Kjærestens gripende farvel
Kenneth Sivertsens kjæreste gjennom seks år, Sølvi Jensen, tar et gripende farvel med sin elskede. Les minneordet her.
(SIDE2): Sølvi Jensen har valgt selv å skrive minneord til sin kjæreste Kenneth, som gikk bort på julaften.
Artisten og kunstneren hadde vært alvorlig syk i lang tid, og døde på Haukeland sykehus julaften.
BAKGRUNN: Kenneths utrolige liv
Gjennom Side2 tar Sølvi et gripende farvel. Her er hennes siste hilsen til mannen hun elsket og var sammen med de siste seks årene:
MINNEORD TIL KENNETH
Min elskede og totalt umistelege «Einsam Flygar» fekk komme heim på sjølvaste julafta.
Me var så mange som ba og håpte, grein og trygla Vårherre om ein sjanse til - mest for vår eiga skyld - i vekesvis ved Kenneth si sjukeseng.
Kan hende trengdest det no ein ny engel – av eit heilt spesielt kaliber... Kenneth sa ofte at han hadde berre ein stor helt: Jesus fra Nasareth. Kan hende ville han komme opp i rett tid for Himmelens største bursdagsfeiring?
For meg vil Kenneth alltid vere den vakre sommarfuglen som heile livet pusta på isbréen – heilt til han ikkje hadde pust igjen.
Kenneth var ein fredens og forsoningens mann, som så inderleg ønskte at addle skulle vere venner; vere gode mot kvarandre. Såg han nokon som fraus, gav han villig vekk av varmen sin. Aldri gjorde han forskjell på folk; addle var like mye verdt, slik han såg det.
«Eg er eit nervøst menneskje!», sa han ofte til meg. Og nettopp derfor var Kenneth det modigaste menneske eg nokon sinne har fått æra av å kjenne.
For trass i dette, trass i nerver, depresjonar og ein til tider sønderrivande angst, kasta Kennet seg stadig ut i livet. Utan sikkerhetsnett. Ut i verda, ut mot gamle og nye vener – og delte raust og rikeleg ut alt han hadde av varme, humør, fantasi, inspirasjonar og sann nestekjærligheit.
«Et renessanse-menneske», kalte Kenneths gode ven, vibrafonisten Mike Mainieri, ham. Kan hende derfor han var akkurat den eg trengte, med mi sjel som oftast kjennest som om den kjem fra den mørkaste middelalder!
Meg greide Kenneth óg å vekkje opp til bevisstheit om kor uendeleg vakkert, skjørt og dyrebart livet er. Berre det å sjå ein skarv eller spurv i grålysninga kunne gjere Kenneth jublande begeistra og rørt...
Som eit barn, sprang han til vindauga når han høyrde duren frå eit helikopter, eller skimta ein vakker solnedgong. Alt var ei kjelde til ærefrykt, glede, takksemd...
«Det utrulega er større enn verkeligheita», sa Kenneth så ofte til meg. Kenneth såg miraklar overalt, i mykkje av det andre tek for gitt.
Han meinte han hadde fått hjelp av «englar» mang ein gong, då han mest trengde det – og var uendeleg takksam for det.
Kenneth hadde ønska å takke kvar enkelt som hjalp han då han trengde ein ven; særleg dei som ikkje svikta ham nå i dei siste åra hans, då helsa svikta og pengane svann. Takk skal dokker ha!
Kenneth samla seg skattar i himmelen – ikkje på jorda. Som eg fekk seie til ham den siste natta eg var hos han: Alt det du har gitt, det er for evig ditt. Du er i sannhet ein svært rik mann!
Og om eg skulle miste alt eg eig imorgon, vil eg allikevel vere den rikaste i verda, fordi eg fekk kjenne sjølvaste Kenneth Sivertsen desse siste 6 åra av hans utrulege liv...
Ei inderleg TAKK, Kenni-vennen, for at eg fekk gå med deg den siste bit av vegen. Du fekk lært meg så mykkje, aller mest om kjærligheit – og det er jo det største av alt.
«Brother up in heaven – please wait up for me...»
Di Sølvi.