Test av patroner

Ekspertens beste patroner til elg­jakt: – Større kaliber er ikke nødvendigvis bedre

Selv om både Mau­ser, pat­ron og skyt­ter gjor­de job­ben, var det likevel noe som manglet. Dette avgjør hvilke patroner du bør velge til elgjakta ifølge jakt-ekspert Jørund Lien.

Pluss ikon
<b>Grovt eller ikke?: </b>Grovere kaliber gjør ikke nødvendigvis at elgen faller fortere, den kan falle like fort med mindre kaliber. Men da er det visse ting du må tenke på.
Grovt eller ikke?: Grovere kaliber gjør ikke nødvendigvis at elgen faller fortere, den kan falle like fort med mindre kaliber. Men da er det visse ting du må tenke på. Foto: Jørund Lien
Sist oppdatert

Den gro­ve åttetagger elg­ok­sen som fall for før­s­te skot frå HV Mau­se­ren ladd med 30–06 Reming­ton 180 grs CL var min før­s­te elg.

Men sjølv om både Mau­ser, pat­ron og skyt­ter gjor­de job­ben, var li­ke­vel ikkje ori­gi­nal­skjef­te og jern­sik­te ana­to­mis­ke. Særleg godt til­pas­sa jakt­bruk el­ler spennande, nye og mo­der­ne nok for den ny­bliv­ne elgjeger.

Der­for vart ei meir hen­dig og moder­ne Sako med fem­ti cm 308 Winches­ter løp og kik­kert­sik­te elgrif­le for meg dei nes­te tre-fire åra.

Nokre el­gar fall for 180 grs Sako HammerHead, utan at fluktstreknin­ga imponera ein som had­de lese sin del av norsk jaktlittera­tur. Og alt av ame­ri­kansk jakt- og vå­pen­skri­ve­ri han kom over.

Bedre skuddeffekt måtte til

Meir og be­tre skoteffekt måt­te til, og ei ny Sako Finnbear 300 Win­ches­ter Mag­num var løysinga.

Men heimelading måt­te til.

For det før­s­te var fabrikkladde Win­ches­ter 300 Win Mag alt for kost­ba­re til at eg kun­ne skyte så my­kje som eg ville. For det and­re visa di­ver­se improvisera ekspansjonstestar at halv­god 180 grs bly­spiss i magnumhastigheit slett ikkje hadde be­tre inn­tren­ging enn same kule frå 308 og 30–06.

Snarare tvert i mot, til tross for at den kom frå imponerande stor hyl­se og dit­to krutladning. El­ler nettopp der­for, som seinare er­fa­ring har visa.

<b>Elgpatroner: </b>Ei av desse bør fylle dei fleste krav til praktisk elgpatron: frå venstre 308 Winchester, 30-06, 8x57 IS og 9,3x62.
Elgpatroner: Ei av desse bør fylle dei fleste krav til praktisk elgpatron: frå venstre 308 Winchester, 30-06, 8x57 IS og 9,3x62.

300 Win Mag måt­te ha tyng­re og be­tre kule, og val­et fall på 200 grs Sier­ra GameKing.

Felt flest elg med 200 grs Sierra GameKing

200 grs Sier­ra GameKing var 30 ka­li­ber jakt­kule med høg bc og sd. Og min er­fa­ring frå konkurransesky­tin­ga var at Sier­ra er lik presisjon.

Høg bc var heilt nød­ven­dig på den tid, for i til­legg til be­tre skoteffekt var flat ku­le­ba­ne med topp presisjon må­let med 300 Win Mag. Å lade med but­te ku­ler gav in­gen meining då, og snautt nok no.

<b>Grovere patron:</b> Jo grovere patron, jo bedre? Det stemmer ikke nødvendigvis helt
Grovere patron: Jo grovere patron, jo bedre? Det stemmer ikke nødvendigvis helt Foto: Jørund Lien

I dag er det klart at 200 grs Nosler Par­ti­ti­on ville vere eit vel så godt kuleval, med nes­ten like høg bc og pre­si­sjon.

Fakta er at 200 grs Sier­ra GameKing er den en­kelt­kula eg har felt flest elg med.

Først i Sako 300 Win Mag, deretter i Snauflaterifla kamra for vill­kat­ten 30-338.

