Å vere engasjert

Kva skjedde med den vågale, uredde sekstenåringen?

Dyrk engasjementet før vaksenlivet tek deg!

VAKSEN: Kva skjedde med Malena 16 år - undrar Malena 25.
VAKSEN: Kva skjedde med Malena 16 år - undrar Malena 25. Foto: FOTO: Privat
Sist oppdatert

Malena Grov Ottesen

  • Student, 25 år i frå Stord. 
  • Føllfører ei mastergrad i musikkterapi ved UiB våren 2016.
  • Drøymer om vaksenting som fast jobb, fred i verda, likestilling og mindre stigma rundt psykisk helse og ruslidingar.
  • Skulle ønske at me heia meir på kvarandre!
  • Bidrag til skrivekonkurransen med tema «Styrke»

KOMMENTAR:

Det svir å bli vaksen. Det er ikkje det at det ikkje er godt å bli eldre, eller fint å få litt meir livserfaring. Men gud kor eg saknar den uredde, engasjerte 16 år gamle vegetarianaren i meg. Feministen, med oransjestrømpebukse og ein grøn og ein gul conversesko. Som var naiv og tenkte at alle menneskjer er gode.

Og som trudde at alle syntes det var like spennande som meg å snakke om solidaritet, miljøutfordringar, feminisme og politikk.

Blei vaksen

Sakte, men sikkert blei eg litt vaksnare og lærte at eg ikkje alltid har rett, og at det ikkje eigentleg er så mange som er interessert i å høyre om kvifor det er bra å vere vegetarianar. Eller kva som skal til for at akkurat du kan gjere verda til ein betre stad.

Difor blir eg så glad og synes det er så godt å møte ungdomspolitikaren Sunniva. Sytten år gammal, med latter som fyller heile rommet og trua på at ho kan gjere verda til ein betre stad saman med andre.

Eller engasjerte Pernilla som ikkje gir seg. Som kvar dag fortel facebookvennene sine kvifor alle menneskjer på flukt treng støtte og hjelp, fordi vi har vunne i lotto her i Skandinavia og dei har trekt det kortaste strået.  

Ein hyllest

Denne hyllesten går til alle seksten år gamle gutar og jenter som tør å spele i korps, drive med orientering, frimerkesamling eller spele sjakk. Den går til alle jentene som våga å gå på treningssenteret utan ein ny 2XU tights. Og til alle attenåringar som synes det er greitt å få mindre enn fjorten likes på instagrambilete sitt. Og til slutt, til alle dei, som føler at dei burde vere ein annan, men som likevel er seg sjølv.

UNG: UNG: Malena,17 år (til høgre) med oransje strømpebukser og full av engasjement, i lag med venninna Johanne Engevik Olsen med ein Converse av kvar farge.
UNG: UNG: Malena,17 år (til høgre) med oransje strømpebukser og full av engasjement, i lag med venninna Johanne Engevik Olsen med ein Converse av kvar farge. Foto: FOTO: Maria Haldorsen

Dette er min hyllest til alle uredde 16-20 åringar som framleis trur på at dei kan skape ei betre verd. Som ikkje er redde for at det dei seier ikkje kjem til å bli oppfatta som like viktig som det den 40 år gamle sjefen deira seier. Eg håpar de les dette no, for då vil eg seie: Ikkje slutt å våge, snakk høgt og ikkje gi deg, ver engasjert, ver usensurert, ekte og ærlig.

Ta plass!

Våg å vere deg sjølv, du kjem til å vere glad for det når du vert eldre. Eg lovar. Eg har vore der. Eg har ønskja meg ein slank kropp og interesse for dei tøffe fotballspelarane på a-laget. Men det var slitsamt å leite etter ein person i meg sjølv som ikkje var der.

Ver heller deg sjølv då. Sjå på dei andre som vågar å seie i frå, å ta partiet til dei som fell utanføre, og bli inspirert, prøv å vere litt som dei.

For ein dag sit du kanskje og ser tilbake på det, og er stolt over at du våga, og tenkjer at du saknar det. Den uredde tida, der du gav deg sjølv lov til å ta plass og å vere masse.

Arbeidslivet

Det er ikkje det at det ikkje er lov når ein vert vaksen, det er berre det at då møter du verkelegheita med hierarkiet i arbeidslivet, der det ikkje lenger betyr så mykje at du er engasjert.

For der er du kanskje yngst, eller kvinne, eller kanskje har du feil utdanning, eller eit anna morsmål, og då er du kanskje nedst i hierarkiet. Samstundes som du er blitt eldre og litt meir engsteleg for at verda ikkje er så god som du trudde.

Ver engasjert

Engsteleg for at ikkje alle er villige til å kutte ned kjøttforbruket for betre dyrevelferd og klima. For at ikkje alle har like store draumar som deg, om å bidra med utdanningsstøtte til kvinner i utviklingsland. Eller jobbe som frivillig for Røde Kors i Jordan.

Men då kan du i alle fall tenke tilbake på den tida du våga, den tida du var evig optimist og brennande engasjert, og så kan du vere litt stolt.

Og så kan du hente fram det engasjementet og den kjensla, og bruke den i vaksenlivet òg, for den er viktig enno. Både når du var seksten, tjuefem og når du er trettifem.

Denne saken ble første gang publisert 31/05 2016, og sist oppdatert 25/06 2017.

Les også