Det som er vanskeleg å snakke om

«Det er ting eg ikkje snakkar om. Ting som eg, i mitt ekstremt pratsomme og trygge ekteskap, snur ryggen til og somnar ifrå»

Også solide forhold kan ha sine ømme punkt.

FERDIGSNAKKA: - Det er kanskje det vondaste av alt. At det faktisk er utsnakka, oversnakka, ferdigsnakka og heilt utan endring. Så mange tårer for ingenting. FOTO: Privat
FERDIGSNAKKA: - Det er kanskje det vondaste av alt. At det faktisk er utsnakka, oversnakka, ferdigsnakka og heilt utan endring. Så mange tårer for ingenting. FOTO: Privat
Publisert

KOMMENTAR:

Det er ting eg ikkje snakkar om. Store ting. Sånn er det kanskje for mange. Tema som, når dei kjem opp rundt eit middagsbord, får meg til å stilna. For det er i nøyaktig den djupe dalen at eg føler meg mest einsam. Når andre snakkar ope og generøst om ting som for meg er heilt lukka, så legg det seg piggtråd i halsen. Piggtråd som eg er sikker på at skal skyta ut og øydelegga alt i sin veg om eg opnar munnen og slepper han ut.

Det er ting eg ikkje snakkar om. Ikkje mange ting. Men eit par, som er så nære at eg ikkje kan sjå dei klart, sjølv kor lenge eg ser på dei. Som å ha noko i fjeset, som ein kan ensa er der om ein kiker nedover, men berre ser som uklare fragment. Som flytarar i augekroken, som ligg fast uansett kva side du vender blikket til. Dei ligg der, dei går ikkje vekk.

Kjenne meg heil

Av og til greier eg å dra tanken lenger ut av meg sjølv, å sjå gjennom nøkkelholet lenge nok til å tenkja på korleis det skulle vore, om eg kunne fiksa det.

Mariell Øyre (26)

Forfattar, fotograf, bloggdesignar og fast spaltist for Kvinneguiden.

Frå Sognefjorden, har budd i London - men har flytta heim att til Sogn.

Står bak den populære bloggen hjartesmil.

Hausten 2013 kom debutromanen & me skal bli omskapte ut på Samlaget.

Tildelt Noregs Mållag sitt stipend.

Kanskje skulle eg kjenna meg heil på ein måte som eg aldri har gjort før. Sitja rundt det hypotetiske middagsbordet og snakka om det som noko eg kom meg gjennom, noko som gjorde meg sterkare, meir nyansert. Og eg skulle kjenna meg mektig høg på meg sjølv, som når folk har vore på fjelltur og ikkje greier å slutta å prata om alt dei har gjort, stadene dei har gått og kor tungt det var å gå dit, men dei klarte det.

Kor forløysande det skulle vore å berre skriva alt her, skriva det kjapt og trykkja på send. Og kor frustrerande at det går an å skriva om angst og fødsel, om ekteskap, om skjøre venneforhold, alt som liksom skal vera nært og personleg, men ikkje om dette.

Orkar ikkje

Men det finst ingen ork til å snakka om det, til å løysa opp knutane. Sjølv om det kanskje er diskusjonen som kunne fiksa mange ting, kunne det òg ta knekken på alt. Iallfall tenkjer eg det. Og ein mur som er halvt øydelagt, men framleis heng ihop, er betre enn ei røys av delar og bitar, som du ikkje eingong får til å stå oppreist lenger.

Det er ting eg ikkje snakkar om. Ting som eg, i mitt ekstremt pratsomme og trygge ekteskap, snur ryggen til og somnar ifrå, fordi eg ikkje orkar å seia endå ein gong: «Eg har prata om dette så mange gonger allereie».

Særleg når det er sant. Når eg ikkje eingong tillèt trøyst, for når trøysteplasteret dett av snart etterpå, er såret under akkurat like betent.

Det er kanskje det vondaste av alt. At det faktisk er utsnakka, oversnakka, ferdigsnakka og heilt utan endring. Så mange tårer for ingenting.

Held på håpet

Men som med alt anna som er så nære, syter menneskesjela mi for å lura meg til å tru at det vil bli betre ein gong. Eg er jo preprogrammert til å aldri mista håpet, sjølv kor idiotisk det måtte vera.

Så eg innbiller meg at når ting berre blir slik og slik og slik, blir det betre. Når me flyttar, når me blir foreldre, når me får sertifikatet. Omstende, omstende, omstende.

I mitt favorittdikt av Bukowski skildrar han nettopp det, det uforløyste, som er både håplaust og håpefullt samtidig. Kanskje er det difor det er favorittdiktet mitt, mantraet som spelar i hovudet dei dagane det kjennest blytungt og einsamt i nedoverspiralen. Slik går det:

there is a place in the heart that

will never be filled

a space

and even during the

best moments

and

the greatest

times

we will know it

we will know it

more than

ever

there is a place in the heart that

will never be filled

and

we will wait

and

wait

in that space.

Og der ventar eg, og ventar litt til. Og håpar at mi er ei sorg som får stilna.

Denne saken ble første gang publisert 19/07 2017.

Les også