Kvinne lå på bakken med anfall - kun Sunniva hjalp til

Ingen andre ville hjelpe.

Sunniva fekk sjokk då ei kvinne fekk ein epileptisk episode rett framfor ho. Men ho fekk endå meir sjokk då ingen ville hjelpe kvinna.
Publisert

(FIRDA): Torsdag sat 18 år gamle Sunniva Hokstad Sagstuen i venterommet på Rutebilstasjonen i Førde og venta på bussen heim til Bygstad, då ei kvinne sette seg ved sida av ho.

- Ho såg på meg ei stund før ho snakka til meg. Ho var vel i 30-40-årsalderen, seier Sunniva til Firda.

- Eg har epilepsi og føler meg ikkje heilt bra. Kan du hjelpe meg om eg får eit anfall? spurte kvinna Sunniva.

- Eg fekk litt sjokk, men svarte at eg kunne hjelpe, seier 18-åringen.

Ingen ville hjelpe

Nokre minutt etterpå låg dama på golvet. Ho rista litt i eine foten og eine handa, men elles var ho roleg, ifølgje Sunniva.

- Eg la øyra ned mot ansiktet hennar for å høyre om ho pusta. Det gjorde ho, seier Sunniva.

Ho gjekk ut for å ringe 113. Dei sa at ambulansen skulle komme med ein gong.

Medan Sunniva stod i telefonen såg ho at fleire gjekk forbi kvinna. Ho fortel at også det var fleire som sat i venterommet utan å gjere noko.

- Dei kunne ikkje unngå å sjå ho. Eg veit ikkje kvifor dei ikkje reagerte.

18-åringen gjekk bort til ein mann og spurte om han kunne hjelpe til.

- Han sa ja til det, men deretter gjekk han berre bort og stod og såg ned på dama.

- Eg vart veldig overraska over at ingen kom bort for å hjelpe til. Men det er nok mange som blir veldig usikre i slike situasjonar. Eg var usikker sjølv også, eg har jo ingen erfaring med epilepsi, seier Sunniva.

To bussjåførar gjekk forbi

To av dei som gjekk forbi kvinna medan ho låg på golvet, var bussjåførar, ifølgje Sunniva.

- Eg såg at dei såg ned på ho. Men dei gjekk berre vidare gjennom rommet. Eg meiner bussjåførar har eit ekstra ansvar for å ta seg av folk når slike ting skjer inne på busstasjonen.

Fekk hjelp til slutt

Sunniva ville legge kvinna i stabilt sideleie. Ho hadde opplæring i det, men såg seg ikkje syn med å få det til åleine.

Heldigvis kom ein tredje bussjåfør forbi, og han hjelpte til med å snu kvinna. Etter at ambulansen kom, vart kvinna bevisst igjen.

- Det einaste ho sa, var at ho var svimmel, men ho såg meg inn i auga. Det såg ut som det gjekk bra med ho.

Sunniva Hokstad Sagstuen følte det var rett å seie frå i avisa etter episoden.

- Eg håpar folk som les historia, hjelper til om dei kjem ut for noko liknande, seier 18-åringen.

- Sjåførar har eit ansvar

- Om dette stemmer, så beklagar eg at ikkje sjåførane våre hjelpte til, seier Firda Billag-sjef Peter Midthun.

Midthun hadde ikkje høyrt om episoden i venterommet då Firda tok kontakt fredag.

- Men om det stemmer at våre sjåførar berre har gått forbi, så beklagar eg sjølvsagt det. Og eg forstår at folk reagerer, seier Midthun.

- Har bussjåførar eit ekstra ansvar når slikt skjer i Firda Billag sine lokale?

- Ja, det er klart. Vi har ansvar for at kundane våre har det bra, særleg når dei oppheld seg i vårt venterom, seier Midthun.

Les flere saker fra Firda her.

EPILEPSI:
Eit epilepsianfall kan opptre plutseleg og verke svært dramatisk, eller det kan verke heilt uskuldig der personen berre ser ut til å dagdrøyme ein augneblink.

Når ein person får eit anfall bør du:

- Om mogleg, prøv å hindre at pasienten fell og skader seg.

- Rydd området rundt pasienten slik at han eller ho ikkje skader seg, og beskytt personen mot eventuelle farar.

- Ver roleg og la krampeanfallet gå over av seg sjølv. Det er ikkje noko du kan gjere for å stoppe det.

- Beskytt hovudet. Om mogleg, kan du plassere ei pute eller noko mjukt rundt hovudet for å beskytte mot skade.

- Knepp forsiktig opp eventuelle stramme klede.

- Når krampane stoppar, kan pasienten leggast i stabilt sideleie. Opne luftvegane ved å bøye hovudet bakover og sjekk at pasienten pustar.

- Etter at anfallet er over, bør du bli hos pasienten inntil han eller ho er heilt seg sjølv igjen.

Ring 113 når:

- Krampane varer lenger enn 5 minutt, eller personen ikkje er bevisst etter 10 minutt.

- Det kjem stadig nye krampeavfall og pasienten ikkje blir bevisst.

- Dette er det første krampeavfallet personen har.

Kjelde: Norsk Helseinformatikk (nhi.no)