Storviltprøven

Storviltprøven på 1-2-3

Stor­vilt­prøven er et år­lig even­tyr i tre deler. Det er forberedelser, tre­nin­g og sjølve opp­sky­tin­ga!

Pluss ikon
<b>STORVILTPRØVEN: </b>Ta skyteprøva
som det første
du gjør den kvelden!
STORVILTPRØVEN: Ta skyteprøva som det første du gjør den kvelden! Foto: Jørund Lien
Sist oppdatert

1. Førebuingane til storviltprøven

Rifla og kikkertsiktet:

  • Prøv at alt er i orden: sikring, avtrekk, ladegrep – utan patroner i rifla!
  • Kontroller alle skruar: skjefteskruar og kikkertmontasje. Sjekk og riflestokken for sprekkar.
  • Puss løpet
  • Rens linser på kikkertsiktet
  • Rens og kontroll av lyddemper
  • Tenk og over at i tillegg til egenkontroll bør rifla få ein tur til børsemaker for kontroll og rens av avtrekk! Om det ikkje skjer kvart år er det vel verdt å gjere med jamne mellomrom.
Sjekk at alle skruer
er passa tilskrudd!
Sjekk at alle skruer er passa tilskrudd! Foto: Jørund Lien
Puss linsa
til
kikkertsiktet!
Puss linsa til kikkertsiktet! Foto: Jørund Lien

Anna utstyr:

  • Nok klede – og ikkje minst gode nok klede til å ligge godt for den som skyt liggande. Ikke skyt i korterma på betongen!
  • Hørselsvern! Kjøp og bruk dei beste du kan finne – helst saman med øyreproppar! Hugs at rykk i avtrekker når det smell frå sidemannens rifle er årsak til mange bomskot!
  • Bruk gjerne reim/jegerstropp
  • Patroner i rett kaliber.
  • For deg som kjøper patroner på skytebanen – du skal vite kva kaliber det er i rifla di.
Hørselvern
er viktig!
Hørselvern er viktig! Foto: Jørund Lien

2. Treninga til storviltprøven

  • Start treninga i god tid før skyteprøve og jakt!
  • Skyt mest i jegermessig skytestilling: sittande eller ståande! Faktisk kan det vere mindre anstrengande å skyte sittande enn liggande.
  • Om rekylen er ubehagleg, kle deg betre, monter god kolbekappe på rifla, prøv rekruttpatroner ladd med 6,5 g kule i 6,5x55 eller treningspatroner ladd med 8 g kule i 308 Win og 30-06. Og kjøp deg ein lyddemper! Demper reduserer ikkje berre skotsmell, men og rekyl
  • Den som ikkje vil skyte meir enn dei obligatoriske 30 skot bør helst skyte den første femskot med jaktpatroner for å finne treffpunkt med kald rifle. Bruk treningskveldane til å forsikre deg om at treffpunktet med jaktpatronene er der det skal. Om ikkje bør du justere inn rett treffpunkt i ro og mak, og helst i god tid før oppskyting.
  • Tenk og på det at den som skyt få skot har liten skytekondisjon, dermed kan femten skot bruke opp det meste av konsentrasjon, teknikk og vilje. Derfor er det best å la dei to treningskveldane med femten skot vere nettopp treningskveldar, og spare skyteprøva til neste kveld på skytebanen.
  • Og ikkje minst: bruk treningskveldane til å bli vant med standplassopphald, skotsmell og å bli kjent med rifle og egen skyteferdighet! Alt dette vil føre til betre skyting.
Monter ei god kolbekappe
på rifla om
rekylen er ubehagleg.
Monter ei god kolbekappe på rifla om rekylen er ubehagleg. Foto: Jørund Lien

