SMÅVILTJAKT

Test av blyfri småviltpatron – denne egner seg godt til rypejakta

Nye Nitedals Spesial Bismuth 12-70 er ladd med filtforladn­ing bak 34 g hagl US nr 6, 5 og 4 i stjernebretta plasthylse.

Pluss ikon
<b>TEST: </b>Våre eksperter har testet Nitedals nye Spesial Bismuth 12-70.
TEST: Våre eksperter har testet Nitedals nye Spesial Bismuth 12-70. Foto: Jørund Lien
Publisert

Som miljøtiltak er filtpropp praktisk, det er atskillig enklare å få tomhylsen enn plasthaglkoppen på plass i lomma etter skot!

Fakta

PATRON: Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6, 5, og 4

Pris: 34,90 kroner per patron

Oppgjeven utgangshastigheit: 405 m/s

Importør: Norma AS

+ Filtforladning, haglfordeling

- Litt avvik i haglnummer, hagl-
størrelse og målt utgangshastigheit

= Småviltpatron

Filtforladning eller haglkopp av plast

Kva med haglsverm, dekning og haglfordeling? Er ikkje haglbeskyttande plastkopp ein fordel i så måte? Til ein viss grad er det slik, men kor stor den praktiske forskjellen er kan diskuterast.

Vel og merke når patrona er ladd med mindre harde hagl – patroner ladd med stålhagl og hardare må ha solid plastkopp. For å finne ut av eventuelle forskjellar vart nye Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi nr US 6 og førre generasjon Nitedals Spesial 12-70 bly 34 g nr 6 testa samtidig på 15 og 25 meter med kvart og halv trangboring.

Blyhagl nr 6 i plastkopp gav litt jamnare hagldekning, særleg i dei ytste fem centimeter av haglsvermen, og mindre diameter på haglsvermen enn 34 g Bi US 6 med filtforladning. Forskjellen er for liten til å bety noko som helst for effekten av skot på jakt.

<b>SMÅVILTPATRON:</b> Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6 med runde, fine vismuthagl, filtforladning, bladkrut og plasthylse.
SMÅVILTPATRON: Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6 med runde, fine vismuthagl, filtforladning, bladkrut og plasthylse. Foto: Jørund Lien

Hagldiameter og vekt

Måling og telling av hagl i Nitedals Spesial Bismuth 12-70 visa at den ikkje er ladd med cirka 306 US 6 2,75 mm hagl, men 292 hagl med 2,9 mm diameter. I Nitedals Spesial Bly 12-70 34 g US nr 6 er det 309 hagl med 2,66 mm diameter.

Tal og størrelse på hagl er ein ting, vekta på kvart hagl ein annan. Her er gjennomsnittet for fem hagl 0,12 gram for vismut, 0,11 gram for fem blyhagl. Temmeleg lik vekt på kvart hagl, omtrent like mange hagl i patrona, men ikkje hagl med lik diameter.

For å vere pinleg nøyaktig er ingen av dei US 6 med 2,75 mm diameter, vismuthagla er litt for store, blyhagla litt for små. Begge patroner er ladd med omtrent like mange hagl med omtrent lik vekt, og vil gje lik skoteffekt på alle forsvarlege skothald.

Dette var Bi US 6, kva med andre haglnummer? Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 4 skal ha ca 187 hagl, opning visa at den var fylt med 169 hagl med gjennomsnittsvekt 0,2 g i 3,42 mm diameter. Med andre ord litt grøvre enn US 4.

Er det rett å merke patrona med US 6 eller US 4 når hagldiameteren er nærare US 5 og 3? Nei, men dette er slett ikkje uvanleg, og lite å bry seg om. Atskillig meir viktig er det at nye Nitedals Spesial 12-70 Bismuth er ladd med runde, jamne, fine hagl som set runde, fine hagltreff i skiva.

