Ida sitt holebuer-liv går verden rundt
– Eg får telefonar om alt mogleg.
(Firda):Etter at Ida Beate Løken (19) stod fram i Firda og fortalde om livet som holebuar i Aurland, har aviser, radio- og tv-kanalar i hopetal kasta seg på historia om 19- åringen.
– No lese ikkje eg så veldig mange utanlandske aviser, så eg kan jo ikkje akkurat seie at eg merkar så veldig mykje til alt dette, seier Løken.
– Dessutan bur eg jo i Aurland, så her kjenner alle meg uansett frå før, ler ho.
Løken går tredjeåret på jord- og hagebruksskulen i Aurland og bur i ei fjellhole.
Ikkje stressa av Harket
Ho er i full gang med eksamensperioden, men titt og stadig må ho ta pause frå lesinga når journalistar frå norsk og utanlandsk presse ringer. Dei lurer på korleis kjendislivet er og korleis ho trivst med holebuarlivet.
Les også: Ida (19) bur i ei fjellhole
Nyleg var 19-åringen med på Lindmo på NRK1 laurdag kveld der ho var gjest i lag med mellom andre Morten Harket.
– Eg var litt stressa, men ikkje på grunn av Morten Harket. Det var så mange folk der og så var det jo framfor mange kamera, seier 19-åringen, som også har fått førespurnad frå BBC, God Morgen Norge og andre lokale media.
Slenge med leppa
I tillegg er det svært mange andre som også tek kontakt med Løken.
– Eg får telefonar og e-post stadig vekk med heiarop, og det er berre koselege folk som tek kontakt på denne måten, seier 19-åringen.
– Og dei som slenge med leppa, dei gjer det i kommentarfelta på nettavisene, legg ho til.
– Eg blei litt starstrucked!
E-posten ho fekk frå Gudny Hagen, forfattaren bak Blåfjell og blånissane, som gjorde stor suksess som adventskalender på NRK, dreg ho spesielt fram.
– Det var grådig kjekt! Då blei eg litt starstrucked! Serien har eit godt miljøbodskap og mange andre viktige element i seg. Dessutan var serien ein stor favoritt for meg som lita, seier Løken, som fekk skryt frå forfattaren for å vere ung og engasjert i miljøsaka.
Snart siste holenatt
Løken har snart si siste natt i hola, noko ho synest er litt vemodig og rart å tenke på.
– Det blir ein stor overgang å flytte, seier 19- åringen som til hausten byter ut holebuarliv med kaserne og militærliv.
– Dersom eg kjem inn då, legg ho til før ho hastar vidare til vidare eksamespugging.