Les det gripende brevet:

Årets venninne 2008

Kåringen av Årets venninne var ingen lett jobb. Det finnes nemlig så utrolig mange flotte, omsorgsfulle og fantastiske venninner rundt om i landet! Men ett spesielt vennskap skilte seg ut.

Elisabeth Jensen (32) og Anitra Kringstad Flem (33).
Elisabeth Jensen (32) og Anitra Kringstad Flem (33). Foto: Veslemøy Vråskar
Sist oppdatert

Les hva Anitra Kringstad Flem skrev til oss, så forstår du hvorfor vi valgte nettopp hennes brev:

Kjære Kamille,

Eg har verdas beste venninne som heiter Elisabeth Jensen. Vi har kjent kvarandre sidan vi var sju og åtte år, hang saman som erteris i tenåra og flytta etterkvart til same by for å studere. Elisabeth fant kjærleiken i Bergen, mens eg vart godt gift på heimplassen vår, Langevåg utanfor Ålesund.

Gjennom livets opp- og nedturar har det alltid vore Elisabeth eg har søkt råd og trøst hos, eller delt livets gleder med. Ho er full av visdom og klokskap og har alltid eit lyttande øyre og gode ord på lur.

Men den 4. april 2008 hendte det noko som endra livet vårt totalt. Den yngste guten vår, Erlend på 2 1/2 år, drukna i elva som renn forbi huset vårt. Livet sto ikkje til å redde og klokka 20.15 den kvelden døydde Erlend i armane mine. Verda rasa saman for meg og for mannen min, Eivind, storebror Roald på åtte år og Oliver på fem.

Elisabeth er sjølv mor til to gutar på to og fire år, og var på den tida åleine. Ho fekk plassert gutane, fekk fri frå jobben og tok første flyet hit for å støtte oss i den tunge tida og hjelpe til med alt det praktiske. Ho var heilt fantastisk, og utan Elisabeth si støtte og hjelp, hadde eg ikke vore der eg er i dag.

Ho hugsar desse merkedagane etter at Erlend døydde; ein måned sidan, to månader sidan, og så vidare, og det betyr så mykje! Ser ho eit fint kort, ein liten engel eller ei god bok, sender ho det til meg. Når ho er heime i Langevåg, går ho på grava til Erlend. Sjøl har Elisabeth hatt ei tøff tid det siste året, men ho set bestandig andre framfor seg sjølv og stiller alltid opp. Eg set umåtelig stor pris på henne, og vennskapet vårt vaktar eg som ein dyrebar skatt! Etter denne tragiske hendinga har banda mellom oss blitt enda sterkare, og no veit eg at dei vil vare livet ut.

Hilsen Anitra Kringstad Flem

Les Kamilles reportasje om Anitra og Elisabeth her.

Denne saken ble første gang publisert 05/01 2009, og sist oppdatert 05/05 2017.

Les også