Det kommer aldri til å gå, tenkte Lisa

Når born får eigne born.

UNG FAMILIE: Ivar Skaar Sætenes (23) får seg ein god latter idet vesle Vetle (7 mnd.) drar mamma Lisa Eide Simonsen (21) i håret. På mamma sitt fang sit deira andre son Nicolas (4). - Det mest overraskande med å vere mor, er alle kjenslane eg har fått. All kjærleiken eg kjenner for borna mine, og får frå dei, seier Lisa.
Publisert

Ein pjokk på kring fire år tek sats og hoppar mot fanget til ei jente i ein djup, mørkegrå sofa, men når ikkje heilt fram. Jenta tørker travelt vekk litt slev frå ansiktet til ein gut på eitt år, som heng i den eine armen hennar. På stovebordet seier ein smarttelefon jamleg ifrå om innkomande «snap’s», skriver Firda.

– Eg fekk lettare panikk då eg fann ut at eg var gravid som 17-åring. Det aller første eg tenkte var: «Dette kjem aldri til å gå, eg er altfor ung», seier jenta, Lisa Eide Simonsen frå Dale.

Den minste ler trillande med open munn, og elva frå munnen får nytt tilsig. Fireåringen tek sats på ny, og denne gangen treffer han blink. Med all verdas kontroll tek jenta imot guten samstundes som ho held fast på eittåringen – sjølv om han vil noko heilt anna.

Då Lisa hadde komme over det verste sjokket, bestemte ho seg.

– Eg fann ut at eg skulle bevise for heile verda at eg ikkje var for ung, at eg kom til å klare det, seier ho fast.

Slik Lisa såg det, hadde ho to val då ho fann ut om det spirande livet.

– Eg kunne droppe ut av skulen, la livet handle om barnet og la alt anna, inkludert skulen, skure. Eller eg kunne klare alt – eller i alle fall prøve å klare alt.

Ho valde det siste. Kort tid etter at ho fann ut om graviditeten, mura ho seg inne på rommet sitt. Der vart ho i fleire timar. Med bøygd rygg skreiv ho side opp og side ned med mål ho skulle nå dei neste åra.

– Hadde det ikkje vore for dei, hadde eg aldri komme dit eg er i dag. Hadde eg ikkje vorte gravid, hadde eg nok droppa ut av vidaregåande. Eg hadde kanskje aldri fullført.

Som mange andre 17-åringar var Lisa veldig skulelei. Ho ville vekk frå skulen, ho ville vekk frå heimplassen – ho ville i det heile teke gjere noko heilt anna.

– I dag tykkjer eg at eg har komme langt på utdanninga som ambulansearbeidar. For eitt år sida kjøpte eg og kjærasten bil, og nyleg kjøpte vi også hus. Alt dette fordi eg vart gravid – heldigvis, seier Lisa og smiler.

Kjærasten vil ha hund.

– Men der har eg sett ned foten, seier ho og ler.

Kjærasten Ivar Skaar Sætenes (23) kjem opp trappa og blir møtt av fireårige Nicolas som ropar: – Kan vi gå ut og leike?!»

Ivar ler og løfter opp sonen.

– Eg hadde heller ikkje komme dit eg er i dag utan Ivar, seier Lisa og ser bort på mannen ho har delt dei siste fem åra med.

– På grunn av meg hadde vi i det minste éi full inntekt dei første åra med Nicolas, seier Ivar, som har jobba i Sunnfjord Energi i seks år.

– Vi har likevel måtta pante flasker nokre månader for å få råd til alt, legg han til.

PAPPAPERM: No har Ivar pappapermisjon, og då er det ikkje ein liten del av dagen som går med til leik. Foto: Mathilde Torsø

Ivar set Nicolas ned på golvet, og fireåringen byrjar å leike med ein togbane i tre. Få sekund etter er han oppslukt.

– Hadde de planlagt å bli foreldre så tidleg?

– Nei. Aldri livet, kjem det samstemt frå paret før Ivar tek ordet.

