KOMMENTAR:

Når ein har autistiske born må man velgje sine kampar, og ta hensyn til bornas særeigne måte å vere på.

Det ein ikkje treng då, er velmeinande råd frå andre som ikkje skjønar...

Av og til kan det vere lurt å berre halde stilt!

Dette seier du ikkje til autismeforeldre:

1. Kan det vere at bornet ditt har hatt det litt for kjekt med for mykje data i helga, så det er difor det ikkje ynskjer å gå på skulen i dag?

2. Det er vel strengt tatt ikkje nødvendig å halde guten din i handa no, er det vel? Han er no gammal nok til å klare å gå sjølv no, tenker eg!

3. Shorts i november? Har du ikkje kustus, du?

4. Same pålegget på brødet siste halve året, du snakkar om å sy puter oppunder armane, kvifor ikkje litt variasjon?

5. Det er eit stort problem for oss på skulen at bornet ditt alltid går med hetta på i friminutta.

Ragne Beate Larsen (35)

Student i rettsvitenskap og heiltidsmamma.

Har tvillinger med infantil autisme.

Brenner for å auke kunnskap og forståelse rundt eit liv der autisme grip inn i alt vi gjer.

Skriver bloggen På randen med Ragne.

6. Kan ikkje skjøne at det skal vere eit så stort problem å dusje etter gym? Gå inn i dusjen, skru på vatnet og dusj! Alle andre elevar klare jo det.

7. Vi bekymrar oss over at bornet ditt alltid går med øyreklokker, det virkar litt sosialt avstøtande på oss andre rundt!

8. Åh! Bornet ditt er berre SÅÅÅÅ sosial altså! Eg skjønar berre ikkje kvifor det har fått ei autismediagnose.

9. De har fått ADHD diagnosa DE og, ja. Ja , det er no ikkje eit born i dette landet som ikkje har fått den snart!

10. Ingen «små» born søv om natta kjære deg.

Vi sankar ikkje diagnoser

Til opplysning:

Autismeforeldre er stort sett overlukkeleg for dei få timane med søvn dei får iløpet av ei natt.

Dei jublar når avkommet et maten sin, og kler på seg klede sjølve.

I tillegg er dei overlukkelege for i det heile å få bornet sitt på skulen, om det enn innebære hettegenser og øyreklokker.

Og om bornet ikkje kjem seg på skulen, så har det iallefall ikkje noko med datamengda i helga å gjere! TRU MEG!

Nei, ikkje sankar vi diagnoser heller, har bornet fått ei ADHD diagnose så er det nøye utreia av fagkompetent personell- ofte etter ein lang kamp!

Eg treng ikkje trøst

Sist men ikkje minst: Ikkje trøst oss med å gje borna fleira sosiale skills enn dei har.

Eg treng ikkje den trøysta, eg.

Men kan det vere at du treng den?

 

Teksten er opprinnelig publisert på bloggen På randen med Ragne.

Les hele saken

Marit Vebenstad, digitaljournalist

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!