Her endte øvelseskjøringen

Bil havnet på taket i elv.

Ein bil hamna på taket i ei elv under øvingskøyring laurdag. Her blir bilen berga opp av elva av bilbergar.
Publisert

Naudetatane rykka til ein utforkøyring på ein sideveg frå fv 609, mot Askvoll, skriver Firda.

Ein bil køyrde av vegen, og ned i ei elv, ifølgje alarmsentralen i Florø.

Ligg på taket

– Det har skjedd i området ved Heilevang. Ein bil har køyrd av vegen og hamna på taket nede i ei elv, seier vaktleiar Frode Eide.

Han fortel at bilen skal ha falle vel tre meter før den hamna på taket nede i elva.

Teken hand om av ambulanse

– To personar som var i bilen er teken hand om av ambulanse. Vi har eit brannbefal på staden, og brannbil er på veg. Når den kjem vil det bli arbeidd med å sikre bilen til bilbergar kjem på staden, seier Eide.

Brannsjef Bernhard Øberg kom på staden rett etter dei to ambulansane som først var på plass.

Han fortel at det var ei mor og ei dotter på lærekøyring som hamna på taket i elva. BIlen skal ha forsøkt å snudd ved ei steinbru, og komt utfor brukanten og kvelva.

Det skal ikkje ha vore stor dramitikk i hendinga, ifølgje brannsjefen, som legg til at meldinga derimot høyrdest dramatisk ut då den kom.

– Vi sendte då ut heile vaktlaget vårt på fem mann, seier Øberg, utan å rekne med seg sjølv.

Ikkje alvorlege skader

AMK opplyser til Firda at dei to personane i bilen er sendt til legesjekk. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader.

Bilen vart fjerna

Les flere saker fra Firda!