Og 200 grs Sier­ra GameKing var god nok elg­kule den, sjølv om få gjekk gjen­nom stor elg. Og endå fær­re såg ut som reklamebilda av sopp­forma, fint ekspandera jaktku­ler.

Er enda grovere kaliber bedre?

Re­ge­len var hel­ler litt ujamn eks­pan­sjons­form på kulene som med flid vart plukka ut av felt elg.

Men om 30 ka­li­ber mag­num er bra, er vel endå grøv­re be­tre?

På den­ne tid var 338 Win Mag elg­pat­ron med stor E, men like­vel lite in­ter­es­sant.

Til det var ste­get frå 7,62 til 8,5 mm for lite til å vere verdt meir re­kyl. 9,3x62 var hel­ler ikkje ak­tu­ell som elg­pat­ron. Det stod svart på kvitt i alle kulebanetabellar.

375 H&H der­imot, den måt­te fylle alle krav nokon elg­je­ger kun­ne ynskje å få opp­fylt! Og når ein velbruka Sako Finnbear 375 H&H så kun­ne kjøpast til snill pris vart 375 H&H min elg­pat­ron i nokre år. Først ladd med di­ver­se tradi­sjo­nel­le blyspiss­ku­ler, der 300 grs Sier­ra GameKing var favo­ritt.

Rester etter blyfliser og mantelsplinter i elgen

Et­ter an­be­fa­ling frå meir er­far­ne 375-brukarar var 270 grs Hornady InterLock SP elg­kule ein haust.

Men et­ter fem elgfall utan gjennomskot – der alt eg fann att i el­ga­ne var blyflisar og mantelsplintar – var det­te før­s­te og siste haust med den­ne kula

Swift A-Frame 180 grs og Springfield 30-06 175 grs
Swift A-Frame 180 grs og Springfield 30-06 175 grs

Så kom su­per­ku­le­ne, og el­ga­ne fall like greitt for Barnes X i kule­vekt frå 235 til 270 grs. Og Swift A-Frame 250, 270, og 300 grs som dei had­de falle for 300 grs Sier­ra GameKing.

Sjølv om eg et­ter kvart meinte at 270 grs X og 300 grs Swift A-Fra­me gav mind­re skoteffekt enn lettare su­per­ku­ler.

Les også (+): Kenneth skyter 40 000 skudd i året – her er hans beste hagletips

Grovt er bedre enn fint

Mitt leng­ste skot på elg nokon gong vart ut­ført med 300 grs Sier­ra GameKing i 375 H&H. Må­let var ein grov sekstagger elg­ok­se som fall rett ned i smel­len.

Det nest leng­ste stod ein 150 grs Tro­phy Bonded i 308 Winches­ter for, men den sekstaggeren fall slett ikkje i smellen – den gjekk nok nærare 150 me­ter et­ter treff rett bak bo­gen.

Uan­sett visa mine tør­re tal at gjennom­snitt av flukt­strek­ning med 375 H&H var litt mind­re enn gjennom­snitt for tidlegare elg­fall med pat­ro­ner i 30-ka­li­ber.

Der­for var grovt be­tre enn fint. Og der­med måt­te endå grøv­re enn 375 prøvast på elg­jakt!

Først ei av svært få Sako Finnbear 458 Win­ches­ter Mag­num, så 416 Re­ming­ton Mag­num i ny. Men ombygd CZ 375 H&H frå Ragnar Hansen.

Større kaliber ikke nødvendigvis bedre

Utan at stør­re kali­ber før­te til meir knall & fall, snarare tvert i mot.

Sjølv om det ikkje fall på langt nær så man­ge elg for 416 og 458 som 375 H&H. Og at den fak­tis­ke forskjel­len i gjennomsnittleg flukt­strek­ning bare var rundt rekna to me­ter, var det li­ke­vel ikkje så at elgen all­tid og meir umid­del­bart vart slått i bak­ken av ei 416- el­ler 458-kule enn med 375.

Om ikkje gro­ve stor­vilt­pat­ro­ner er merk­bart meir ef­fek­ti­ve elgveltarar, er det vel hel­ler ikkje nød­ven­dig å bere på tun­ge rif­ler kamra for gro­ve pat­ro­ner med uprak­tisk tung re­kyl?

