Aftenposten omtalar på leiarplass 26. september Riksrevisjonen sin rapport om drift og vedlikehald av vegnettet. Ein slår fast at "mer enn halvparten av arbeidet som er gjort, står til stryk" og at "det finnes rett og slett ingen intern rapportering som gir pålitelig informasjon om forholdene".

Riksrevisjonen har påpeikt forhold som eg tek på største alvor. Dei peikar på mangelfull utføring av driftsarbeidet på ei rekkje strekningar, omfattande manglar i styringssystemet og mangelfull konkurranse. Samstundes ser dei òg ei positiv utvikling på ein del område, mellom anna at Vegdirektoratet har innført sanksjonar som vil sikre betre kvalitet på arbeidet.

Eg har heilt sidan vi overtok hatt sterkt fokus på utføringa av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene. Blant anna har transportnæringa peika på at driftsstandarden på vegane har vorte meir ujamn. Eg har difor teke opp funksjonskontraktane med Vegdirektoratet, og har bede om særskilte rapportar om dette. Vegdirektoratet har dei siste par åra sett i verk fleire tiltak for å forbetre funksjonskontraktane.

Vi har såleis starta arbeidet for å endre mykje av det Riksrevisjonen peikar på. Vilkåra i funksjonskontraktane, som entreprenørane har med Statens vegvesen, skal bli meir detaljerte. Oppfølginga og sanksjonane ved brot skal vere strengare, og det blir stilt strengare krav i dei funksjonskontraktane som no lysast ut. Dei økonomiske konsekvensane blir større for entreprenørar som ikkje oppfyller vilkåra i kontraktane. Nytt rapporteringssystem frå Statens vegvesen til Samferdselsdepartementet vert sett i verk frå 2010.

Eg har òg sett behovet for ein meir djuptgripande gjennomgang, og varsla i mars ei evaluering av konkurranseutsetjinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene. Bakgrunnen for dette var òg den store kostnadsauken som har vore ved rullering av kontraktane etter fem år, i 2008 og 2009. Evalueringa blir ferdig i mars 2010, og eg vil ikkje utelukke at det då kan bli aktuelt å ta større grep.

Entreprenørnæringa ivra for utskiljing av produksjonsverksemda i Statens vegvesen og full konkurranseutsetjing. Riksrevisjonen stadfestar at det er entreprenørar som ikkje gjer det arbeidet dei har påtatt seg gjennom kontraktane, og dette går ut over brukarane.

Den næringa som ønska konkurranseutsetjing, har heller ikkje gått inn i denne marknaden med full tyngde. Hadde entreprenørane vist like stor interesse no som dei gjorde før utskiljinga, ville konkurransen i dag ha vore betre.

Les hele saken

Svein-Ove Arnesenredaktør tungt.no

Vi setter stor pris på kommentarer og innspill i debattene våre. Vær forsiktig med personangrep, og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Takk for at du bidrar i debatten!