Her blir Emma «straffet» for å ha gått med sminke
Rektor: - Dette er ikke morsomt i det hele tatt.

Emma Halvorsen (16) tok på bitte litt sminke på augnebryna i dag tidleg. Det var ikkje lurt. For på Hafstad vidaregåande skule hadde nemleg russen bestemt at det skulle vere sminkefri dag. Heller ikkje voks i håret var lov. Og dei som ikkje retta seg etter dette fekk svi. Skikkeleg svi. Ein stor og kald makrell med ketchup og sennep blei stappa opp i alle sminka ansikt og hår med voks i, skriver Firda.
Se video nederst i artikkelen!
- Smørje fiskelukta skikkeleg inn
- Vi skal smørje fiskelukta skikkeleg inn i dei, flirer terrorsjef Magnus Bjørvik, medan ei lattermild Anna Hjelle held eit godt tak i makrellen på jakt etter nye offer i skulekorridorane på Hafstad vgs.
Og dei er det mange av. Både rundt om i kantina og i korridorane går det 1. og 2.-klassingar med voks i håret og sminke på. Ein del av dei uvitande om russen sitt opplegg denne dagen.
Jaktar elevar med sminke og voks
Sjølv om det sjølvsagt er for underhaldninga sin del russen har denne sminkefri dagen- eit opplegg dei har kvart år- så er det også ein liten seriøs tanke bak også:
- Å gå utan sminke og voks i håret èin dag bør ein jo greie, ein kan jo ikkje vere så forfengeleg, seier Hjelle.
- Ja, men i fjor var det mange som skulka skulen denne dagen fordi dei ikkje ville gå utan sminke, legg Marte Mandelid til.
Også ho russ og på jakt etter yngre elevar med sminke og voks.
Henta ut av klasserommet
Emma Halvorsen(16) var på si side klar over sminkeforbodet, men:
- Eg falt for freistinga og tok bittelitt sminke på, ikkje så mykje, men det var nok til at dei såg det, seier ei lattermild Halvorsen.
Ho sat midt i ein time då russen kom marsjerande inn i klasserommet på jakt etter voks og mascara.

- Men sidan eg er på svartelista til russen, så hadde dei nok tatt meg uansett, seier 16- åringen som blei boren ut av klasserommet, lagt ut på plenen og oppå ein presenning og så dunka i litervis med vatn ...
- Slo meg med fisken i ansiktet
- Det var kaldt og forferdeleg, dei slo meg med fisken i ansiktet og kasta mjøl og vatn på meg. Ja, rett og slett alt som er ekkelt blanda dei i hop og kasta på meg, seier ho og ler:
- Neste år skal eg i alle fall vere veldig, veldig forsiktig på denne dagen!
- Ein uskikk
- Dette er ikkje morosamt i det heile, seier rektor på Hafstad vidaregåande, Grethe Øren. Ho seier dette er ein skikk som går ut over medelevar, og at skulen ikkje tillet dette.
- I fjor heldt dei på inne i gangane. Då var det karamellsaus. Dette har sett seg i murveggane, og går ikkje å vaske vekk. I år gav vi klar beskjed om at dei ikkje får halde på med sånn på skulen, og dei tolkar det nok som greitt når dei har vore ute, og hatt presenning på plenen. Men vi synst ikkje dette er greitt.
Ikkje skuleaktivitet
- I det heile har eg gitt beskjed om at russefeiring ikkje er ein skuleaktivitet. All russefeiring skal gå føre seg på fritida, og ikkje gå ut over medelevar. Det har eg som rektor ansvar for. Det skal ikkje vere slik at første- og andreklassingar kvir seg for å gå på skulen. Slike dårlege tradisjonar som dette ønsker eg å få stoppa, seier Øren.
Men ho vil ikkje påstå at russen i år har vore ille.
- Tvert om har det eigentleg gått greitt i høve skulen. Dei heldt seg til reglane om ikkje å gå med russeustyr på skulen før 1. mai, og eg synst vi har hatt ein bra dialog med dei heile vegen. Men denne dagen, sminkefri dag eller kva dei no kallar det, det mislikar eg sterkt, og vil ha slutt på, seier Øren.
Russepresidenten: Humoristisk greie
Anna Hjelle, som er russepresident på Hafstad vgs., fortel at dei i forkant av denne dagen hadde eit møte med rektor.
- Eg forstår godt kva rektor meiner og respekterer det. Som rektor skal ein jo ta vare på alle elevane, og det er bra ho gjer jobben sin. Samstundes har vi snakka med folk etterpå, både dei som blei tekne og dei som såg på, og alle syntest det var ei humoristisk greie. Vi har ikkje fått klager i det heile tatt. I fjor veit eg at det var nokre klager og at nokre av elevane tok til å grine.
-Trur du elevane hadde tørt å klage om dei ikkje likte dette?
- Ja, det trur eg. Dei fleste i 1. og 2. klasse kjenner russen og det heile er ei vennskapleg og humoristisk greie. Særleg sidan vi hadde den der makrellen som vi tulla med.
Festa med gaffateip til flaggstang
Ho fortel at det var ein episode nyleg der ein elev blei taipa fast til ei flaggstong med gaffateip, men at her greip lærarane inn og stoppa det.
- Og det forstår eg. Det blir vel av og til litt sidan at det blir veldig god stemning og så dreg ein det litt for langt, seier Hjelle.