Der­med vart 2,9 kg lett Re­ming­ton 700 KS kamra for 35 Whelen nes­te elg­rif­le. Ikkje det at 35 Whelen ikkje er temmeleg grov, 9 mm ku­ler er godt over gjen­nom­snitt av ka­li­ber til norsk elg­jakt.

Men Remingtonen var lett den, og el­ga­ne fall like godt som tidlegare Li­ke­vel vart 35-lø­pet skifta ut med rust­fritt Shilen 280 Re­ming­ton-løp et­ter nokre år, ut frå tan­ken om at 280 Re­ming­ton passa be­tre som all­round­pat­ron til stor­vilt­jakt.

På den­ne tid had­de tes­ting av og skri­ving om vå­pen og patro­ner blitt meir el­ler mind­re full­tids­jobb. Og sta­dig nye rif­ler, pat­ro­ner og ku­ler kom inn til test. En­kel­te vart og funnen ver­di­ge til å bli med på jakt.

Remington Ultra Mag er av de mer minneverdige patronene

300 og 338 Re­ming­ton Ult­ra Mag var to av dei meir minnever­di­ge.

<b>Førte ikke til knall og fall: </b>Remington 300 og 338 Ultra Mag har masse anslagsenergi, hastigheit og rekyl, utan at det førte til knall &amp; fall av første elg.
Førte ikke til knall og fall: Remington 300 og 338 Ultra Mag har masse anslagsenergi, hastigheit og rekyl, utan at det førte til knall & fall av første elg.

Se­ri­en med Re­ming­ton Ult­ra Mag-pat­ro­ner vart lansera med brask og bram i 1999, mag­num­pat­ro­ner utan mag­num­bel­te var det heilt sto­re og nye på den tida.

Før­s­te elg­fall for 300 Re­ming­ton Ult­ra Mag var ei stor, einsleg elg­ku som had­de fått sans for alt som var etande av hagevekstar i lø­pet av sumaren.

<b>Remington CORE-LOKT:</b> Min første elg fall for ei 180 grs Remington CORE-LOKT 30-06 frå HV-Mauseren.
Remington CORE-LOKT: Min første elg fall for ei 180 grs Remington CORE-LOKT 30-06 frå HV-Mauseren.

Jakt­laget var skjønt einige om at den var det sikrast å fel­le i gjernings­øye­blik­ket.

Der­for tok eg stil­ling med Reming­ton 700 og fa­brikk­ladd 300 Re­ming­ton Ult­ra Mag 180 grs Nosler Par­ti­ti­on i eple­ha­gen ut på kvel­din­ga.

Ikkje len­ge et­ter kom elg­kua med stø kurs for frukt­fa­tet. Og i det den snud­de brei­si­da til, small skotet med sik­te­punkt heilt inn­til bo­gen på fem­ten me­ters skothald.

Lang fluktstrekning

Stor smell i det drygt 90 grs krut lys­te opp i skum­rin­ga, men eg rakk knapt å ta la­de­grep før elgkua forsvann i full fart ned­over jor­det. Slett ikkje knall og fall for mitt før­s­te skot på elg med 300 Re­ming­ton Ult­ra Mag, nei!

I tiltakande skum­ring var det bare å fylje spora, som var tydelege nok ned­over jor­det. Elg­kua brydde seg tydelegvis lite om anslags­ener­gi. For den had­de nok ener­gi til å sprin­ge ned heile jordet og eit godt styk­ke ned­over ein skogsveg.

Skotet sat nøy­ak­tig der siktepunk­tet var – heilt inn­til bogen, med utgangshol inn­til bogen på mot­sett side. Til tross for godt treff med over­mål av anslags­ener­gi var flukt­strek­nin­ga minst så lang som nye for­slag om tre hund­re me­ter som gren­se for ska­de­sky­ting av elg.

Rett nok skjed­de flukta i ned­over­bak­ke, og elg­kua had­de stor fart, men det­te kan tene som eit be­vis på at teo­re­tisk fluktgren­se som mål for ska­de­sky­ting bare er teo­ri.

Les også (+): Verdens mest brukte jaktpatron i den vestlige verden, og en av de tre store i Norge.

Ble bedt om å ikke skyte elg med slike patroner

Så og teo­re­tisk an­slags­ener­gi, om ikkje sto­re 300 Re­ming­ton Ult­ra Mag med godt over 5000 jou­le ved mun­nin­gen har meir enn nok av den slags til elg­jakt, kva skal ein då tru om ves­le 308 Win­ches­ter?

