Ordfører tro til da kirken ikke ville vie Victoria og Linda

Da kirken ikke ville vie Victoria Midtbø likevel, var hun aldri i tvil om hvem som skulle få det ærefulle oppdraget.

Publisert

(FIRDAPOSTEN): Etter kommunereforma kan ordførarar få stå for viing av ektepar. Å gje ordførarar denne fullmakta er nemleg eit av forslaga til regjeringa i oppgåvemeldinga om framtidas kommunar.

For Victoria og Linda var det Bengt Solheim-Olsen som skulle få den ærefulle oppgåva uansett.

Forelska i Florø

– Bengt har alltid vore den som har stilt opp for meg etter at eg kom ut av skapet. Viss folk hadde noko stygt å seie, så sa han at det fekk gå gjennom han viss dei hadde meir å komme med. Eg tenkte på han med ein gong kyrkja sa nei, fortel Victoria Midtbø (27) til Firdaposten.

Florøjenta fann kjærleiken med Linda Knoph (31) frå Halden for to og eit halvt år sidan. Då treftest dei i Florø etter å ha snakka saman på nettet, og dei visste med ein gong at det var dei to og Florø som gjaldt frå no av. Linda hadde nemleg forelska seg like mykje i både ho og Florø, ifølge Victoria.

Kyrkja ombestemte seg

– Vi hadde tenkt å gifte oss i kyrkja, men då hadde jo dei ombestemt seg, seier Victoria.

Etter ekteskapslova hadde homofile par rett til å gifte seg i kyrkja. Men så bestemte eit knapt fleirtal på Kirkemøtet i fjor at prestane ikkje lenger skulle ha viingsrett for homofile par.

Det er denne retten ordføraren kan få i framtida. I mellomtida kan dei, på linje med kyrkja, stå for den høgtidlege seremonien der paret seier ja til kvarandre. Sjølv om Bengt ikkje hadde høyrt om nokon andre ordførarar som hadde gjort det same, sa han ja med ein gong då Victoria spurte han.

"Hugs kyss"

Eit knapt år seinare står dei ved ei solfylt strand i Svaneholm, 20 minutt frå Åmal i Sverige. På kvar side står nære og kjære. Dei har skreve under på det formelle på tinghuset i Førde ei veke tidlegare, men det er no det gjeld. I midten står ein ordførar som i skrekkblanda fryd finn fram manuset han brukt dagevis på å få heilt riktig. Det måtte nemleg ein del googling til for å finne dei heilt rette orda.

– Sidan de no, i vitners nærvær, har lova å leve saman i ekteskap, erklærer eg dokker med dette for å vere rette ektefolk, avsluttar Bengt. "Husk kyss" står det til slutt på notata. Det er jo ikkje akkurat rutine dette, og rutinane er ikkje heilt dei same som i bystyret.

Meir stas enn ein dommar

– Bengt klarte seg veldig fint. Eg har aldri høyrt om andre som gjer det same som han, så eg synest det var dristig av han. Eg vart kjempeglad då han sa ja, då fekk eg liksom med meg ein bit av Florø til dagen og, seier Victoria.

Sjølv har Bengt blitt endå meir tilhengar av forslaget til regjeringa etter den store dagen:

– For dei som ikkje vil eller kan gifte seg kyrkjeleg, betyr det at dei kan få ein offentleg person til å bringe litt meir stas til dagen enn ein dommarfullmektig på tinghuset. Det var veldig stas å få lov å gjere det.

Les flere saker fra Firdaposten her.