Slik unngår du fartsbøter

Nettstad med genial metode.

Publisert

- Slik unngår du å bli tatt i politiet sine fartskontrollar, skriv den danske nettstaden «Find det billigt».

Politiet i Danmark har fått mangedobla talet «fotovogner», som dei kallar det, og det er blitt ei pengemaskin for styresmaktene, skriver Firda.

Så mange blir tekne i fartskontrollar at både politikarar og interesseorganisasjonar kritiserer kampanjen og kallar det ein skjult skatt og ekstra avgifter for bilistar.

Heilt lovleg metode

Og du kjenner kanskje kjensla, når politiet brått står der i vegkanten, og du veit at det gjekk litt vel fort her i stad?

Nettstaden har funne ein helt lovleg metode for å lure fartskontrollane.

"Metoden er heilt sikker og virkar kvar gong. Dessutan er den i skrivande stund heilt lovleg, og vi meiner det heller ikkje vil være mogleg å forby den i framtida» skriv nettstaden.

Slik gjer du:

Langs vegen står det skilt som fortel kva fartsgrensa på den aktuelle staden er. Dei ser slik ut.

Talet midt i ringen fortel kor stor fart, målt kilometer pr. time, det er lov å halde her.

Avles din eigen fart

Når du har funne ut kva fartsgrense som gjeld der du er, går du til trinn to, som er å avlese hastigheten bilen din har akkurat no. Til dette fins det eit instrument nokså sentralt plassert rett framfor deg i bilen. Det kan sjå slik ut:

For den type speedometer du ser her, finn du farten din ved å avlese det talet som pila peikar på.

No gjeld det å passe på at pila held seg på eit tal som er lågare enn det talet som sto midt i ringen på skiltet. Politiet kan nemleg berre skrive ut bøter til dei som køyrer fortare enn det som er lov.

«God fornøjelse i trafikken», avsluttar nettstaden Finddetbilligt.

Denne artikkelen ble først publisert på Firda. Les flere artikler fra dem her.