generasjonsbolig

Fire generasjonar deler heim og hage: Familiegarden har ei uvanleg historie

Sigvard (95): – Eg har aldri feila noko, ikkje sjukdom. Men eg måtte til Haukeland ein gong. Mista fingrane då eg kappa ved.

<b>STORFAMILIE:</b> Denne gjengen trives med å bo på same gard. Frå venstre: Stig Arve og Guro med Andreas på armen, Anne Marit, Sigvard, Maria, Leif Inge med Susanna foran seg, Stig Anders og Cindy med Gunnar foran seg. 
STORFAMILIE: Denne gjengen trives med å bo på same gard. Frå venstre: Stig Arve og Guro med Andreas på armen, Anne Marit, Sigvard, Maria, Leif Inge med Susanna foran seg, Stig Anders og Cindy med Gunnar foran seg.  Foto: Gunn Gravdal Elton
Publisert

Når vesle Gunnar på fem år kjem ned i kjellaren til oldebesten for å få noko godt, då er verda fullkomen. At besten er 95, er ikkje noko problem.

Dei to ler og pratar om det meste, og dei forstår kvarandre godt over ein boks is eller ein pakke kjeks.

– Kvar dag, seier Maria Hauge (90) og ser på oldebarnet Gunnar på fem.

– Det vil seie, han kjem kvar dag, men han går att om ikkje Sigvard er her. Det er
oldebesten han vil til. For då får han alltid noko godt.

Det har budd folk på garden Hauge på Vossestrand i meir enn 700 år. I 95 av desse åra har Sigvald Hauge vore ein del av det praktfulle bruket.

Herfrå har han vidt utsyn over fjell og dalar, og frå kjøkkenvindauga kan han sjå ned på jordene og følge med på arbeidet sonen og sonesonen gjer.

Om det ikkje er bra nok, gjev han beskjed. For Hauge er eit mønsterbruk, og det har ei historisk verdi for alle som kjem etter han.

Her har folk i mange år måtta stå til rette for sine gjerningar. Nokon blei hardt dømt og måtte legga hovudet på blokka. Hauge er nemlig ein eldgamal retterstad.

Avrettarsteinen står omtrent midt på tunet mellom dei to kårhusa på garden, og det er funne meir enn 1000 år gamle våpen på eigedomen.

Aldri sjuk

På denne garden kom Sigvard til verda for 95 år sidan. Han var den første og einaste sonen på garden, for fire dager etter at han vart fødd døydde mor hans.

Så Sigvard vaks opp utan syskjen og utan mor.

Faren gifta seg aldri opp att. Men han hadde to gamle tanter som sytte godt for den lille guten. Og heldigvis vart han glad i å arbeida, noko han har gjort sidan. Han bidrar fortsatt på garden.

– Eg har aldri feila noko, ikkje sjukdom. Men eg måtte til Haukeland ein gong. Mista fingrane då eg kappa ved, seier Sigvard, som den gongen tok det heile med fatning.

Han var aleine på garden den dagen, men kom seg inn og fekk ringt etter nokon som køyrde han til sjukehuset.

– Eg gjer jo aldri sånt, men denne eine gongen holdt eg hånda bak vedskia då eg skulle kløyve den. Fingrane kom inn i kløyvemaskina. Fingrane hang på, men då eg kom til sjukehuset meinte dei at det ikkje var noko anna råd enn
å amputere. Eg blei verande på sjukehuset i ein månad.

– Sigvard blir aldri sjuk. Ikkje sånn som oss andre. Tantene dine sa du hadde ­meslingar då du var liten, det er einaste gongen du har vore sjuk, seier Maria.

Les også: Mona og Henning kjøpte hytta som et vrak for 900 000 kroner og planla å selge den. Slik gikk det ikke

<b>AKTIV PENSJONIST:</b> Leif Inge har latt sonen ta over drifta av garden, men han er framleis aktiv i arbeidet.
AKTIV PENSJONIST: Leif Inge har latt sonen ta over drifta av garden, men han er framleis aktiv i arbeidet. Foto: Gunn Gravdal Elton

Liker å være fri

Ho møtte han då han begynte på den nystarta framhalds­skulen på Oppheim. Han og ein kamerat var mykje eldre enn dei andre elevane.

