VALD OG LIKESTILLING

Vald som blir meldt til politiet rammer oftast menn

Så kvifor er «vald mot kvinner» eit eige samfunnsproblem?

VALD MOT KVINNER: - Fridom frå vald og overgrep er ein føresetnad for likestilling, meiner Helga Eggebø. I morgon er det den internasjonale dagen mot vald mot kvinner.

VALD MOT KVINNER: - Fridom frå vald og overgrep er ein føresetnad for likestilling, meiner Helga Eggebø. I morgon er det den internasjonale dagen mot vald mot kvinner. Foto: FOTO: Privat

Publisert Oppdatert

Helga Eggebø

  • Sosiolog og bloggar. Har bloggen www.helgaeggebo.no
  • Skal holde foredrag på Litteraturhuset i morgon, under temaet «Vold mot kvinner».
  • Arrangementet er gratis og ope for alle.
  • I morgon er den internasjonale dagen mot vald mot kvinner.

KOMMENTAR:

Vald mot kvinner har vore ei viktig sak for kvinnerørsla sidan stemmerettskampen. Den nye kvinnerørsla på 1970-talet omdefinerte vald i nære relasjonar frå «husbråk» til «kvinnemishandling». Dei sette vald mot kvinner på den politiske dagsordenen, og stod i spissen for utviklinga av hjelpetilbod og rettar for valdsutsette. Kvinnerørsla såg valden som eit uttrykk for og eit resultat av menn sin overordna maktposisjon i samfunnet.

Likevel er menn utsette for størstedelen av dei politimelde valdsbrota. Så kvifor handlar regjeringas likestillingsmelding om den valden som i hovudsak rammer kvinner?

Annan type vald

Kvinner blir i langt større grad enn menn utsette for seksuell trakassering, valdtekt, alvorleg vald i nære relasjonar og partnardrap. Menn på den andre sida er mest utsette for vald i offentlegheita, utøvd av framande på kvelds- og nattetid.

Medan vald i offentlegheita vanlegvis blir omtala som eit kriminalitetsproblem, er det tradisjon for å sjå på vald i nære relasjonar som eit likestillingsproblem.

Ulik makt

Éi årsak til at alvorleg vald i nære relasjonar blir sett på som eit likestillingsproblem, er at langt fleire kvinner (9,2 %) enn menn (1,9 %) er utsette. Den alvorlege valden føregår dessutan i relasjonar prega av maktulikskap, der mannen kontrollerer den kvinnelege partnaren.

Dersom valden er eit resultat av mangel på likestilling i parforholdet, skulle ein tru at der er mindre partnarvald blant likestilte par og i likestilte land. Men eksisterande forsking støtter ikkje nødvendigvis den hypotesen.

Nokre studiar tyder på at kvinner som har høgare sosial status enn partnaren er meir utsette for vald. Nokre studiar tyder på det motsette, medan andre ikkje finn nokon samanheng i det heile. Dessutan er det relativt likestilte Norden som har dei høgaste valdstala i Europa.

Årsaka kan tenkast å vera at fleire rapporterer fordi vald er mindre tabu i Norden. Men ein kan uansett slå fast at vald i nære relasjonar ikkje har opphøyrd med auka grad av likestilling, slik kvinnene på 70-talet håpa på.

Ny definisjon av likestilling

Dei siste tiåra har vår forståing av likestilling endra seg. No er det meir fokus også på menn. Likestillingsomgrepet er utvida til å inkludera etnisitet, hudfarge, religion, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og funksjonsevne.

Eit utvida likestillingsomgrep er definitivt relevant for å forstå kven som er utsette for vald. Ein av ti personar med nedsett funksjonsevne har vore utsett for vald eller trugsmål. Dette er langt fleire enn i resten av befolkninga.

Marginaliserte

Jødar, muslimar og svarte blir, i likeskap med lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, utsette for vald fordi dei tilhøyrer minoritetsgrupper. Forskinga viser dessutan tydeleg at personar med dårleg økonomi, låg utdanning og rusproblem er langt meir utsette for vald enn befolkninga elles.

Hovudbilde er at personar i ein marginalisert posisjon er meir utsette for vald.

Men same kva form for vald det er snakk om og kven som er offeret, er det i all hovudsak menn som er valdsutøvarar.

Kva kan vera grunnen til det?

Mannsrolla

Nokon vil meina at det er på grunn av fysikk og kjønnshormon. Kritiske mannsforskarar derimot har vist korleis vald gjerne blir sett på som ein naturleg og akseptert del av det å vera mann. Ein kultur som idylliserer menn som er sterke, usårlege og tar ein slåsskamp, bidrar til å oppretthalda valden. I så fall er endring i mannsrolla nøkkelen til å hindra vald.

