Europeisk kvalitetsvåpen

Før­s­te test av nye Sauer 303!

Det­te har eg venta på len­ge – ei ny halvautorifle frå Sauer!

Pluss ikon
Sist oppdatert

Ikkje på grunn av manglande pre­si­sjon el­ler dårleg av­trekk i ”gam­le” Sauer 303, nei der­imot på grunn av at ikkje alle av før­s­te ge­ne­ra­sjon Sauer 303 all­tid fungera slik ei halvautorifle skal. Heilt klart eit pro­blem for ein av dei eld­ste og mest tra­di­sjons­ri­ke produsentar av eu­ro­pe­is­ke kva­li­tets­vå­pen.

Rett nok had­de ikkje alle Sauer 303 like sto­re funk­sjons­pro­blem, en­kel­te pat­ro­ner krang­la meir enn and­re. Verst i så måte var nok 300 Win­ches­ter Mag­num, ladeproblema var mind­re med nor­mal­pat­ro­ner som 308 Win­ches­ter, 30–06 og 8x57 IS. Uan­sett fekk 303 eit dårleg ryk­te, og var vel meir av eit svart ka­pit­tel for Sauer enn ein suk­sess.

Jamnare, rettare og mer konsis

Mar­keds­sjef Tho­re Wolf ser ab­so­lutt ut til å vere fornøgd med nye Sauer 303.
Mar­keds­sjef Tho­re Wolf ser ab­so­lutt ut til å vere fornøgd med nye Sauer 303.

Men frå og med i år er gam­le Sauer 303 his­to­rie, nå er det nye Sauer 303 som gjeld. Og sjølv om ny halvauto frå Sauer slett ikkje kom som ei over­ras­king, er det mot­set­te til­fel­le for mo­dell­num­me­ret. Eg var rimeleg sik­ker på at når Sauer endeleg kom med ny og forbetra halvautorifle, ville den og få eitt nytt num­mer. Om det­ var for­nuf­tig å bruke same, gamle modellnummer på ny rilfe, vil tida vise.

Tret­ten skribentar var in­vi­tert til før­s­te test­sky­ting med nye Sauer 303. Sju frå for­skjel­li­ge land i Eu­ro­pa, seks tys­ke. Da­gen starta med gjen­nom­gang av, og inn­fø­ring i, kva som er endra i nye 303 i for­hold til den gam­le. Dei viktigaste endringane for å opp­nå prikk­fri funk­sjon er nytt gassutslepp, ny returfjør og nytt slutt­styk­ke med endra lå­sing. Ein vik­tig ef­fekt av endringane er at nye 303 har fått jamnare, rettare og meir kon­sis la­de­tid, i mot­set­ning til ga­mal mo­dell der omladningstida kun­ne va­ri­e­re ein heil del. At ny 303 i star­ten bare vert le­vert i 308 Win­ches­ter, 30–06 og 8x57 IS er nok og eit re­sul­tat av tidlegare pro­blem med and­re pat­ro­ner. Av and­re nyheiter er for­krom­ma løp og kam­mer, Black Magic av­trekk, Sauer Uni­ver­sal Mount, MagLock og mul­ti­verk­tøy i frem­re reim­feste i alle modellar.

Modellar som er tilgjengelige er Sauer 303 Clas­sic XT, Synchro XT og Se­lect/Ar­te­mis. I til­legg kan alle leverast med jus­ter­bar ErgoLift kol­be­kam. Ein annan de­talj er at baksjeftet på nye 303 har same pro­fil som 404. Greitt nok det, og sik­kert ein for­del pro­duk­sjons­mes­sig.

Nykonstruera gassutslepp/ladesystem er ei av dei viktigaste forandringar frå ”gamal” Sauer 303.
Nykonstruera gassutslepp/ladesystem er ei av dei viktigaste forandringar frå ”gamal” Sauer 303.

Small jamt og trutt

Et­ter gjen­nom­gan­gen av nye 303, var alt klart for test­sky­ting i sky­te­kino. Tre stasjonar med fire for­skjel­li­ge 303 i same ka­li­ber på kvar sta­sjon. Først 308 Win­ches­ter med Clas­sic XT, Synchro XT, Se­lect og Se­lect med ErgoLift kol­be­kam. Same opp­sett i 30–06 og 8x57 IS. Alle skribentar fekk prø­ve­sky­te alle rif­ler med eit va­ri­ert utval av pat­ro­ner, frå rimelege tre­nings­pat­ro­ner til pre­mi­um jakt­pat­ro­ner.

Litt pre­si­sjons­sky­ting vart det og, men dei fles­te bruka mes­te­par­ten av tida på kjapp sky­ting mot talrike villsvinflokkar med stør­re el­ler mind­re fart i sky­te­ki­no­en. Kor man­ge skot som gjekk med har eg in­gen an­ing om, men det var man­ge. Med tre skytterar i ak­sjon sam­ti­dig, der alle fekk fer­dig opp­fyl­te femskotsmagasin og kun­ne byt­te frå varm rif­le til litt mind­re varm rif­le, small det jamt og trutt. Og det utan ei einaste for­ki­ling, funk­sjons­feil el­ler klikk. Det var bare å set­te inn fullt ma­ga­sin, ta la­de­grep, tryk­ke oppspenner opp og fram og 303-en var klar til skot.

Ei av dei beste

Som forgjengaren har nye 303 like godt av­trekk som dei beste bolt­rif­ler, og med god skjef­te­form og ba­lan­se er det­te halvautorifle for kjap­pe skot på driv­jakt. Få, om nokon, halvautorifler har av­trekk i klas­se med nye Sauer 303. Om funk­sjo­nen er like sik­ker og prikk­fri som den var i den­ne før­s­te test­sky­tin­ga, kan nok ein del ettersøksjegerar med lyst på både oppspenner og halvautomat vur­de­re nye 303. Å gå som et­ter­søks­je­ger og ha ned­spent, sik­ker rif­le med pat­ron i kam­mer, og li­ke­vel umid­del­bart vere klar til kjap­pe skot mot innkomande vill­svin i tetta, er ein klar for­del sikkerheitsmessig. Til and­re et­ter­søk og, for­res­ten. Nye Sauer 303 er slett ikkje blant dei rimelegaste halvautorifler, men ab­so­lutt ei av dei beste å sky­te med.

Fakta

Endringar på nye
Sauer 303:

- Nytt slutt­styk­ke med endra lå­sing

- Nytt gassutslepp

- Ny låsefjør/returfjør

- For­krom­ma kam­mer og løp

- Bakskjefte som 404

- Black Magic av­trekk

- SUM = Sauer Uni­ver­sal Mount

- MagLock

- MUS-verk­tøy i frem­re reim­feste

Modellar:

- Clas­sic XT

- Synchro XT

- Se­lect/Ar­te­mis

- Kan leverast med ErgoLift kol­be­kam og ma­ga­sin for to og fem skot

Pat­ro­ner:

- 308 Win­ches­ter

- 30–06

- 8x57 IS

Artikkelen ble opprinnelig publisert i Jakt

Denne saken ble første gang publisert 24/07 2019, og sist oppdatert 16/07 2019.

Les også