Maria var ei ung jente, fem år yngre enn han. Likevel blei det dei to. Kjøpmannsdattera Maria flytta til garden oppe i fjellsida på Vossestrand og fekk fire born. Men noko gardkjerring ville ho ikkje vera.

I staden tok ho lærerutdanning og jobba i skulen. Maria var god i engelsk og hadde ansvaret for innføring av engelsk i skuleundervisninga på staden.

– Eg har hatt ein utruleg flink mann. Sjølv likar eg å vera fri. Eg vil ikkje vera avhengig av andre. Det er du på ein gard. Barna og skulen blei min profesjon, seier Maria, som enno har litt pedagogiske oppgåver.

Oldebarnet Susanna går på barneskulen og kjem ofte inn til oldemor for å gjere lekser. Dei bur nemlig i same hus. Dei unge bur oppe, dei gamle bur i kjellaren.

Oppe bur soneson Stig Anders, kona Cindy og dei tre borna deira. I huset ved sidan av bur Sigvard og Marias son Leif Inge og kona hans Anne Marit.

<b>FIRE GENERASJONAR:</b> Folket på Hauge lever godt i lag, her bur både store og små i fire generasjonar. Bak frå venstre Stig Anders, Susanna og Leif Inge, foran er Gunnar og Sigvard.
FIRE GENERASJONAR: Folket på Hauge lever godt i lag, her bur både store og små i fire generasjonar. Bak frå venstre Stig Anders, Susanna og Leif Inge, foran er Gunnar og Sigvard. Foto: Gunn Gravdal Elton

Mykje folk overalt

– Det er mykje folk på garden her. Fire generasjonar. Saknar de aldri å vera åleine?

– Vi er flinke til ikkje å plage kvarandre. Det er alltid ein krok der du kan vera for deg sjølv. Hvis ikkje, er det berre å settje i gang med noko arbeid, så vert du fort åleine, seier Leif Inge og ler.

Han har gitt frå seg ansvaret for garden til sonen Stig Anders, men han er framleis aktiv. Med 50 kyr og 150 mål dyrka mark, er det meir enn nok å ta tak i.

– Garden har vore heile livet mitt sidan 1957. Eg skulle bli ingeniør, bror min skulle bli bonde. No er han ingeniør og eg bonde, sier Leif Inge, som var ein av dei fyrste i landet som starta med frittgåande kyr, og som sjølv lot kyrne få velge når dei ville ut av og inn i båsen.

– På 80-tallet var noko slikt heilt utenkjeleg, og det var nesten så eg ikkje fekk lov. Men eg bryr meg om dyrene, og eg ville at dei skulle få komme og la seg mjølke når dei sjølve var klar for det.

I dag er dette noko mjølkeprodusentane er pålagt å innføre på sikt.

350 000 mennesker bur i dag på 112 000 landbrukseigedomar i Norge. 30 000 gardsbruk med bustadhus på eigedomen står ubebodde, enten fordi dei er fraflytta, eller fordi gardshusa vert brukt som feriebustad. Det er totalt 180 000 gardsbruk i Norge.

Les også: (+) – Til og med da hun flyttet inn i omsorgsbolig ble moren min utsatt for hets

<b>HISTORISK:</b> Ein gard med lang og blodig historie. På garden Hauge på Vossestrand har det budd folk i meir enn 700 år.
HISTORISK: Ein gard med lang og blodig historie. På garden Hauge på Vossestrand har det budd folk i meir enn 700 år. Foto: Gunn Gravdal Elton

Kan ikkje leva evig

Å bu saman slik dei gjer på Hauge, er kanskje ikkje så sjeldan på ein gard. Og kanskje burde det vore meir av slikt i alle familiar. For Maria og Sigvard er det i alle fall ei einaste stor lukka å få bu heime.

– Eg har hatt to hjerte­infarkt og to kreftoperasjonar. Dei seier eg er sprek etter alle operasjonane, men eg kjenner at eg har blitt litt engsteleg. Det er nok etter at hjarta stansa i ambulansen og dei måtte hente meg med helikopter. No har eg fått operert inn ­pacemaker, seier Maria.

– Men du veit – vi kan ikkje leva evig. Eg er 90, Sigvard er 95. Då må me vera nøgde. Om me får bu her ­heime, så skal me ikkje klaga. Her kan vi gjera som vi vil, og vi greier oss jo godt. Begge to er dessutan klare i toppen. Heldigvis.