3. Selve storviltprøven

  • Den kvelden du skal skyte, tar du eit testskot eller to for å sikre deg at alt er som det skal, og skyt deretter prøva. IKKJE skyt prøva på slutten av siste treningskveld når du er sliten.
  • For den som er usikker på egen skyteferdighet er banereim og jegerstropp fullt lovleg å skyte prøva med, og ikkje minst gode hjelpemiddel for betre skyting både på bane og på jakt. Fast anlegg som tofot eller skytekjepp er ikkje lov å bruke som hjelpemiddel til skyteprøva.
  • Skyt prøva med same skyteteknikk og tempo som under treningsskyting, lengre siktetid fører til dårlegare skyting.
  • Om ordet «skyteprøve » fører til høgare puls og uroleg retikkel – skru ned forstørrelsen før oppskyting. Høg forstørring kan vere lik høg forstyrring! I sikte med lys kan det vere ein fordel å skru forstørringa endå lengre ned, og skru opp styrken på lyspunktet. Det er faktisk enklare å skyte kjapt med gode avtrekk og gode treff med stort lyspunkt og liten eller ingen forstørring enn med høg forstørring utan lys. Den som ikkje har erfart det bør skyte litt med Aimpoint!
<b>SKRU NED FORSTØRRELSEN FØR OPPSKYTING: </b>Høg forstørring
kan vere lik høg
forstyrring!
SKRU NED FORSTØRRELSEN FØR OPPSKYTING: Høg forstørring kan vere lik høg forstyrring! Foto: Jørund Lien
<b>BANEREIM ER LOV: </b>Det er lov å bruke banereim
som hjelpemiddel på skyteprøva,
men ikkje fast anlegg.
BANEREIM ER LOV: Det er lov å bruke banereim som hjelpemiddel på skyteprøva, men ikkje fast anlegg. Foto: Jørund Lien

Guide til god skyteteknikk

Innskyting:

Det er både praktisk og fornuftig å bruke anlegg for å skyte inn rifla med kostbare jaktpatroner. Men det er slett ikkje alle jegerar og jaktrifler som har same treffpunkt liggande med anlegg og liggande utan anlegg! På same vis som at ikkje alle treffer likt liggande, sittande og ståande. Det enklaste og beste er å prøve ut korleis ein treffer i dei forskjellige skytestillingane med rimelege treningspatroner i ro og mak tidleg i skytesesongen.

<b>BLI ABONNENT:</b> Denne artikkelen er publisert i samarbeid med magasinet «Jakt».
BLI ABONNENT: Denne artikkelen er publisert i samarbeid med magasinet «Jakt».

For dei som har til vane å skyte prøva med rimelege blyspisspatroner for så å kjøpe dei beste og som regel mest kostbare til jakta, er det viktig å skyte med begge patroner for å finne ut om treffpunktet er likt. At det er forskjell i treffpunkt frå treningspatroner til jaktpatroner, og mellom jaktpatroner med forskjellig kulevekt, veit dei fleste. Uansett skal du alltid skyte inn rifla med jaktpatroner før du skal ta prøva.

Sørg alltid for at jaktrifla er perfekt innskoten med jaktpatroner. Om det er midt i på 100 meter, eller med 3-4-5 cm overslag er ikkje så viktig, bare DU er sikker på at rifle og patroner treffer der dei skal. Er du ikkje sikker på justering av treffpunkt, spør du standplassleder om hjelp til å skru dei kneppa som må til. Eller be om hjelp til innskyting!

<b>RIFLESTROPP: </b>Dei aller fleste held rifla stødigare
og skyt betre med hjelp av
riflestroppen.
RIFLESTROPP: Dei aller fleste held rifla stødigare og skyt betre med hjelp av riflestroppen. Foto: Jørund Lien

Justering av treffpunkt:

Normalt flytter eitt knepp i europeiske kikkertsikte treffpunktet ein cm på 100 meter, unntaket kan vere variable sikte med låg forstørring som 1-4 og liknande. Dei kan ha 1,5 eller 2 cm knepp. I amerikanske og asiatiske sikte er det normalt at eitt knepp er ein kvart tomme på 100 yards – og det tilsvarar omtrent at fire knepp flytter treffpunkt tre cm på 100 meter.

<b>JUSTERING AV TREFFPUNKT: </b>Viktig
å gjøre
før skyteprøva.
JUSTERING AV TREFFPUNKT: Viktig å gjøre før skyteprøva. Foto: Jørund Lien

God skytestilling:

God skytestilling er svært viktig for å skyte gode treff. Hald godt i rifla med begge hender, og i sittande skytestilling skal begge olbogar vere trygt plassera på begge kne eller lår. Og ikkje minst skal kolben godt inn i skuldra, nær sagt til lengre inn til betre er det. Godt, fast grep om rifla med begge hender og kolben godt inn i skuldra gjeld alle skytestillingar: liggande, sittande, kneståande og ståande!

Avtrekk:

Godt avtrekk på rett plass er viktig – faktisk er avtrekket mest viktig av alt for å skyte gode treff! Kva er så eit godt avtrekk? Enkelt forklara er det å presse avtrekkeren jamt bakover i det siktepunktet er rett. Dette høyrest kanskje lett ut, men kan vere vanskeleg å gjennomføre.