El­ler 6,5x55? Rea­li­te­ten var og er så en­kel som at slikt kan hen­de på jakt. Uan­sett pat­ron, kule og anslags­ener­gi.

Om høg hastigheit, an­slags­ener­gi, kule el­ler lang flukt­strek­ning i høg fart er viktigast år­sak til blod­slått slakt stri­des dei lær­de om. Det­te til­fel­let opp­fyl­ler i grun­nen alle des­se faktorar. Og re­sul­ta­tet var det mest blodslåtte elg­slakt eg har sett.

Elg­kua var blod­slått nær sagt frå øyro til låra. Og eg fekk klar be­skjed av ein eld­re, er­fa­ren elg­je­ger og slaktar om å ikkje sky­te fleire el­gar med slike pat­ro­ner!

Eit par år seinare vart ei Re­ming­ton 700 kamra for 338 Re­ming­ton Ult­ra Mag og fa­brikk­ladd 250 grs Swift A-Fra­me med på elg­jakt. I grun­nen ein i over­kant re­kyl­frisk kom­bi­na­sjon av pat­ron og rif­le­vekt, men ikkje meir uprak­tisk enn at det var mogeleg å sky­te rimeleg gode treff frå je­ger­mes­sig sky­te­stil­ling.

På den tid var mind­re elg­be­stand må­let, og alle einslege hodyr skul­le fellast. I and­re dre­vet kom ei halvstor elg­ku i passa fart på passa skothald.

Ein plystretone, og elg­kua stoppa med brei­si­da til med treff rett bak bog av 250 grs Swift A-Fra­me som re­sul­tat.

Men elg­kua bryd­de seg null og niks om kule, ka­li­ber el­ler anslags­ener­gi. Den brå­snud­de og sprang full fart eit par hund­re me­ter til næraste post der den fall for eit meir el­ler mind­re vel­retta skot i ryg­gen.

På nytt, mas­se an­slags­ener­gi frå aner­kjent stor­vilt­kule. Men in­gen annan skotreaksjon enn umid­del­bar flukt.

Mange elg har falt like fort og effektivt av "småpatroner"

Un­der seinare jakt fall and­re el­gar i smel­len for både 300 og 338 Re­ming­ton Ult­ra Mag. Men fakta er uan­sett at man­ge el­gar har falle like fort og ef­fek­tivt for ”små­pat­ro­ner” som 260 Re­ming­ton og 6,5x55 som sto­re, re­kyl­fris­ke og til dels kjøtøydeleggande 300 og 338 Re­ming­ton Ult­ra Mag.

Så skal det og seiast at 6,5 mm pat­ro­ner har eg bruka mest når eg har jakta elg åleine utan hund, drivarar el­ler anna som kan for­styr­re el­gen.

Ustøkt elg har lettare for å falle i smel­len enn støkt elg.

Sjølv om nye ku­ler el­ler pat­ro­ner og rif­ler må prøvast på jakt, har Sauer 202 OutBack 8x57 JS i seinare tid hatt æra av å vere den av mine rif­ler som oftast har blitt med på elg­jakt. Litt på grunn av pat­ron, litt på grunn av vekt, litt på grunn av me­ka­nis­me, sik­ring og pre­si­sjon.

Men og på grunn av skoteffekt, for det mes­te med knall og fall i smel­len. Og det med så for­skjel­li­ge ku­ler som 11,7 g RWS KS, 12,7 g Oryx, 11,7 g Naturalis og 10,4 g TTSX/EcoStrike.

Nå er det sjølvsagt ikkje slik at 8x57 IS over­går alle and­re stor­vilt­pat­ro­ner i skoteffekt, det er bare det at for meg har elg felt med 8x57 IS litt mind­re flukt­strek­ning enn alt anna.

Mest truleg ikkje bare på grunn av pat­ron med passande ka­li­ber, kule, kule­vekt el­ler hastigheit – lettskoten og pre­sis rif­le med for­nuf­tig re­kyl er nok meir vik­tig her. Men mest av alt er nok treff­punkt grun­nen til at elg fell i smel­len for 8x57 IS.