– Det einaste eg synest er bale, er å hugsa navn, føyer Sigvard til.

Sommardagane på Voss kan vera inderlig varme. I dag er ein slik dag. Dei to eldste på garden vil helst ikkje vera ute i varmen og sola. Kjellaren er svalande og meir behageleg. Dei unge får grilla ute i hagen utan dei to. I hagen er det likevel folksamt.

BESØK HOS OLDEFAR:
Når Gunnar besøker oldefar,
er det alltid noe godt å få.
Idag kom isboksen på bordet.
BESØK HOS OLDEFAR: Når Gunnar besøker oldefar, er det alltid noe godt å få. Idag kom isboksen på bordet. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Garden har alltid vore ein samlingsplass. Eg er her ofte. Enten her, eller så møtes vi på stølen. Det er plass til 20 i stølshusene, seier Guro Hauge – ei anna av borne­borna til Maria og Sigvard.

Ho bur på Askøy utanfor Bergen, men ho drar til Voss når ho har høve til det. I påsken møttest dei alle saman. Maria og Sigvard, fire barn, 10 barnebarn og åtte oldebarn.

Då kom det ein liten sak i Bergens Tidende om stor­familien. Det var denne som gjorde at Hjemmet tok kontakt med Maria og Sigvard.

Køyrer framleis bil

Det er ein mannsalder sidan Sigvard vart pensjonist. Då han overlot garden til sonen Leif Inge, kontakta dei han frå gamleheimen og spurte om han ville bli støttekontakt for ein av bebuarane.

– Vi gjorde mykje kjekt saman, eg og han eg var støttekontakt for. Det er fint å vera støttekontakt, seier Sigvard.

– Ja – men det er du ikkje no lenger, svarar Maria.

– Nei da, eg er jo ikkje det.

– For no er det du som treng støttekontakt. Du er jo 95 år.

Sigvard fekk fornya sertifikatet i 2021. Ved en feil fikk han beholde det i to år, så han kan framleis køyre bil.

– Eg køyrer ikkje så mykje lenger.

– Å – du var no på Vangen i går.

– Jo, men eg likar ikkje å køyre hvis det er mykje folk.

Fyrste bilen dei to kjøpte var ein blå Opel varebil. Dei hadde vore gift i fire år, året var 1958. Sigvard fekk sjølv velge nummer på skiltet, og det blei T406. Bilen hadde dei ganske lenge.

Les også: Da Anna fikk brystkreft, stilte venninnen Daggry opp. 15 år senere ble plutselig rollene snudd

Reiser om dei kan

Maria har vore trufast på garden til Sigvard, sjølv om ho gjerne ville reist meir og til tider ville vore fri og uavhengig. Men så har ho til gjengjeld fått Sigvard med seg ut i verda i staden. Å reise er den utskei­inga dei har brukt pengar på.

– Fyrste gongen vi dro til utlandet, var vi i Russland. Vi besøkte Moskva og det som den gongen heitte Leningrad. Veit ikkje kvifor vi dro dit. Det var berre oss to. Vi dro frå Fornebu den gongen. Vi trudde aldri vi ville komme fram. Det lukta drivstoff i flyet, og då eg satte meg ned i setet tenkte eg at det kanskje ikkje ville gå bra, seier Sigvard.

– Men det verste var jo då vi landa. Det var i kommunist-tida, og flyplassen var full av militære. Det føltes litt utrygt akkurat då. Men no i ettertid ville eg ikkje vore turen foruten, føyer Maria til.

–Men vi har vore fleire plasser. Østerrike, Egypt, Island. Det var det einaste vi brukte pengar på, å reise litt.

Gunnar byrjar å verta utålmodig. Han er fem år og har ramla og slått seg i barne­hagen. Det er mange små sår. Han får is og vil ha ei større skei. Te-skei til is høyrer ikkje heime nokon stad. Ein får jo ikkje mykje i seg då. Olde­besten ordner ei ny skei og heller oppi litt brus i glaset. Gunnar er nøgd. Oldebesten er best.

– Veit du, det er ei som ­jobber i barnehagen. Ho heiter Elisabeth. Oldemor har vore læraren hennar, seier Gunnar og får meir is.

Denne saken ble første gang publisert 28/09 2023.

Les også