Mo har brukt flere tiår på å dokumentere trendene i norsk samferdsel og han mener trendene alle peker i samme retning: Samfunnet organiserer ikke samferdselen riktig. Det får alvorlige konsekvenser for miljøet og økonomien.

Mo er utdannet økonom og har de siste årene vært spesialrådgiver i regionalavdelingen i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Gjennom 12 år som konsulent i Statistisk Sentralbyrå var han sentral i oppbyggingen av det statistiske grunnlaget og retningslinjene for samferdselsstatistikken i Norge. Han bygget opp og drev i en årrekke Lastebilundersøkelsene og Godstransportundersøkelsene på kysten.

Ved overføring av all person- og godstransport på bane til ekspressbusser og store trailere kan staten i løpet av 10 år spare inn 120 mrd. kroner som kan gå til utbygging av et godt veinett, skriver Mo i dette innlegget:

Utbyggingsplan for ei meir miljøvenleg norsk samferdsle

I kronikken "Den miljøvenlege traileren" trykket i Samferdsel nr 1. 2011(TØI) gjorde eg merksam på at den person- og godstransporten på bane som årleg kostar 16 mrd kr kan utførast i eit godt vegnett for 4 mrd kr medrekna rett betaling for vegbruk.

Ved overføring av all person- og godstransport på bane til ekspressbussar og store trailerar kan staten i løpet av 10 år spare inn 120 mrd kr som kan gå til utbygging av eit godt vegnett.

Eg reknar med at nokre få jernbanestrekningar, slik som Gardermoen- Oslo - Drammen og Oslo - Moss vert haldne oppe og at eventuelle driftsunderskot der vert betalte lokalt. Vidare gjorde eg merksam på at den overførte trafikken til vegnettet ville bruke langt mindre energi i direkte og indirekte former enn den som nå vert utført på jernbane, serleg fordi den indirekte energibruken ville verte sterkt redusert, og den utgjer truleg 70 % av all energibruk ved norsk jernbanedrift.

Eg vil føreslå ei slik finansiering av eit betre stamvegnett over 10 år med tanke på låge fraktprisar for gods og kollektivtransport og stor reduksjon i globale CO2-utslepp:

1. Innspara statlege jernbanetilskot 120 mrd kr

2. Ordinære statlege veginvesteringar 60 mrd kr

3. Bompengar 40 mrd kr

Sum for utvikling av eit meir effektivt stamvegnett 220 mrd kr

Midlane ville eg bruke slik spesielt med tanke på utvikling av kollektivtransport i vegnettet:

1. 4-felts motorveg Drammen - Odda 40 mrd kr

2. 4-felts motorveg Stavanger - Bergen 40 mrd kr

3. 4-felts motorveg Lillehammer og nordover i retning Trondheim 60 mrd kr

4. 4-felts motorveg Moss - Horten (Undersjøisk tunnel) 6 mrd kr

5. 4-felts motorveg Oslofjordtunnel med god oppkopling vestover (2 nye felt) 6 mrd kr

6. 4-felts motorveg E18 i tunnel mot Oslo med to kollektivfelt Moss- Oslo 10 mrd kr

7. Andre utbetringar i stamvegnettet med tanke på effektiv kollektivtransport 48 mrd kr

Sum for utvikling av eit meir effektivt stamvegnett fordelt på tiltak 220 mrd kr

Dei oppstilte prosjekta kjem i tillegg til dei som er bestemt oppstarta i NTP 2010-19 og føreslegne investeringar er skjønsmessige. Når det skisserte vegnettet er på plass kan det stillast opp eit nytt nasjonalt stamrutenett på basert på ekspressbussdrift på 15.000 km vegar som går innom dei fleste kommune og skulesenter i alle delar av landet.

Mesteparten av trafikken vil verte utført på svært gode og raske vegar. For at bussane skal konkurrere med bil og fly som har tre til åtte gonger så stor energibruk pr personkm, bør brukarane ikkje betale meir enn 30 øre pr personkm eller 115 kr for ein billett Oslo - Bergen på ein 38 mil lang veg over Haukeli.

Køyretida Oslo - Bergen/Haugesund med direkte ekspressbussar vil bli om lag 4 timar, mot 6,5 timar på Bergensbana Oslo - Bergen i dag. 1800 bussar som kvar køyrer 250.000 km årleg, vil produsere 15 mrd personkm i vel halvfulle bussar og få 5 mrd kr i billettinntekter.

Då må staten inn med 5 mrd kr i tilskot som utgjer 30 øre pr personkm. Bussane har då betalt riktig for vegbruk gjennom dieselavgifta. Tilskotet bør ikkje vere noko problem når staten i dag er villig til å støtte kvar utført personkm på bane med 400 øre medrekna kostnader til køyreveg.

Reduserte framtidige årlege tilskot på 12 mrd kr til bane som berre produserer 2,5 mrd personkm vil dekke alle tilskota til den omfattande bussdrifta.

Idar Mo, Sogndal

Les hele saken

Svein-Ove Arnesenredaktør tungt.no

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep, og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!