Denne her vil du ikkje symje i nærleiken av

Snublet over kjempemanet på stranden.

Publisert

På veg til naustet såg Anne Karin Svarstad ein kjempemanet som hadde drive i land på Hogssanden i Bremanger, skriver Firdaposten.

Svarstad sitt manet-bilde går no viralt på Facebook, etter at Bremanger Turistinformasjon la det ut på si facebookside.

– Så stor brennmanet har eg aldri sett før, fortel Svarstad til oss på telefon frå Bremanger.

Det har ikkje blitt tatt mål av maneta, men det rår ingen tvil om at den er over gjennomsnittet gigantisk. Svarstad understrekar at skoa på bildet faktisk er størrelse 45.

– Eg tok med skostørrelsen for at folk skal skjønne kor stor den er, seier Svarstad.

– Kva tenker du om å bade i sommar etter at du har sett ein slik manet?

– Den ligg no på land no, og det er no klart og fint i sjøen her, så vi får berre sjå oss om. Førebels freistar det jo ikkje å bade uansett på grunn av dei temperaturane som vi har, seier Svarstad.

Havforskingsinstituttet fekk tilsendt bilde for kommentar.

– Dette er høgst sannsynleg ein vanleg brennmanet, men den er uvanleg stor. Vi har fått mange bilde oppigjennom åra frå folk, men eg har aldri sett ein så stor brennmanet før, seier havforskar Jan Helge Fosså, som har jobba for Havforskingsinstituttet i over 20 år.

Han legg til at brennmaneta kan bli over to meter i diameter med brenntrådar som er 10–20 meter lange.

Denne artikkelen ble først publisert på Firdaposten.no. Les flere artikler fra dem her.