For på same tid som Sauer 202 OB 8x57 IS kom i hus, konvertera eg frå sik­te­punkt bak bo­gen til siktepunkt midt i bo­gen. Helst litt høgt og litt langt fram­me for best og mest skoteffekt

Treffpunktet er det viktigste

At treff­punkt er mest vik­tig, og ikkje nød­ven­dig­vis 8 mm ku­ler, visa seg tydeleg ein haust der fleire el­gar fall for 1 mil­li­me­ter mind­re kule­dia­me­ter.

Patrona var nye Fed­er­al Pre­mi­um 160 grs Tro­phy Bonded Tip 280 Re­ming­ton, der både pat­ron og kule visa seg å vere like vel­egna til elg­jakt som det mes­te anna.

Det skul­le for­res­ten bare mang­le, for Fed­er­al Tro­phy Bonded Tip og nyare TLR har et­ter kvart visa seg å vere blant dei aller, al­ler beste jakt­ku­ler til stort vilt.

Uan­sett er 8x57 IS med gode ku­ler ei av mine fa­vo­ritt­pat­ro­ner til elg­jakt, sjølv om Sauer 202 OB må ta sin del av æra for det.

Li­ke­vel kan eg i dag nes­ten like godt ta med ei av dei beste .30 ka­li­ber pat­ro­ner på elg­jakt. El­ler .338 i fornuf­tig hyl­se­vo­lum, el­ler 35 Whelen som er ein av mine ab­so­lut­te favorittar.

El­ler 375 H&H som ab­so­lutt ikkje må gløymast, for den er elg­pat­ron i sær­klas­se!

Om du saknar 9,3 her, er det på grunn av at 9,3 er eitt stor­vilt­ka­li­ber eg ikkje har jakta elg med.

Men den er dugande elg­pat­ron som, til tross for mar­gi­na­le forskjellar i ku­le­ba­ne, kan det mes­te av det både 35 Whelen og 375 H&H kan.

Fra subjektiv til objektiv vurdering av elgpatroner

Så langt og så my­kje om mine eigne erfaringar og meiningar om patro­ner til elg­jakt. Men kva med ei objek­tiv vur­de­ring av elgpatroner?

Litt farga av eigne erfaringar byrjar min lis­te over pat­ro­ner spe­si­elt for elg­jakt med .30 ka­li­ber. Og då med 308 Win­ches­ter, 30–06 og 300 Win­ches­ter Mag­num. Få om nokon and­re .30 ka­li­ber kan gjere jobben merk­bart be­tre.

Av des­se tre er 308 Win patrona for let­te og kom­pak­te rif­ler med dit­to låskasse, 30–06 passar be­tre i nor­mal­lang låskasse.

Til elg­jakt med kon­ven­sjo­nell bly­spiss el­ler lodda jakt­ku­ler har 30–06 den kla­re for­del at 13 g ku­ler har om­trent same utgangshastigheit som 11,7 g ku­ler i 308 Win.

Lange, tun­ge bly­spiss­ku­ler toler litt meir av gro­ve elg­bein enn lettare og stuttare bly­spiss­ku­ler.

For deg som vil jakte med homogene kuler

For den som hel­ler vil jak­te med ho­mo­ge­ne sen­der 30–06 ut 150 grs TTSX/GMX/EcoStrike med tilnærma same hastigheit, og ku­le­ba­ne som 300 Win­ches­ter Mag­num med 180 grs ku­ler.

Samanlikna med beg­ge har 30–06 for­de­len av høgare utgangshastigheit enn 308 Win. Men mind­re re­kyl enn 300 Win Mag.

Og ikkje minst presterar 30–06 høgare utgangshastigheit enn 308 Win i stutt løp – eit mo­ment som særleg er vik­tig for den som vil jak­te med ho­mo­ge­ne ku­ler.

Høg hastigheit er vik­tig for få har­de, ho­mo­ge­ne koparkuler til å eks­pan­de­re raskt og påliteleg.

Les også (+): Disse sleipe triksene lokker frem elgen

Til deg som vil ha grovere kaliber

For elg­je­ge­ren som har stør­re tru på grøv­re ka­li­ber enn .30 er gam­le 8x57 IS i dag endå be­tre elg­pat­ron enn den var før lodda ku­ler, og and­re pre­mi­um­ku­ler såg da­gens lys.