Eit talande bevis på det er om skytteren tar avtrekk i den tru at rifla er ladd, men likevel utan patron i kammer – det kan i mange tilfelle medføre til dels heftig bevegelse i både rifle og skytter! Ingen god framgangsmåte for å skyte gode treff, men dette er eit problem som er vanskeleg å oppdage under skyting på grunn av rekylen.

For dei aller fleste er den beste måte å ta gode avtrekk på å ha eit fast, godt grep om pistolgrepet og så jamt og bestemt auke presset på avtrekkeren i det siktepunktet er rett. Laust grep om rifla har lettare for å føre til at ein tar avtrekk med musklar i armen og ikkje med avtrekkerfinger.

Eit godt avtrekk
er svært
viktig
for å
få til eit godt
skot.
Eit godt avtrekk er svært viktig for å få til eit godt skot. Foto: Jørund Lien

Eit ikkje uvanleg fenomen med usikre skytterar er at dei brukar lang tid på sikting, for så å avslutte brått med avtrekk. Ein bør trene på det motsette: godt grep om pistolgrepet, fingeren på avtrekkeren i det siktet finn målet og så gjennomføre avtrekket utan unødig maktbruk i det siktepunktet er rett. Når siktepunktet er der det skal er det ingen grunn til å utsette avtrekket.

Den beste og rimelegaste måten å trene inn gode avtrekk og god skytestilling er med salongrifle utan sjenerande smell og rekyl. Låg utgangshastighet samanlikna med vanlege riflepatroner gjer sitt til at dårlege avtrekk med salongrifle medfører treff lengre vekk frå midten, derfor er og treningseffekten stor. Likevel er det ikkje uvanleg at mange skyt betre med 22 LR enn grovkaliber på grunn av snill rekyl.

Frisk rekyl
kan
være en av
grunnene
til
blodig
panne
etter skudd.
Frisk rekyl kan være en av grunnene til blodig panne etter skudd. Foto: Jørund Lien

Unngå kikkertsikte i panna!

Få ting er så øydeleggande for god skyting som blodig panne etter ufrivillig kontakt med kikkertsiktet!

Det kan vere fleire grunnen til samanstøyt med siktet: patron/ rifle med for frisk rekyl, kikkertsikte for liten augeavstand, feil montera sikte, men den viktigaste grunnen er nok feil eller dårleg skytestilling!

Med kolben godt inne i skuldra og fast, godt grep om rifla med begge hender skal det mykje rekyl og liten augeavstand til for å få hakk i panna.

Dra rifla godt til deg slik at den ikkje kan bevege seg i rekylen utan å bevege deg, og hugs på at godt grep med begge hender hjelper til med å ta opp mykje av rekylen.

Om ingenting anna hjelper kan punktsikte som Aimpoint med ubegrensa augeavstand vere redninga for stressfri skyting med optiske siktemiddel.

Fakta om storviltprøven:

  • Alle som vil jakte storvilt og sel må avlegge skyteprøve.
  • Skyteprøva er fem skot med jaktpatroner mot reinskive på 100 meter, og alle fem skot må treffe innanfor 30 cm sirkel i vitalt område.
  • Skytestilling er valgfri, men skytinga skal skje utan anlegg.
  • Det er ingen begrensing på kor mange gonger ein kan skyte for å klare skyteprøva.
  • Jegeren som vil jakte med fleire rifler må ta skyteprøva med alle riflene, men det er ikkje nødvendig å skyte treningsskot med alle rifler.
  • Med brytevåpen som riflehagle, drilling og dobbelrifle er det nok å skyte tre skot, på grunn av vel kjente problem med treffpunktflytting ved varmskyting.
  • Før oppskyting må minst dei 30 obligatoriske treningsskota avleggast, ikkje på same dag, men fordela på to dagar/kveldar. Konkurranseskyting i DFS og NJFF kan reknast som obligatorisk treningsskyting. Det er heller ikkje nødvendig å skyte treningsskota med jaktrifle, dei kan like godt kome frå konkurranserifler som Sauer 200 STR, eller jaktfelt/ elgbanerifle. Derimot er ikkje skyting med 22 LR godkjent som treningsskot for skyteprøva.

Lykke til på storviltprøven!

BLI ABONNENT: Denne artikkelen er publisert i samarbeid med magasinet «Jakt». Klikk her for å bli abonnent.

Denne saken ble første gang publisert 16/08 2018, og sist oppdatert 18/08 2018.

Les også