23948sdkhjf

Utlyser anbud på 19 flyplasser

Samferdselsdepartementet utlyser anbud på drift av 19 flyruter i hele landet.

I meldingen fra SD heter det:

- Eit godt tilbod av flyruter på dei regionale flyplassane er viktig for å sikre effektiv og sikker transport for folk og næringsliv i distrikta. No sørgjer vi for at alle regionale flyplassar får minst to daglege avgangar. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet i dag har utlyst anbod for drift av flyruter til og frå 19 regionale lufthamner i Noreg.

Anbodet som gjeld rutedrift på regionale flyruter i Noreg frå 1. april 2009, er lyst ut i heile EU/EØS-området og flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod. Anbodet omfattar totalt transport av om lag 850 000 passasjerar i året. Frist for innlevering av anbod til Samferdselsdepartementet er sett til 3. november 2008. Einerett til drift av rutene vil bli gitt til dei flyselskapa som har dei lågaste krava til godtgjersle frå staten. Flyselskap som får einerett til slik rutedrift må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området.

I samband med anbodet har Samferdselsdepartementet fastsett nye krav til flyrutedrifta etter regelverket i rådsforordning (EØF) nr. 2408/92 av 23. juli 1992 om tilgjenge for EF-luftfartsselskapa til flyruter innanfor Fellesskapet. Anboda må oppfylle desse krava som mellom anna gjeld maksimale billettprisar, setekapasitet og talet på flygingar på strekningane.

Anbodet gjeld ruteflygingar på desse strekningane:

Ruteområde 1 Lakselv-Tromsø

Ruteområde 2 Andenes-Bodø, Andenes-Tromsø

Ruteområde 3 Svolvær-Bodø

Ruteområde 4 Leknes-Bodø

Ruteområde 5 Røst-Bodø

Ruteområde 6 Narvik (Framnes)-Bodø

Ruteområde 7 Brønnøysund-Bodø, Brønnøysund-Trondheim v.v.

Ruteområde 8 Sandnessjøen-Bodø, Sandnessjøen-Trondheim

Ruteområde 9 Mo i Rana-Bodø, Mo i Rana-Trondheim

Ruteområde 10 Mosjøen-Bodø, Mosjøen-Trondheim

Ruteområde 11 Namsos-Trondheim, Rørvik-Trondheim

Ruteområde 12 Florø-Oslo, Florø-Bergen

Ruteområde 13 Førde-Oslo, Førde-Bergen

Ruteområde 14 Sogndal-Oslo, Sogndal-Bergen

Ruteområde 15 Sandane-Oslo, Sandane-Bergen

Ruteområde 16 Ørsta-Volda-Oslo, Ørsta-Volda-Bergen

Ruteområde 17 Fagernes-Oslo

Ruteområde 18 Røros-Oslo

Kapasitet og frekvensar er justert i tråd med trafikken som er venta på rutene.

Ruteområda er òg blitt justert, slik at det nå er ei inndeling i 18 ruteområde, mot tidlegare 16. Krav til flytype er ikkje endra frå førre anbodsrunde.

Val av flyselskap vil skje tidlegast 5. januar 2009. Dei nye kontraktane for flyrutedrift vil gjelde i tre år frå 1. april neste år.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.062