Det­te gjeld sjølvsagt og 8x68S, men å an­be­fa­le 8x68S som all­menn elg­pat­ron er nok å gå litt langt. Sjølv om den er be­tre enn det mes­te av både nye, og ikkje fullt så nye pat­ro­ner.

.338 er stor­vilt­ka­li­ber, og vel­egna til elg­jakt. Li­ke­vel er 338 Win Mag den sto­re taparen i salstal blant alle elg­pat­ro­ner, og det mest på grunn av re­kyl. Der­imot er ves­le 338 Fed­er­al grovt, men rekylsnilt al­ter­na­tiv blant elg­pat­ro­ner.

Endå grøv­re 9 mm pat­ro­ner som 358 Win­ches­ter, 35 Whelen og 358 Nor­ma Mag­num er alle elg­pat­ro­ner, men vanskeleg å an­be­fa­le for gjen­nom­snitts­je­ge­ren.

9,3 mm ER elg­ka­li­ber. Om patrona er 9,3x57, 9,3x62, 9,3x64 el­ler 9,3x74 R be­tyr mind­re, men fel­les for alle 9,3 er re­kyl i over­kant for dei fles­te jegerar.

375 H&H er på topp blant prak­tis­ke elg­pat­ro­ner, for 375 H&H har kule­vekt, dia­me­ter og an­slags­ener­gi nok til alle el­gar. Og ikkje minst re­kyl­ener­gi heilt klart i over­kant for dei al­ler fles­te elgjegerar.

Men sjølv om 375 H&H slår hardt i beg­ge endar, er 375’en vanskeleg å slå som stor­vilt­pat­ron!

Kva så med mind­re ka­li­ber som 7 mm, .270 og 6,5 mm som elg­pat­ro­ner? Dei enk­le fakta er at alle er mind­re enn .30 ka­li­ber. Og med lik kule i same hastigheit vil .30 ka­li­ber eks­pan­de­re til stør­re dia­me­ter, med stør­re sår­ka­nal, og raskare blod­tap som re­sul­tat.

Samanlikna med stør­rel­se og vekt på elg er sjølvsagt den fak­tis­ke for­skjel­len på dia­me­ter og kule­vekt liten, men den er der.

8x57 IS og 30–06 er idealpatroner til elgjakt

Sjølv om nett­opp 6,5x55 er patrona som trygt kan anbefalast for den som skal kjøpe sin før­s­te rif­le, og for den som vil ha ei rif­le til all norsk jakt.

Og den evi­ge san­ning om at ei god og velplassera 6,5 mm kule i lun­ge­re­gi­o­nen er my­kje be­tre og meir ef­fek­tiv enn kva som helst av ovstor pat­ron. Og gro­ve ku­ler i vom el­ler tarmar, er li­ke­vel ikkje 6,5 mm det mest egna ka­li­ber for je­ge­ren som vil ha ei rif­le spe­si­elt til elgjakt.

Om ein skal sjå nøk­ternt, sakleg og til dels kjedeleg på alle faktorar her er nok gam­le 8x57 IS og 30–06 dei som er nærast å vere ide­al­pat­roner til elg­jakt.

Heilt klart ikkje best i om­trent noko som helst av alle dei krav ein kan finne på å setje til den per­fek­te elg­pat­ron.

Men om ein skal sum­me­re alle fordelar og ulem­per blant alt som finst av jakt­pat­ro­ner er det vanskeleg å finne ei einaste pat­ron som i gjen­nom­snitt er be­tre enn nett­opp 30–06!

Er­fa­rings­grunn­laget bak den­ne artikke­len kjem frå elg­jakt med des­se pat­ro­ne­ne:

6,5x55, 260 Re­ming­ton, 6,5-300 WWH, 7 mm-08, 280 Re­ming­ton, 308 Win­ches­ter, 30–06, 30-338, 300 Win­ches­ter Mag­num, 300 Re­ming­ton Ult­ra Mag, 8x57 IS, 8x68S, 338 Fed­er­al, 338 Re­ming­ton Ult­ra Mag, 35 Whelen, 375 H&H, 416 Re­ming­ton Mag­num, 10,75x68 og 458 Win­ches­ter Mag­num.

Les også (+): De beste jegerne bruker noen av de samme teknikkene som idrettsfolk.

Denne saken ble første gang publisert 07/10 2020, og sist oppdatert 16/03 2021.

Les også