– Viss eg skulle ha vorte tobarnsfar om igjen, ville eg ha venta til eg var over 30. Men ikkje misforstå meg, eg synest det er kjempefint å vere far. Eg har aldri hatt det betre enn no, i permisjon med Vetle. Det er berre det at eg nokre gonger tenker: «Kva er det vi driv med? Kva er det vi har rota oss borti?», seier han og gnir seg i andledet.

Paret vert stille, men etter kvart held Lisa fram.

– Eg tenker nok ikkje det i like stor grad. Likevel hender det vi begge får litt panikk når vi hugsar på at vi skal ha ungane heime i 18 år.

Paret er derimot kjappe om å forsikre om at desse tankane ikkje varer så lenge.

– Vi tenker gjerne berre det dei dagane ungane aldri vil legge seg. Dagen etter er dei gjerne i godt humør, og då er vi positive igjen, seier Ivar og smiler.

Ivar er ikkje i tvil om kva han saknar mest frå sitt tidlegare liv.

– Før eg vart pappa, var eg med på alt. Eg festa mykje. Eg kunne gjere kva eg ville. Det kan eg ikkje lenger.

Lisa kikkar bort på kjærasten.

– Men no er ikkje festing eit like stort sakn lenger, held han fram.

– Vi har vel oppdaga kor fint det er å vere heime ein fredagskveld og berre slappe av med familien. Har vi ikkje? seier Lisa vendt mot kjærasten.

– Jau då, vi har vel det, smiler Ivar.

Lisa og Ivar fekk lite tid til det andre ten-åringspar tek for gitt: å leve seg inn i ei verd der berre dei to eksisterer.

– Noko av det vi saknar mest, er tid med kvarandre, seier Ivar.

– Kva er det som har overraska deg mest med å bli mor?

Lisa smiler strålande.

– Alle kjenslene eg har fått. All kjærleiken eg kjenner for borna mine, og får frå dei. Livet som tobarnsmor er fantastisk.

Høyanger: - Line Kvist Breilid (20)

JENTETID: Line Kvist Breilid (20) synest dottera Charlotte (2,5) er fantastisk herleg. - No kunne eg ikkje tenke meg eit anna tilvære enn å vere mamma, seier Line. Her er mor og dotter inne på Charlotte sitt heilt eigne rom i huset deira i Høyanger.

Ein solid haug med vaflar ligg stabla på eit stovebord, og på TV-en snurrar Barbie på stillemodus. I etasjen over høyrest lette tramp og lykkelege skrål frå ei jente på to og eit halvt år. Den som lokkar fram dei glade utbrota, er Erlend Lambrechts (23), barnets stefar.

Mor til jenta, Line Kvist Breilid (20) frå Høyanger, har ein stor tekopp i den eine handa. I den andre held ho mobilen i eit fast grep.

– Eg kunne gjort alt for Charlotte. Viss eg hadde mista ho, trur eg ikkje eg hadde klart å leve, seier ho.

– Charlotte har ein veldig behageleg veremåte – ho er fantastisk herleg. No kunne eg ikkje tenke meg noko anna enn å vere den mest betydingsfulle personen til ei tulle på to og eit halvt år.

– Har du verkeleg aldri tenkt at «dette er for mykje for meg?»

– Eigentleg ikkje, men det er klart eg har vore sliten. Likevel har ikkje det gjort så mykje, for eg har alltid visst at eg har mykje hjelp kring meg, seier Line.

Stemninga var derimot ei anna då ho fekk vite at ho var gravid.

– Det tok nokre dagar før eg fekk stadfesta det, mellom anna fordi eg ikkje vart trudd på helsestasjonen i Høyanger då eg ville ta graviditets-test. Dei trudde ikkje heilt på mistankane mine fordi eg var så ung. I ettertid har eg derimot vorte godt teken imot der, seier Line.

MORO PÅ BADET:- Eg har eigentleg aldri tenkt at morsrolla har vore for mykje for meg, men det er klart eg har vore sliten. Til dømes sov eg nesten ikkje dei første vekenetter fødselen, seier Line (20).

