23948sdkhjf

Navarsete på Schenker forum

Sam ferdselsminister Liv Signe Navarsete åpnet i formiddag Schencker- forum . Her et deler av talen hennes, under tittelen "Næringslivets transportbehov":

No har eg snakka ein del om miljøtiltaka våre. Sjølv om dagens tema er miljø, har eg også lyst å nytte det at eg er her med dykk i dag til å snakke litt om eit av mine politiske hjartebarn, næringslivets transportbehov. Lange avstandar og vanskeleg geografi gjer at gode transportmoglegheiter er eit overordna spørsmål, om ein produserer for eksport eller heimemarknaden.

Det er store verdiar som dagleg blir flytta rundt på norske vegar. Mange lager finst på vegen til kvar tid. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda må vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om ho ikkje kan avløysast av fast samband etc. Næringslivet vårt har vanskelegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land. Dette må me avbøte så godt me kan, mellom anna gjennom ein velfungerande infrastruktur. Eg er oppteken av at me må ha ein rutevis gjennomgåande standard mellom by og land, tettbygde og meir grisgrendte strok. Det er òg viktig med velfungerande korridorar til (omlastings) terminalar, knutepunkt og eksportmarknadane i utlandet.

Eg vil òg bidra til "smartare" godstransport og logistikkløysingar som vil gje næringslivet konkurransefortrinn og bidra til meir effektiv og miljøvenleg transport. I 2007 etablerte me difor i 2007 det såkalla SMARTRANS-programmet i regi av Norges Forskingsråd, eit program som skal gå fram til 2013. For 2009 har me løyva 21 millionar til programmet. Eg er glad for at det verkar vere aukande vilje i næringslivet til å medverke aktivt og økonomisk for å skape gode prosjekt saman med oss. Eg har òg tru på auka bruk av ITS for å effektivisere logistikken, utan at eg vil bruke mykje tid på å snakke om det no.

Me har systematisk arbeidd for å auke kapasiteten og effektiviteten for godstransport på jernbana, mellom anna gjennom auka innsats i høve til terminalutvikling, bygging av kryssingsspor og auka aksellast.

Då eg kom inn i kontora blei eg fortalt at dei særnorske reglane for vogntog gjekk ut på dato og at det var dødfødt å kjempa for å få dei vidareført. Eg er veldig stolt av at vi saman klarde å overtyda EU-kommisjonen at det var klokt, mellom anna av trafikksikkerheitsomsyn, at vi fekk lov å vidareføre våre vogntog. Næringa sparte og store summar på dette.

Eg har og vore opptatt av å løfte fram den viktige rolla logistikknæringa har for heile samfunnet og få fram kor mykje bra som gjerast i høve til mellom anna trafikktryggleik og miljø. Eg er stolt av transportnæringa og tykkjer det er viktig å ta godt vare på alle dei tusenar som kvar dag gjer ein kjempejobb, og som landet vårt er så avhengige av.

Særlig langtransportsjåførane kan ha ein tøff kvardag. Eg er oppteken av at vi gjer meir for å gjera deira kvardag enklare. Det handlar om framkome, betre vedlikehald, trafikktryggleik og betre drift av vintervegane. Eg meiner likevel det og må gjerast langt meir for at dei skal få betre arbeidstilhøve også når dei ikkje er på sjølve vegen. Som ein del av det NTP arbeidet som nå går er det difor starta eit systematisk arbeid med å kartleggje behovet og planleggje nye raste- og kvileplassar for tungtransporten.

Jernbanesatsinga

Eit av dei viktigaste tiltak for næringslivets transportar i årets statsbudsjett er satsinga på å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. I statsbudsjettet for 2009 er om lag 580 millionar kroner sette av til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru og midlar til kryssingsspor på Østfold-, Gjøvik- og Sørlandsbanen og fleire andre tiltak for å auke kapasiteten på jernbanenettet. Dette vil òg stå sentralt i ny NTP.

Budsjettet for 2009 er eit godt miljøbudsjett blant anna fordi budsjettet for Jernbaneverket er det beste i moderne tid - om ein ser bort frå dei åra der statlege lån til utbygging av Gardermobana var på sitt høgaste. Samla budsjettframlegg for Jernbaneverket ligg om lag 1,2 mrd. kr over det årlege nivået i inneverande transportplan. Auka i driftsmidlar er på 12 pst. frå saldert budsjett 2008. Når det gjeld investeringar, er det budsjettert med ei auke på heile 36 pst. frå saldert budsjett 2008. Slik ser dette ut - om me samanliknar med førre regjering.

Eg tykkjer årets statsbudsjett viser at me verkeleg gjennomfører ei gradvis omlegging av transportpolitikken, med stadig større "grønt fokus". Me brukar økonomiske verkemiddel og reguleringar for å endre folks forbruksvanar. Eg trur me vil sjå heilt konkrete effektar av dei grepa me no gjer. Men styresmaktene kan ikkje redde miljøet åleine, me er særs avhengige av at de i næringslivet er aktive og pådrivarar for meir miljøvenleg transport. Eg vil avslutte der eg starta, med ein hjarteleg tak til Schenker for at de set miljøet i framsetet. Det håpar eg de vil halde fram med, og eg ser fram til å samarbeide med dykk også i framtida.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.094