diverre ikkje som 140 grs 6,5 mm. 129 grs er einaste 6,5 mm InterBond i skrivande stund.

Hornady GMX

GMX er homogen storviltkule frå Hornady.
GMX er homogen storviltkule frå Hornady.

Hornady pro­du­se­rer ho­mo­ge­ne GMX i dei fles­te rif­le­ka­li­ber frå .224 og opp­over.
I våre mest vanlege ka­li­ber er 120 grs GMX einaste al­ter­na­tiv i 6,5 mm, så og 139 grs i 7 mm.

.308 ka­li­ber er vel­sig­na med GMX i vekt frå 110 til 180 grs, der 150 grs passar best i stan­dard­pat­ro­ner som 308 Win­ches­ter og 30–06. For elg­je­ge­ren med grøv­re ka­li­ber finst bly­frie GMX 180 grs i 8 mm, 185 grs .338, 250 grs 9,3 mm og 250 grs .375. Dei fles­te for så vidt greie kule­vek­ter til elg­jakt, sjølv om 250 grs ho­mo­gen er unø­dig og uprak­tisk tung og lang i for­hold til 9,3x62-hastigheit.

Hornady ELD-X

ELD-X er det nyaste nye i jakt­ku­ler frå Hornady. Kva er så nytt med ELD-X? Sjølv om det kan­skje høy­rest litt for­enk­la og lite en­tu­si­as­tisk ut, er, et­ter min meining, den viktigaste for­skjel­len på SST og ELD-X at nye ELD-X har endå høgare bc enn ikkje fullt så nye SST.
For å bru­ke .308 ka­li­ber som eks­em­pel har 178 grs ELD-X bc .545, 180 grs SST/InterBond bc .480. Og ikkje å forgløyme at ELD-X kjem i ein del nye og til dels uvanlege kule­vek­ter. Som 178 og 212 grs i 308 ka­li­ber, der svært lan­ge 212 med bc på heile .673 er til­pas­sa langholdstrenden. Så og 6,5 mm 143 grs, 7 mm 175 grs og 308 ka­li­ber 220 grs ELD-X.
Bort­sett frå høg bc og even­tu­el­le fordelar HeatShield plast­tupp måt­te ha på i over­kant lan­ge jakt­hold, er ELD-X et­ter mitt syn og er­fa­ring li­ke­vel ikkje anna enn endå ei lettekspanderande jakt­kule med plast­tupp.

Hornady MonoFlex og FTX

FlexTip er Hornadys løysing på pro­ble­met spis­se ku­ler er i rør­ma­ga­sin, FTX med man­tel og bly­kjer­ne i ka­li­ber frå .338 til .458. Ho­mo­ge­ne MonoFlex kjem ber­re i tre utgåver, 140 grs for 30–30 Win, 140 grs for Marlin Express og 250 grs .458. For­res­ten er 140 grs MonoFlex lettast av alle ho­mo­ge­ne 30 ka­li­ber ku­ler med lovleg vekt for stor­vilt­jakt, der­med stor­vilt­kula med minst re­kyl. Heimeladaren som mei­ner re­kyl er opp­skrytt, men li­ke­vel jaktar med 308 Win­ches­ter og 30–06 bør prø­ve 140 grs Hornady MonoFlex. Re­sul­ta­tet er eks­pan­sjons­dia­me­ter i 30-klas­sen, med re­kyl nærare 6,5x55.

V-Max = presis & lettekspanderande!
V-Max = presis & lettekspanderande!

Hornady V-Max

Pre­sis og lettekspanderande er fellesnemnar for V-Max-ku­ler som blir pro­du­sert i små­vilt­ka­li­ber frå .17 og opp til .308. Maks eks­pan­sjon er vik­tig for ef­fek­tiv fel­ling, men V-Max passar sjølvsagt dårleg til jakt på smått mat­vilt som fugl. Sjølv om svært eks­pan­sjons­vil­li­ge ku­ler passar til krå­ke­jakt, vil slike ku­ler i dei fles­te til­fel­le øydelegge fugle­stei­ka ved skot på rype og orr­fugl. El­ler anna mat­vilt i same stør­rel­se.

Hornady DGX

Dan­ge­rous Game eX­pand­ing er i ut­gangs­punk­tet kan­skje minst in­ter­es­sant av alle ku­ler frå Hornady for nors­ke jegerar. I alle fall til norsk jakt. Sjølv om DGX Bonded med tykk koparbelagt stål­man­tel og fast­lodda bly­kjer­ne i ka­li­ber frå .375 til .50 er laga for jakt på af­ri­kansk stor­vilt, vil den sik­kert gjere job­ben som elg­kule godt nok.

Hornady match­ku­ler

Om du likar best tra­di­sjo­nell OTM el­ler mo­der­ne match­kule med plast­tupp, Hornady produserar beg­ge delar. El­ler alle tre, med Match, A-Max og ELD-Match. Nes­te år er det fire, for det al­ler nyaste frå Hornady er match­kule med spiss alu­mi­ni­ums­tupp.

Superformance er nettopp det – superutgåva av riflepatroner frå Hornady!
Superformance er nettopp det – superutgåva av riflepatroner frå Hornady!

Artikkelen ble opprinnelig publisert i Jakt

Denne saken ble første gang publisert 21/10 2019, og sist oppdatert 18/10 2019.

Les også