Då ho verkeleg fann ut ho venta barn, reagerte ho med sjokk.

– Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte.

Line sa det til mora si same dag, og på kvelden tok ho ein telefon til bestevenninna. Då kom det ikkje berre éi tåre. Kva skulle Line gjere?

Ho var 16, midt i fasen der samfunnet seier at ein skal finne sin eigen identitet. Ho hadde

lenge igjen på vidaregåande, ho budde heime hos mamma og ste-pappa – og skulle sjølv bli mor. I det minste var ho saman med barnefaren.

– For meg var valet enkelt, eg kunne aldri ha teke abort. Eg vart jo glad over graviditeten, seier Line.

Likevel var det andre som prøvde å fortelje ho at ho måtte gjere noko anna.

– Men dei vil eg ikkje namngje. Etter kvart lærer ein at ein nokre gonger berre må lukke øyra i Høyanger. Pappa sa at «du må tenke veldig nøye over situasjonen din, og vurdere abort».

Men ingenting kunne få Line vekk frå avgjerda hennar.

– Eg trur ein sit igjen med ein enorm anger viss ein tek abort som tenåring og ikkje klarer å få barn seinare. Er du vaksen nok for alderen, klarer du å ta deg av eit barn, meiner ho.

– Korleis veit ein om ein er vaksen nok, då?

Line nøler.

– Nei, det er jo så klart utruleg vanskeleg å vite. Det må ein føle litt på sjølv, som person. Det er så klart ikkje alle som er klare for den oppgåva som så unge.

– Føler du at du har hatt nok ungdomstid?

– Nei.

Svaret kjem kontant.

– Eg føler likevel ikkje at eg har gått glipp av noko. Eg byrja ikkje å feste før eg var 16, men det livet rakk eg berre å smake litt på. På éin måte veit eg difor ikkje heilt kva eg går glipp av, held Line fram.

Veldig mange av vennene hennar studerer i Bergen.

– Det er klart eg også kunne tenke meg det. Men det er ikkje slik at eg sit heime og tenker på det. At eg fekk barn så tidleg, betyr at eg framleis kjem til å vere ung når borna vert vaksne. Når Charlotte fyller 18, er eg 35. Då kan eg nyte livet, og reise meir på langturar og slikt.

Seks månader etter at Charlotte vart fødd tok Line sitt forhold til barnefaren slutt, men livet som åleinemor varte ikkje lenge. Dessutan flytta Line rett heim til mor si etter brotet. Halvåret seinare vart ho saman med Erlend, som hadde ei dotter på to år frå før av.

– Erlend og eg flytta snart for oss sjølve. No er Ayla og Charlotte som søstrer, og eg behandlar dei heilt likt. Eg har sjølv vakse opp med steforeldre og har difor lært kva eg skal gjere og ikkje gjere som stemor, seier ho fast.

Ifølgje Line er det generelt mange unge i Høyanger som har barn, og det gjeld óg dei jamaldra vennene hennar der.

– Det er litt rart, eigentleg. Eg trur det ligg ein slags smitteeffekt i det. Uansett har dette gjort det veldig mykje enklare å vere ten-åringsmor i Høyanger.

Draumen til Line er å bli barnevernspedagog.

– Men førebels er det viktigaste målet mitt å få grunnutdanning. Eg håper eg er ferdig utdanna innan eg er 30. Utdanning er kjempeviktig – då kan eg forsørge borna mine sjølv, seier Line, og forsyner seg med ein tjukk, godt steikt vaffel.

Førde: - Natalie Nedrebø (18)

KOS: Natalie Nedrebø (18) vart gravid då ho var 16. Gjennom svangerskapet var ho den einaste på ungdomsskulen som gjekk gravid. Difor måtte ho tole å bli snakka litt om, men det har ikkje Natalie brydd seg om. Her i ein lykkeleg augneblink med sonen Adrian Oliver (2) - og dei er det ikkje få av.

På ein avlang spegel med kvite kantar heng eit bilde av «Hafstad vgs. – 2 STA – 2013/2014». Rett ved sida av er ei mørkhåra, ung jente avbilda medan ho kyssar ein rundkinna gut med sprikande fingrar.

