I går var samferdselsministeren til stede på Høgfjellskonferansen på Voss: Her gjengir vi deler av talen hennes:

Vinterdrift er viktig for folk og næringsliv

Stamvegane og fjellovergangane mellom aust og vest er av avgjerande tyding for landet vårt. Vegforbindelsane mellom aust og vest er viktig for begge landsdelane, for bygder og dalføre på begge sider av fjella, og for å binde saman folk og næringsliv. Noreg er inne i ein periode med sterk økonomisk vekst og høgt aktivitetsnivå i alle sektorar. Privatøkonomien er god, og det gjev auka mobilitet, me reiser oftare, og me reiser lenger. Samstundes har me eit svært transportavhengig næringsliv, spreidd utover heile landet - og her kjem me inn på noko eg verkeleg brenn for. Skal me oppretthalde busetnad i heile landet vårt, må folk ha noko å leve av, og då er det ein føresetnad at næringslivet har gode levevilkår.

På reisene mine som samferdselsminister treff eg ulike menneske ulike stader i landet. Det kan vere lokalpolitikarar, representantar for næringslivet eller såkalla "heilt vanlege folk", men dei har alle til felles at det er opptekne av at vegane skal vere opne heile året, og at dei skal kunne stole på at dei kjem fram når dei legg ut på tur over fjellet. Me blir stadig vekk kontakta av folk som ber om møte med departementet fordi dei er misnøgde med gjennomføringa av vintertenesta på fjellovergangane. Ein ting eg i allfall har oppdaga er at å vise til reknestykke som viser låg nytte i høve til kostnader ikkje fell i god jord.

Dette likevel er på ingen måte svart-kvitt. Ein av mine kjepphestar er at me må formidle til trafikantane at det er viktig at dei òg tek omsyn til vintertilhøva. Me kan ikkje køyre på same måten på vinterføre som me gjer på bare vegar - og reisetida om vinteren er ikkje den same som om sommaren. Alle må tilpasse seg køyreforholda, og la bilen stå om tilhøva krev det.

Diverre er det for mange førarar, det vere seg både norske og utanlandske, som ikkje er klar over - eller syner den naudsynte respekt for - dei vanskelege tilhøva ein ofte kan møte vinterstid. Mange tunge køyrety får problem på norske vintervegar, og vert ståande fast eller køyrer av vegen. Det får fylgjer for framkoma og trafikktryggleiken. Sist haust gav eg difor Vegdirektoratet i oppdrag å sjå på ei rekkje tiltak for å bøte på dette problemet.

Tryggleik både for trafikantane og for brøytemannskapa alltid vere det aller viktigaste. Me kan ikkje halde opne vegane om det ikkje er forsvarleg, og me kan ikkje utsetje brøytemannskap for fare. Folk må ha forståing for at vegar av og til må stengjast og at trafikkavviklinga må skje kontrollert - ved kollonnekøyring - når det er dårlig sikt. Her er informasjon eit nøkkelord, som så ofte elles. Det er det viktig at me ved mellombels stenging, kollonnekøyring eller liknande klarar å kommunisere at dette blir gjort av omsyn til tryggleiken.

Når det er sagt: det er viktig å prioritere slik at det i alle fall er minst ein vintersikker veg mellom det vareproduserande Vestlandet og marknaden på Austlandet og i utlandet. Statens vegvesen og entreprenørane må stå på slik at vegane kan opnast raskt når tilhøva betrar seg. Eg veit godt at brøytemannskap landet gjer ein imponerande innsats for å halde vegane våre opne, og set stor pris på det store arbeidet som kvar vinter blir lagt ned av alle som utfører vinterdrift på vegane våre. Her er det mange som står på og gjer ein kjempejobb, i all slags vêr og til alle døgnets tider - og som ofte får kjeft for vanskelege køyreforhold dei ikkje kan noko for.

Les hele saken

Svein-Ove Arnesenredaktør tungt.no

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep, og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!