Bonden Jens trodde knapt hva han så

Spesialist: - Dette er veldig uvanlig.

Jens Sagevik trudde knapt kva han såg då dette lammet kom ut av magen på sauen. Med eitt hovud, åtte bein og to halar, er det sjeldan kost i ein sauefjøs.
Publisert

Jens Norvald Sagevik trudde knapt sine eigne auge då han såg kva som kom ut av sau nr. 0712 under lamminga, skriver Firda.

Se video nederst i artikkelen!

Skalv i fleire minutt

- Det var veldig ekkelt og eg kvapp skikkeleg. Eg skalv sikkert i fleire minutt etterpå, fortel sauebonden i Sagevika, akkurat på grensa mellom Gaular og Fjaler.

For ut av nr. 0712 kom det eitt lam med to samanvokste kroppar, to halar, åtte bein og eitt hovud.

- Det var veldig spesielt, fortel sauebonden som i dei siste vekene har hatt det svært hektisk under lamminga på garden sin.,

Ekspert: - Veldig sjeldan

- Dette er veldig uvanleg, seier Adam Martin, spesialist innan reproduksjon ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

Årsaka til fenomenet er at tvillinglamma, som utvikla seg frå det same egget, ikkje delte seg som det skulle. I dette tilfellet delte egget seg bak, men ikkje framme, noko som forklarar kvifor lammet har eitt hovud og to halar.

Spesialisten har ikkje statistikk på kor ofte slikt skjer, men fortel at det hos menneske og storfe kan oppstå i 1 av 100.000 tilfelle. Hos sau og andre dyr skjer det sjeldnare, men ein ikkje veit kor sjeldan det skjer.

- At det kan komme lam med ekstra bein er ikkje så uvanleg, men dette tilfellet her er meir spesielt, seier Adam Martin.

- Noko var gale

Sagevik skjønte fort at noko var gale under lamminga til nr. 0712. For etter at søya først hadde fått eit frisk og velskapt lam, varte det og rakk før nestemann kom. Ultralyd hadde på førehand synt at det var tvillingar i magen til sauen.

Jens Norvald Sagevik har ikkje opplevd å få eit slikt lam tidlegare. Men då han var liten opplevde faren hans det same.

- Eg jobba på i nær ein times tid og hadde gitt opp fleire gonger.For etter at eg hadde fått ut hovudet og frambeina, så stod lammet bom fast. Ei stund trudde eg det var to lam inni magen, og at eg drog i hovudet til eitt lam og i beina til eit anna. Men til slutt kom det altså ut, fortel Sagevik.

Overlevde ikkje fødselen

Han kjende tydeleg at lammet levde inni magen og sparka ifrå, men det overlevde ikkje den tøffe fødselen.

- Men det hadde aldri greidd seg uansett, fortel 37-åringen, som var glad han slapp å avlive lammet.

Sauen fekk behandling etter den tøffe fødselen og vil greie seg bra.

Tredje gong i bygda

- Eg har ikkje opplevd dette etter at eg blei sauebonde, men då eg var liten opplevde far min å få eit lam med åtte føter. Men då eg fortalde om det på skulen var det ingen som trudde meg, fortel han.

Heller ikkje for Gabriel Hovland, som har jobba som dyrlege sidan 1977, er slike lam kvardagskost:

- Det skjer veldig sjeldan og eg har eg berre opplevd det ein gong tidlegare. Det var i byrjinga av 80- talet og også det var i området rundt Bjørvikstranda, fortel Hovland, som har sett lammet til Sagevik.

- I slike tilfelle har ikkje lammet sjanse til å greie seg, og då er det berre avliving som gjeld, seier dyrlegen som var med på lammefødselen i same bygda tidleg på 80-talet.

Det skjedde på ein annan gard enn i Sagevika.

- Lammet var nesten umogleg å få ut, og når vi såg det skjønte vi kvifor:Det hadde åtte bein og var vakse saman, fortel Gabriel Hovland

Les flere saker i Firda!