Guten, som i dag er eit par år, legg seg over middagsbordet mot mora, som sit på andre sida. Det endar med at genseren hans nesten får seg eit bad i tallerkenen hans med laks og grønsaker.

– Adrian, det er ikkje lov, det veit du, skjenner mora, Natalie Nedrebø frå Førde. Guten strekker seg endå lenger over bordet.

– No må du slutte, viss ikkje får du ikkje klistremerke etterpå, seier jenta, denne gongen litt strengare.

– Okei då, svarar gutungen kjapt, og set seg attende i tripp-trapp-stolen.

Natalie var 16 og gjekk i tiande klasse då ho byrja å merke morgonkvalme.

– No har det å vere mamma vorte så naturleg at eg ikkje kan førestille meg korleis andre ten-åringar utan barn har det, seier ho.

For Natalie har det alltid vore veldig naturleg å gjere «mammating».

– Det er nettopp det som har overraska

meg mest ved dette livet – at alt har kjentest

så naturleg. Mellom anna fekk eg morsinsti

nkt utruleg kjapt – for nokre tek jo det lang tid å få.

– Kva saknar du mest frå ditt gamle liv?

MIDDAGSTID: Adrian Oliver (2,5) vil ha litt kos frå mamma Natalie (18) sjølv om det er middagstid.

Natalie tek seg ein pause, pirkar litt i grønsakene medan Adrian gomlar interessert på ein laksebit.

– Eigentleg ingenting, fordi før eg vart mamma gjorde eg nesten ingenting. Då hang eg berre med bestevenninna mi og hennar dåverande kjæraste.

Til liks med Line i Dale, fekk Natalie ein sterk vilje til å få dette til då ho fann ut at ho var gravid. Vel, i alle fall etter at det første sjokket hadde lagt seg.

– Min aller først tanke var, «Shit, kva gjer eg no?!». Likevel tenkte eg veldig fort at dette skulle eg finne ei løysing på.

For Natalie var abort aldri eit alternativ, det var meir ein tanke hos barnefaren. Men det var Natalies kropp det var snakk om. Det vart slutt mellom ho og barnefaren halvtanna år etter at Adrian kom til verda, og i dag har Natalie funne lykka med ein ny kjæraste.

Natalie meiner ho ikkje har møtt stigmatiserande haldningar fordi ho vart mamma så tidleg. I alle fall ikkje direkte.

– Men eg har merka at nokon har tenkt; «du er altfor ung til å klare dette bra». Nettopp det har fått meg til å seie til meg sjølv at dette skal eg absolutt klare. Ganske mange tenker at ein øydelegg ungdomstida ved å få barn så tidleg, men det føler ikkje eg.

Då Natalie gjekk gravid, var ho den einaste jenta på skulen med bulande mage.

– Det gjorde nok til at ein god del folk snakka om meg, men eg bryr meg ikkje med kva andre tenker. Eg synest det gjekk greitt å gå gravid på ungdomsskulen, mellom anna fordi eg fekk veldig god støtte av lærarane.

Natalie tykkjer ho har klart seg bra.

– Eg fullførte jo tiandeklasse før Adrian kom. Eg er sjølvstendig, og eg hadde eit problemfritt svangerskap. Eg har lappen, kom i gang att med vidaregåande og er kjempemotivert for å ta utdanning – men eg aner ikkje kva eg skal bli. Å ikkje skaffe seg utdanning har aldri vore noko alternativ, seier ho fast.

– Mamma, eg er mett, seier Adrian med tilfreds stemme.

Han strekker armane opp mot grunnpilaren i livet sitt. Med eit kjærleg smil tek Natalie opp den vesle sonen. Idet ho får han heilt inntil seg, skjer ho derimot ein grimase, og sukkar. Ei umiskjenneleg lukt breier seg i rommet, og Adrian smiler lurt.

– Eg trur du treng ny bleie. Eller kva?

Les flere saker fra Firda!