Samansett problem

Det er med andre ord ei rekke ulike samanhengar mellom vald og likestilling. For det første er det ein historisk tradisjon for å sjå vald mot kvinner som eit likestillingsproblem, fordi det har vore eit sentralt kvinnepolitisk spørsmål.

For det andre viser forskinga, om enn ikkje eintydig, at der er samanheng mellom vald i nære relasjonar og graden av likestilling i familien.

For det tredje blir minoritetsgrupper utsette for vald, fordi dei har ein marginalisert posisjon i samfunnet.

Til slutt vil eg slå fast at fridom frå vald og overgrep er ein føresetnad for likestilling - forstått som samfunnsdeltaking på like vilkår.

Vil du lese flere kommentarer fra bra damer?  Meld deg på vårt nyhetsbrev og følg Kvinneguiden på Facebook!

Se flere saker fra: Lurer du på hvorfor du også bør kalle deg feminist?
«Daglig leder lastet ned nakenbilder på firmaets dropbox»

Diskriminert på jobben

«Daglig leder lastet ned nakenbilder på firmaets dropbox»
Elonë (20) har fått drapstrusler for måten hun sprer budskapet sitt

Feministisk kampanje mot voldtekt

Elonë (20) har fått drapstrusler for måten hun sprer budskapet sitt
Søkte etter

DISKRIMINERENDE JOBBANNONSER

Søkte etter "husmor" og "arbeidskar" i jobbannonse
- Hun inviterte fem mannlige politikere av gangen for å overbevise dem

Kampen for likestilling

- Hun inviterte fem mannlige politikere av gangen for å overbevise dem
Ble gravid, fikk sparken

Diskriminering av gravide

Ble gravid, fikk sparken
- Jeg har brukt et halvt århundre på å se filmer som er av, for og om menn. Nå er det nok.

Kjønnsbalanse på film

- Jeg har brukt et halvt århundre på å se filmer som er av, for og om menn. Nå er det nok.
Vil vi bruke donor om det er eneste mulighet til å få barn?

Forbud mot eggdonasjon

Vil vi bruke donor om det er eneste mulighet til å få barn?
Je suis Sophie Elise

Blogger Sophie Elise som forbilde

Je suis Sophie Elise
Derfor er det dumt å si at «alle kvinner er vakre»

Skjønnhetstyranni

Derfor er det dumt å si at «alle kvinner er vakre»
- Ikke vær så jentete, Isabelle!

Kommentar om kjønnsstereotyper

- Ikke vær så jentete, Isabelle!
Sersjanten traff nyfødte babyer rammet av tyfon

Amming i forsvaret

Sersjanten traff nyfødte babyer rammet av tyfon
 - Jeg barberer meg ikke. Og jeg skammer meg heller ikke

Kroppshår på kvinner

- Jeg barberer meg ikke. Og jeg skammer meg heller ikke
Til alle gutar som ser jenter inn i augene og ikkje ned i kløfta

Bra menn

Til alle gutar som ser jenter inn i augene og ikkje ned i kløfta
Ikke si at du gikk glipp av disse hashtagene?

Twitter-kampanjer

Ikke si at du gikk glipp av disse hashtagene?
- Jeg ble stadig vekk kalt «sjefete»

Kommentar om kvinnelige ledere

- Jeg ble stadig vekk kalt «sjefete»
- Å se døde Da'esh øker kampviljen min 100 prosent

Kvinner som slåss mot IS

- Å se døde Da'esh øker kampviljen min 100 prosent
Vald som blir meldt til politiet rammer oftast menn

VALD OG LIKESTILLING

Vald som blir meldt til politiet rammer oftast menn
Hva om vi oppdro sønnene våre som døtrene våre?

Kjønnsroller og barn

Hva om vi oppdro sønnene våre som døtrene våre?
Snakk om god grunn til å ta selfie

Stemmerett for kvinner i Saudi-Arabia

Snakk om god grunn til å ta selfie
Det er naturlig å ha vondt når noe  unaturlig skjer med foten

Høye hæler

Det er naturlig å ha vondt når noe unaturlig skjer med foten
«Hvorfor nekter feministene for at det er forskjell på mann og kvinne?»

Feminisme og biologi

«Hvorfor nekter feministene for at det er forskjell på mann og kvinne?»
Det er ikke meg, det er dem!

KVOTERING I NÆRINGSLIVET:

Det er ikke meg, det er dem!
- En del voksne reagerer på kjønnsorganene

Naturtro dukker til barn

- En del voksne reagerer på kjønnsorganene
- Er ikke kvinner født til å like å stå på kjøkkenet?

Feminisme i Norge

- Er ikke kvinner født til å like å stå på kjøkkenet?
- Det et veldig rart å ikke tørre å innrømme at du er feminist

Film om suffragetter

- Det et veldig rart å ikke tørre å innrømme at du er feminist

Nyttige tjenester

FORUM

Underholdning