At hagla i dagens Nitedals Bismuth haglpatroner ikkje er like sprø som tidlegare vismuthagl er ein klar fordel.

Les også: (+) Skyt for f**n, skrek politifolkene da bjørnen gikk mot Hermann, men det var ett problem

Testskyting

Skyting vart utført med to skot mot fugleskive på 15 og 25 meter skyteavstand med kvart og halv trangboring for Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi 6, tre skot på 25 meter og halv trangboring med US 5 og 4.

Oppgjeven utgangshastigheit er 405 m/s, bruk av to forskjellige kronografar konkludera med gjennomsnitt rundt 380 m/s for alle tre patroner.

Hastigheitsmåling av haglpatroner er ein nokså upresis vitenskap. Det på grunn av haglkopp/filtpropp og haglsverm som strekker seg i lengde og breidde så snart den er ute av munningen. Utgangshastigheit rett under 400 m/s er greitt nok for rimeleg tunge vismuthagl.

I testskiva var det litt randhagl og litt tynnare med hagl i ytrekant av svermen enn i midten, meir regel enn unntak med filtforladning det.

Patron, choke og skyteavstandSverm og treff
Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6 1/4 choke, 15 meter skyteavstand50 cm haglsverm med tett, fin dekning. Litt tettare i midten enn i ytrekant av svermen. 56 hagltreff i fugl på testskive.
Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6 1/4 choke, 25 meter skyteavstand65 cm svermdiameter med rimeleg god hagldekning, bortsett fra enkelte hol og ein del randhagl. 19 hagltreff i fugl på testskive.
Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6 1/2 choke, 15 meter skyteavstand400 cm haglsverm, tett med hagl. 66 treff i fuglefigur.
Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6 1/2 choke, 25 meter skyteavstand60 cm haglsverm med jamn dekning. 22 hagltreff i fugl på testskive. 
Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 5 1/2 choke, 25 meter skyteavstand60 cm svermdiameter, 50 cm med jamn, god hagldekning. 22 hagl i fugl på testskive.
Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 4 1/2 choke, 25 meter skyteavstand55 cm svermdiameter, litt uryddig ytrekant, 50 cm med jamn hagldekning. 21 hagl i fugl på testskive. 

Haglstørrelse, svermdiameter og trangboring

Mindre svermdiameter med grøvre hagl enn med dei mindre er heilt normalt. Her førde det til omtrent like mange hagltreff i fuglen på testskiva med US 6, 5 og 4 frå halv trangboring på 25 meter.

Med Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi US 6 på 15 meter er hagltreffa i fuglen unødig mange, for tidleg jakt på godt trykkande fugl passar cylinder choke betre. I alle fall til første skot med dobbeltløpa hagle. Og halv trangboring er meir enn nok opp til 30 meter og all jakt med desse patronene i denne hagla.

Les også: Advarer jegere etter nye jaktregler: – Blir anmeldt

Poeng

Om ein skal samanlikne med blyhagl vil ingen alternativ få 10 poeng av meg, men det er urealistisk når bly er ulovleg. Av alternativa er vismuthagl mest lik blyhagl, og passar derfor best til det meste av småvilt.

<b>KJØTTDEIG?:</b> Heilt klart upraktisk mange hagltreff i fuglen på 15 meter med kvart trangboring!
KJØTTDEIG?: Heilt klart upraktisk mange hagltreff i fuglen på 15 meter med kvart trangboring! Foto: Jørund Lien

Tyngre tungstenhagl har meir gjennomslagskraft til rådyr, gaupe, rev, storfugl og gås, men er ikkje betre egna til mindre småvilt. Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi passar derimot godt.

Litt avvikande haglstørrelse og målt hastigheit i forhold til oppgjeven gjer at Nitedals Spesial 12-70 34 g Bi 6, 5 og 4 ikkje kan få 10 poeng i denne testen.

Den havner derfor på 9 poeng av 10 mulige.

Denne saken ble første gang publisert 03/10 2023.

Les også